3. Forholdet til anna lovgiving og folkerettslege avtaler

Ved ei oppheving av ervervslova fell unntaket i konsesjonslova § 2 femte ledd bort. Dette inneber at konsesjonsplikta etter konsesjonslova på nytt tek til å gjelda ved aksje- og bedriftsovertakingar i dei tilfella bedrifta eig fast eigedom som vil utløyse konsesjonsplikt.

Landbruksdepartementet tek i samband med revisjon av konsesjonslova sikte på å sende ut eit høyringsnotat i løpet av våren 2002. Lovendringar kan truleg tre i kraft frå 1. januar 2004. Landbruksdepartementet meiner at det i perioden frå ei eventuell oppheving av ervervslova og fram til 1. januar 2004 vil føre med seg store omstillingskostnader å etablere ei mellombels løysing og at det difor er betre å avvente dei nye reglane som vert førebudd. Nærings- og handelsdepartementet er etter omstenda samde med Landbruksdepartementet i dette. Sjølv om konsesjonsplikta vert utløyst for nokre av dei erverva som i dag er meldepliktige, vil det vere eit fåtal tilfelle, og med dei signala som Landbruksdepartementet har gitt om ei lempelegare praktisering av unntaksføresegna som allereie er i konsesjonslova, bør det ikkje innførast ei mellombels føresegn.

Departementet forstår vidare Landbruksdepartementet slik at fastsette konsesjonsvilkår bør bli ståande inntil ny konsesjonslov trer i kraft. I høve til å oppheve tidlegare vilkår etter konsesjonslova, er det ikkje noko avgjerande som talar imot å oppheve vilkåra fastsett av departementet for utanlandske rettssubjekt, medan vilkåra fastsett av Landbruksdepartementet for norske rettssubjekt framleis gjeld. Departementet vil derfor foreslå at vilkåra etter konsesjonslova frå 1974 fastsett av det tidlegare Industridepartementet, Næringsdepartementet og Nærings- og energidepartementet fell bort ved opphevinga av ervervslova. Også vilkåra etter industrikonsesjonslova frå 1917 fell bort.

Det vert vidare lagt til grunn at opphevinga av ervervslova ikkje får negative verknader for konkurransestyresmaktenes oppgåver etter konkurranselovgivinga.

Departementet har hatt ein gjennomgang av reguleringar i andre land som det er naturleg for Noreg å samanlikne seg med. Så langt ein har kunna finne ut, er det berre Canada som har tilsvarande lovverk som ervervslova. I EØS-området er det berre Noreg som har ein generell styresmaktskontroll med eigarskifte i næringslivet. I somme EU-land er det reguleringar innan enkelte bransjar.

EFTAs overvakingsorgan (EFTA Surveillance Authority) har i opningsbrev datert 24. mars 2000 hevda at ervervslova er i strid med EØS-avtalen. ESA hevdar at artikkel 31 og artikkel 40 no må tolkast som at dei og inneheld eit reint restriksjonsforbod. Dette omfattar nasjonale, ikkje diskriminerande reglar som hindrar eller gjer det vanskeleg å utøve dei grunnleggjande fridomane, som etablering og fri flyt av kapital. Slike nasjonale reglar kan etter ESAs meining berre godtakast dersom dei er grunngitt ut frå tvingande allmenne omsyn, og ikkje er i strid med proporsjonalitetsprinsippet. Enkelte av høyringsinstansane har knytt kommentarar til forholdet mellom ervervslova og EØS-avtalen. Med utgangspunkt i departementets konklusjon om at lova bør opphevast fordi ho har utspelt rolla si som eit næringspolitisk verkemiddel, har ein ikkje sett det som nødvendig å vurdere merknadene verken frå ESA eller høyringsinstansane vidare.