1.1 Innleiing

Departementet fremjar i proposisjonen framlegg om endring i lov om forsøk i offentleg forvaltning. Bakgrunnen for framlegget er St.meld. nr. 19 (2001-2002) Nye oppgaver for lokaldemokratiet - regionalt og lokalt nivå, og Innst. S. nr. 268 (2001-2002) frå kommunalkomiteen. I stortingsmeldinga tok Regjeringa til orde for at det blei sett i gang forsøk med å organisere fylkesmannsembetet og fylkeskommunen i eitt felles forvaltningsorgan, einskapsfylket. Fleirtalet i kommunalkomiteen støtta i innstillinga framlegget frå Regjeringa.

1.2 Bakgrunnen for proposisjonen

I proposisjonen er det ei oversikt over det formelle juridiske grunnlaget for verksemda til fylkeskommunen og fylkesmannen. Det blir vist til at grunnlaget for fylkeskommunen er å finne i lov om kommunar og fylkeskommunar (kommunelova) og i vallova, medan rolla til fylkesmannen som regionalt forvaltningsorgan ikkje er underlagt generell regulering i lov.

Det er også gjeve ein omtale av forsøkslova, av formål, system og avgrensingar, og kvifor departementet meiner det må til ei lovendring for å kunne setje i gang forsøk med einskapsfylke. I einskapsfylket vil fylkeskommunen og fylkesmannsembetet bli integrerte i eit felles regionalt organ, underlagt felles administrativ leiing. Ei slik organisatorisk justering ligg utanfor det forsøkslova direkte har teke sikte på å regulere. Etter departementet sitt syn vil eit forsøk med einskapsfylke ha eit slik omfang og endre det regionale forvaltningssystemet på ein slik måte at det er naturleg å ta inn ein særskild og eksplisitt heimel i forsøkslova.

Vidare er det gjeve ein nærare omtale av kva det ligg i omgrepet "einskapsfylke" og om nokre organisatoriske utfordringar knytte til klage, tilsyn og kontroll og til oppgåver som krev nasjonale heilskapsgrep. Det vil vere opp til dei aktuelle fylka å utforme forsøket, gjere greie for korleis forsøket skal gjennomførast og korleis ein skal ta vare på dei ulike omsyna. Det er også teke inn ein kort omtale av dei søknadene departementet har fått inn til no, og korleis den vidare prosessen er lagt opp.

1.3 Vurdering og framlegg frå departementet

Departementet meiner at heimelen i forsøkslova som opnar for å godkjenne forsøk med einskapsfylke, bør utformast som ein avgrensa heimel for forsøk med den typen einskapsfylke som er omtalt i St.meld. nr. 19 (2001-2002).

I samband med ein seinare fullstendig gjennomgang og evaluering av forsøkslova kan det vere aktuelt å vurdere om lova bør supplerast med ein særskild heimel for forsøk som gjeld sjølve forvaltningsstrukturen. Den endringa i forsøkslova som det kjem framlegg om her, er berre meint som ein heimel for dette aktuelle forsøket.

Ei naturleg tolking av ein særskild heimel for forsøk med einskapsfylke, vil vere at det i samband med forsøket er tillate å gjere alle regelavvik som er nødvendige for å gjennomføre forsøket, uavhengig av kor grunnleggjande ein kan seie at reglane er - innanfor eksisterande forvaltningsstruktur. For å gjere dette forholdet heilt eksplisitt, føreslår departementet at det likevel blir presisert i heimelen at forsøk med einskapsfylke kan godkjennast uavhengig av avgrensinga i § 4 a). Det blir lagt til grunn at eventuelle avvik ikkje skal godkjennast i vidare utstrekning enn det som krevst for ei formålstenleg gjennomføring av forsøket.

Departementet føreslår å ta heimelen til å drive med forsøk med einskapsfylke inn som ein ny bokstav d) i § 3 i forsøkslova, som fastset kva forsøk etter forsøkslova kan omfatte.