2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Eirin Faldet, Trond Giske og Torny Pedersen, fra Høyre, Afshan Rafiq, lederen Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, fra Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May Hansen, fra Kristelig Folkeparti, Dagrun Eriksen og Ola T. Lånke, og fra Senterpartiet, Eli Sollied Øveraas, viser til at Kultur- og kyrkjedepartementet i Ot.prp. nr. 82 (2002-2003) legg fram forslag til endringar i lov 20. desember 1985 nr.108 om folkebibliotek. Endringane knyter seg til lov om folkebibliotek § 4, der ein mellom anna foreslår endringar slik at kommunane skal kunne samarbeide med statlege institusjonar om folkebib­lio­tektenester. Vidare vert det opna for forsøk der ein gjer unnatak frå kravet om at det skal vera bibliotek i kvar kommune.

Komiteen har òg merka seg at lov om folkebibliotek § 8 er foreslått endra for å kunne prøve ut alternative måtar å organisere bibliotekoppgåvene på regionalt nivå. Forslaget inneber at ein gjev departementet høve til å gjere unnatak frå kravet om at det skal finnast eit fylkesbibliotek i kvar fylkeskommune. Dette vert foreslått som eit forsøksprosjekt. Komiteen merkar seg òg at § 8 andre ledd, som inneheld krav om at fylkesbiblioteka skal vera knytte til eit folkebibliotek, er foreslått fjerna for å gje rom for meir fleksible løysingar.

Komiteen har merka seg forslaget om å fjerne tilvisinga til Statens bibliotektilsyn i § 13. Komiteen ser dette som ein naturleg konsekvens av ABM-utvikling og stør ei slik endring.

Komiteen har registrert at lovframlegget er mindre omfattande enn dei endringane som vart foreslått i notatet som var til høyring hausten 2002. I grunngjevinga for dette vert det synt til at det er varsla ein større snarleg revisjon av folkebiblioteklova som ledd i eit meir utviklings- og utgreiingsarbeid på bibliotekfeltet, her medrekna også spørsmålet om ei ny lov som omfattar alle typar bibliotek for å setje tanken om eit saumlaust bibliotektilbod ut i livet.

Komiteen er samd i at det må utgreiast nærare kva for verkemiddel som kan vera føremålstenlege for å leggje til rette for eit meir samordna og saumlaust biblioteksystem.

Komiteen har merka seg den store motstanden i høyringsinstansane i samband med §§ 5 og 8, der det vert foreslått å fjerne kompetansekravet til biblio­teksjefar i kommunar og ved fylkesbibliotek. Komiteen sluttar seg derfor til det endelege framlegget der ein går inn for å halde på kompetansekravet inntil vidare.

Komiteen er positiv til framlegget frå Regjeringa om å innføre ein lovheimel som opnar for at kommunane kan samarbeide med statlege institusjonar om folkebibliotektenester.

Komiteen vil streka under dei utfordringane folkebiblioteka står framfor når det gjeld bruk av ny teknologi, desentralisert utdanning, fjernlånstenester, auka behov for oppdatert informasjon og tilgong til databasar mv., som fordrar utvikling av samarbeidsordningar på tvers av kommune- og institusjonsgrensene.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, er òg positiv til at departementet på forsøksbasis kan gjere unnatak frå kravet om at det skal vere eit bibliotek i kvar kommune. Fleirtalet går ut frå at departementet ved å godkjenne samarbeidsforsøk over kommunegrensene legg vekt på at forsøket vil styrkje bibliotektilbodet i dei samarbeidande kommunane.

Fleirtalet vil peike på at forsøksordninga kan leggjast til både små kommunar med lange avstandar og til store kommunar med tett busetnad.

Fleirtalet er vidare positiv til at departementet får høve til å gjere unnatak frå kravet om at det skal finnast eit fylkesbibliotek i kvar fylkeskommune for førsøksverksemd, og at kravet om at fylkesbiblioteket skal vere knytt til eit folkebibliotek skal fjernast for å gje plass for meir fleksible løysingar.

Fleirtalet har merka seg at det er varsla eit større utgreiingsarbeid på bibliotekfeltet i nær framtid. I samband med dette utgreiingsarbeidet vil det vere ein føremon at kommunar og fylkeskommunar kan prøve ut alternative sambruksløysingar og felleskommunale bibliotek, og det er viktig at lovverket ikkje legg hindringar i vegen for slike løysingar.

Fleirtalet viser til at dei endringane som det er gjort framlegg om i proposisjonen er i samsvar med dei tankane og tilrådingane som vart fremja i ABM-meldinga, jf. St.meld. nr. 22 (1999-2000). Fleirtalet viser også til at Stortinget som ei oppfølging av ABM-meldinga har løyvd midlar til utprøving av interkommunale samarbeidsordningar på arkiv- og bibliotekområdet, jf. Budsjett-innst. S. nr. 2 (2000-2001).

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti meiner det er rom innanfor gjeldande lovgjeving å kunne prøve ut og etablere samarbeidsløysingar mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege einingar der forholda ligg til rette for det.

Desse medlemene stør prinsippa om auka sjølvstyre og meir samarbeid på tvers av kommunegrenser, mellom fylkeskommunar og statlege instansar, men er også uroa for at dette kan føre til eit dårlegare bibliotektilbod, og at konsekvensane kan verte eit ulikt bibliotektilbod til kommunane. Bakgrunnen for denne uroa er at mange kommunar slit med dårleg kommuneøkonomi, og ein konsekvens av dette er at dette lett fører til nedprioritering av ikkje-lovpålagte oppgåver.

Desse medlemene viser til at det er varsla eit større utgreiingsarbeid på bibliotekfeltet i nær framtid, og meiner det ikkje bør opnast for forsøksverksemd som inneber at kommunar og fylke vert utan eige bibliotek før endelege endringar i lovverket har funne stad. Desse medlemene viser til at det allereie er gjort forsøk med sambruksløysingar og felleskommunale bibliotek som balanserer innanfor dagens lovtekst. Gjeldande lov er av den grunn inga hindring for utforsking av kreative løysingar. Desse medlemene meiner derfor at dei føreslåtte endringane av § 4 ikkje bør finne stad før ei meir omfattande utgreiing av konsekvensane i ein større samanheng ligg føre.

Fengselsbibliotek

Komiteen vil peike på dei utfordringane fengselsbibliotektenesta står framfor. Desse biblioteka har behov for opprusting, vidare utbygging av tenesta og i tillegg pålitelege avtaler framover. Komiteen ber om at fengselsbibliotektilboda og den vidare utviklinga av desse bør takast med i den varsla utgreiinga og vurdere om dei skal innlemmast som ein del av det saumlause bibliotektilbodet.

Bokbussar

Komiteen er uroa over nedgongen i bokbuss­tenestene, og ønskjer at Regjeringa i samband med den store bibliotekutgreiinga vurderer om det bør lagast ein nasjonal bokbussplan.