1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kultur- og kyrkjedepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar i lov 20. desember 1985 nr. 108 om folkebibliotek.

Lovendringsforslaget knyter seg til lov om folkebibliotek § 4, som vert foreslått endra slik at kommunane vil kunne samarbeide med statlege institusjonar om folkebibliotektenester, og det vert opna for at departementet kan gjere unnatak frå kravet om at det skal vere eit bibliotek i kvar kommune - men berre som forsøksprosjekt. Tilsvarande vert lov om folkebibliotek § 8 foreslått endra for å gje rom for å prøva ut alternative måtar å organisere bibliotekoppgåvene på regionalt nivå, ved å gje departementet høve til å gjere unnatak frå kravet om at det skal finnast eit fylkesbibliotek i kvar fylkeskommune. Men også dette gjeld forsøksprosjekt. Vidare vert andre ledd, krav om at fylkesbiblioteket skal vere knytt til eit folkebibliotek, fjerna for å gje rom for meir fleksible løysingar. Til sist vert det foreslått å fjerne tilvisinga til Statens bibliotektilsyn i § 13.

Lovframlegget er mindre omfattande enn dei endringane som vart foreslått i eit notat departementet sende på høyring hausten 2002. Dette har samanheng med at det er varsla ein større revisjon av folkebiblioteklova som ledd i eit meir generelt utviklings- og utgreiingsarbeid på bibliotekfeltet. I samsvar med eit gjennomgåande synspunkt i høyringsfråsegnene er departementet kome til at det mest formålstenlege vil vere å vurdere alle substansielle endringar i lys av den samla gjennomgangen som det er meininga å ta til med i nær framtid.

1.2 Utviklingsarbeid på bibliotekfeltet

Proposisjonen viser m.a. til St.meld. nr. 22 (1999-2000) Kjelder til kunnskap og oppleving, den såkalla ABM-meldinga, og eit nytt fellesorgan som også skulle arbeide med arkivspørsmål. Arbeidstittelen var ABM-utvikling - Kulturdepartementets samordningsorgan for arkiv, bibliotek og museum. ABM-utvikling er no oppretta og er i operativ funksjon frå 1. januar 2003.

I meldinga vart det òg vist til behovet for tettare samhandling mellom folkebiblioteka og fag- og fors­kingsbiblioteka. Det ideelle målet, heitte det, var å få til eit tilnærma saumlaust bibliotektilbod, dvs. at brukarane ikkje skal måtte tenkje på kva type bibliotek dei vender seg til når dei treng bibliotektenester.

I notatet med framlegg til endringar i lov om folkebibliotek som departementet sende på høyring hausten 2002, er det vist til at ein i nær framtid vil setje i gang ei større utgreiing og evaluering av heile folkebiblioteklova, og at ein her også vil ta opp spørsmålet om ei ny lov som omfattar alle typar bibliotek for å setje tanken om eit saumlaust bibliotektilbod ut i livet.

Det går fram av proposisjonen at det må utgreiast nærmare kva for verkemiddel som kan vera formåls­tenlege for å leggje til rette for eit meir samordna og saumlaust biblioteksystem. Om ei felles lovgjeving vil vere vegen å gå, er enno eit ope spørsmål. Kultur- og kyrkjedepartementet vil i samråd med Utdannings- og forskingsdepartementet og ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum vurdera korleis eit vidare utgreiings- og utviklingsarbeid på bibliotekfeltet skal leggjast opp.

1.3 Høyringsnotatet hausten 2002

Lovendringsforslaga i høyringsnotatet gjaldt i hovudsak følgjande punkt:

  • Folkebiblioteklova § 4 første ledd om kommunale folkebibliotek. I staden for å påleggje kommunane å ha folkebibliotek ville ein påleggje dei å yte folkebibliotektenester, for å leggje til rette for meir fleksible organisatoriske løysingar.

  • Folkebiblioteklova § 8 om fylkesbibliotek. Forslaget ville fjerne kravet om eit fylkesbibliotek i kvart fylke og kravet om at fylkesbiblioteket skal vere knytt til eit folkebibliotek.

  • Folkebiblioteklova § 9 første ledd. Lovpålegget om at fylkesbiblioteka skal ha ansvaret for fjernlånsverksemda, vart foreslått oppheva saman med pålegget om å ha ein felles plan for å skaffe og oppbevare litteratur og føresegna om at fylkesbiblioteka kan drive mobil bibliotekteneste.

  • Folkebiblioteklova §§ 5 og 8, som pålegg kvar kommune og fylkeskommune å ha fagutdanna biblioteksjef og fylkesbiblioteksjef, vart foreslått fjerna som ei oppfølging av prinsippa i oppgåvefordelingsmeldinga.

  • Tilvisinga til Statens bibliotektilsyn i § 13 vart foreslått fjerna.

Høyringsinstansane sine synspunkt

Hovudtendensen i høyringsfråsegnene er at ein ber om at berre dei heilt nødvendige endringane i folkebiblioteklova § 13, som følgje av at Statens bibliotektilsyn ikkje eksisterer frå 1. januar 2003, vert gjennomførte no, og at dei materielle endringane vert utsette til konsekvensane er utgreidde i ein større samanheng.

Mange av høyringsfråsegnene og også debatten i media gav uttrykk for stor uro i samband med dei føreslåtte endringane i folkebiblioteklova § 4. Mange støtta prinsippa om auka sjølvstyre og meir samarbeid med andre kommunar, fylkeskommunar og statlege instansar, men uttrykte samstundes frykt for at den føreslåtte endringa ville føre til eit dårlegare bibliotektilbod, og at konsekvensen ville verte eit svært ulikt bibliotektilbod i kommunane. Bakgrunnen for dette synspunktet er at mange kommunar slit med dårleg økonomi, og at dei derfor i sine budsjett må prioritere lovpålagte oppgåver. Dette går ut over andre tenester.

Vidare peika forslaget om å fjerne kompetansekravet i §§ 5 og 8 seg ut som ei endring det var stor motstand mot. Fleirtalet av høyringsinstansane meinte at ein bør halde på kompetansekravet, anten slik det er i dag, eller ved at lovpålegget vert endra til eit krav om at kommunen skal ha personale med bibliotekfagleg kompetanse knytt til sitt bibliotektilbod.

1.4 Departementet sine vurderingar

Departementet har kome til at det er for tidleg å gjennomføre nokre av dei forslaga til endringar som vart lagde fram i høyringsnotatet, særleg med tanke på det planlagde utgreiingsarbeidet. Fleire av høyringsinstansane peika på at det er forhasta å endre lovgrunnlaget for tenester som verkar direkte på biblioteknettverket, og som vil ha verknad på utviklinga av det saumlause bibliotektilbodet.

Eit stort fleirtal av dei høyringsinstansane som kom med innspel, åtvara mot å fjerne kompetansekravet til biblioteksjefar i kommunar og ved fylkesbibliotek. Departementet har vurdert dei innkomne fråsegnene og vil på bakgrunn av desse gjere framlegg om å halde på kompetansekravet til konsekvensane av å fjerne det er betre utgreidde i samband med utviklinga mot det saumlause bibliotek.

Då eventuelle endringar i lovverket som ei oppfølging av den komande utgreiinga vil kunne ta tid, finn departementet det likevel tenleg å endre lova på nokre område på det noverande tidspunkt. Mellom anna vil ein leggje betre til rette for forsøksverksemd med samarbeidskonstellasjonar som eventuelt vil kunne følgjast opp med ytterlegare endringar i neste runde.

1.5 Lovendringsforslaga i proposisjonen

Organisering av folkebibliotektenester - folkebiblioteklova §§ 4 og 8

Det er kommunane som har ansvaret for dei lokale folkebiblioteka, medan det er fylkeskommunen som har ansvaret for fylkesbiblioteka, jf. folkebiblioteklova § 2.

Biblioteka er inne i ei omstillingstid som gjer at dei bør stimulerast til å utvikle nye og alternative samarbeids- og samordningsmodellar for organisering av bibliotektenester, både på lokalt og regionalt nivå. Særleg er det viktig at dei mange små bibliotekeiningane på kommunenivå kan utvikle samarbeid over kommunegrensene.

For å få til eit tids- og kvalitetsmessig bibliotektilbod rundt om i landet vurderer departementet det slik at bibliotekfeltet bør utviklast mot større, og fagleg og økonomisk sterkare folkebibliotekeiningar. Departementet la derfor fram eit forslag om å fjerne kravet om eit bibliotek i kvar kommune og erstatte det med eit krav om at kvar kommune skulle vere ansvarleg for dei lokale folkebibliotektenestene.

Mange av høyringsfråsegnene og debatten i media var knytte til forslaga om endringar i folkebiblioteklova § 4 om kommunale folkebibliotek, fordi ein frykta at ei slik lovendring ville medføre at kommunane ville leggje ned folkebiblioteka og sende innbyggjarane til nabokommunens bibliotek for å spare pengar. Mange såg føre seg ei rasering av biblioteknettverket som ville resultere i eit langt dårlegare bibliotektilbod. Ein del av det som kom fram i debatten, bygde på feil forståing av forslaget, då ein trudde at kommunane ville stå fritt til å kutte tilskotet til folkebibliotektilbodet. Det faktiske forholdet var at også etter forslaget ville kommunane ha plikt til å gje eit bibliotektilbod. Dersom ein kommune skulle finne at det ville vere ei rasjonell løysing å samarbeide med nabokommunen om bibliotekdrifta, ville dette måtte byggje på ei økonomisk forpliktande avtale.

Det er departementets vurdering at dei ressursane som vert løyvde til bibliotekdrift, betre vil kunne nyttast til eit tidsmessig bibliotektilbod ved utvida samarbeid med andre institusjonar.

Departementet har vurdert dei innkomne høyringsfråsegnene og er kome fram til at det er for tidleg å følgje opp forslaget. Ein vil ikkje på det noverande tidspunkt gjere slike endringar i lovverket som kan gje signal om at kommunane og fylkeskommunane står friare til å spare inn på løyvingane til biblioteksektoren, når tankane bak forslaget er ei fagleg kvalitetsreform, ikkje ei rasjonaliseringsreform. Når det er teke til orde for eit større utgreiingsarbeid på bibliotekfeltet i nær framtid, finn departementet det no formålstenleg å leggje til rette for breiare forsøksverksemd med sikte på meir samarbeid på biblioteksektoren ved å ta inn ein heimel for unnatak frå kravet om at kvar kommune skal ha eit folkebibliotek og kvar fylkeskommune skal ha eit fylkesbibliotek.

Kravet om at fylkesbiblioteket skal vere knytt til eit folkebibliotek, er foreslått fjerna for å gje fylkeskommunen noko større handlingsrom med omsyn til organisering av dei regionale folkebibliotektenestene.