Innstilling fra justiskomiteen om lov om endringar i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinka betaling m.m. (gjennomføring av direktiv 2000/35/EF av 29. juni 2000 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve)

Dette dokument

Til Odelstinget

1. Hovudinnhaldet i proposisjonen

Departementet foreslår i proposisjonen å følgje opp EU-direktivet om tiltak mot forseinka betaling i handelshøve, som har blitt innlemma i EØS-avtalen. Departementet foreslår på denne bakgrunnen at månadsfristen i forseinkingsrentelova vert endra til ein 30 dagars frist. Vidare blir det foreslått endringar i måten å fastsetje forseinkingsrentesatsen på, og kompetansen til å fastsetje rentesatsen vert foreslått delegert til departementet. Endeleg blir det gjort framlegg om ein ny paragraf i forseinkingsrentelova, som lovfestar ein rett for organisasjonar som representerer små og mellomstore verksemder til å fremje søksmål for å prøve om standardavtalar om betalingstid eller konsekvensane av forseinka betaling er urimelege for verksemdene.

2. Bakgrunnen for lovforslaga

Ulike undersøkingar har vist at forseinka betaling er eit stort problem for verksemder i Europa, særleg for små og mellomstore verksemder. Dette er bakgrunnen for at det er vedtatt eit EU-direktiv om tiltak mot forseinka betaling i handelshøve. Direktivet har som føremål å innføre likare reglar om forseinka betaling i handelshøve innanfor EU-området og gjennom dette medverke til at betalingsmoralen blir betre.

EFTA-landa si vurdering var at direktivet fell utanfor EØS-avtalen sitt verkeområde slik EØS-avtalen er i dag. Spørsmålet om direktivet likevel burde innlemmast i EØS-avtalen på frivillig grunnlag vart sendt på høyring av Justisdepartementet i februar 2001. Høyringsinstansane var i hovudsak positive til gjennomføring av direktivet som no er foreslått innlemma i avtalen. I St.prp. nr. 80 (2002-2003) vart Stortinget invitert til å gje sitt samtykke til EØS-komiteen si avgjerd.

Justisdepartementet sendte i mars 2003 forslaga om endringar i forseinkingsrentelova på høyring.

3. Kreditor sitt krav på renter ved forseinka betaling

3.1 Frå kva tidspunkt skal ein rekne forseinkingsrenter?

Med direktivet har ein ikkje meint å gripe inn i avtalefridomen på betalingsfristar. Dersom rettidig betalingstid ikkje er avtalt, fastset direktivet kva for tidspunkt rentene startar å laupe. Det går uttrykkjeleg fram av direktivteksten at det ikkje skal vere naudsynt for kreditor å setje fram purring. Skjeringstidspunktet varierer ut frå dei faktiske omstenda. Det er for alle alternativa ein føresetnad at kreditor har oppfylt sine lovbestemte og avtalebestemte plikter, og at skuldnaren er ansvarleg for forseinkinga.

Etter forseinkingsrentelova har ein krav på forseinkingsrenter når kravet ikkje vert innfridd ved forfall. Når forfallsdagen er fastsett på førehand, kan kreditor krevje forseinkingsrenter allereie frå forfallsdagen. Dersom forfallsdag ikkje er fastsett på førehand, kan ein krevje forseinkingsrenter frå ein månad etter at det er sendt skriftleg påkrav til skuldnaren med oppmoding om å betale.

Justisdepartementet la i høyringsnotatet til grunn at forseinkingsrentelova stort sett oppfyller krava i direktivet. Departementet meiner at den einaste naudsynte endring som følgje av direktivet på dette punkt, er å endre fristen i forseinkingsrentelova frå ein månad til 30 dagar. På bakgrunn av høyringsrunda held departementet fast ved dette framlegget. Departementet held også fast ved at det ikkje er naudsynt å endre reglane for når fristen startar.

3.2 Høve til å fastsetje at betalingsfristen skal vere inntil 60 dagar

Medlemsstatane kan, etter direktivet, i deira lovgiving setje fristen for å betale forseinkingsrenter til 60 dagar for bestemte kategoriar av avtalar. Føresetnaden er at partane ikkje kan avtale ein lengre frist, eller at partane fastset ein ufråvikeleg rentesats som er vesentleg høgare enn den lovbestemte satsen.

Departementet såg i høyringsnotatet ikkje behov for å nytte høvet til å innføre slike særskilte fristar, og held fast ved dette sidan det ikkje har kome fram noko slikt behov under høyringa.

3.3 Rentesatsen

Etter forseinkingsrentelova er det overlete til Kongen å fastsetje kor høg rentesatsen skal vere. Rentesatsen har sidan 1. januar 1994 vore på 12 pst. p.a. Rentesatsen kan fastsetjast lågare for skuldnarar som er skuldnarar i eigenskap av å vere forbrukar. Slik situasjonen er i dag er rentesatsen den same både for forbrukarar og andre skuldnarar.

Reglane i direktivet om korleis ein skal fastsetje rentesatsen, skil seg frå gjeldande norsk rett. Departementet gjorde difor framlegg om å endre dei norske reglane slik at dei kjem i samsvar med direktivet. Departementet foreslo at Kongen kvart halvår fastsetter ”størrelsen av forsinkelsesrenten til en fast prosent årlig rente, som skal svare til den pengepolitiske styringsrenten slik denne er fastsatt av Norges Bank pr. 1. januar og 1. juli det aktuelle år tillagt minst sju prosent." I og med at direktivet berre gjeld i handelshøve, meinte departementet at det ikkje er noko i vegen for å halde fast ved regelen om at det kan fastsetjast lågare forseinkingsrente i forbrukarforhold.

Høyringsinstansane gir i hovudsak støtte til Justisdepartementet sitt framlegg i høyringsnotatet, og departementet held fast på framlegget.

Etter ordninga som følgjer av direktivet og som blir foreslått i proposisjonen skal rentesatsen fastsetjast to gonger i året. Dette må seiast å vere relativt ofte. Omsynet til Regjeringa si arbeidsbyrde taler såleis for å delegere kompetansen til departementet. Totalt sett meiner difor departementet at dei beste grunnar taler for at kompetansen blir delegert, og går inn for dette. Også kompetansen til å fastsetje lågare rentesats i forbrukarhøve, bør delegerast til departementet, då rentesatsen i forbrukarhøve alltid bør vurderast i høve til den rentesatsen som skal gjelde i næringshøve. Departementet går difor inn for også å delegere kompetansen på dette punktet til departementet.

4. Kreditor sitt krav på erstatning for innkrevjingskostnader

Kreditor skal ifølgje direktivet kunne krevje rimeleg kompensasjon for alle relevante kostnader ved innkrevjing av kravet med mindre skuldnaren ikkje er ansvarleg for forseinkinga. Direktivet opnar for at statane kan fastsetje maksimalbeløp i forhold til kva som kan krevjast for forskjellige gjeldsnivå under føresetnad av at dette er gjort i samsvar med prinsippa om synbarheit og proporsjonalitet.

Inkassolova slår fast utgangspunktet om at skuldnaren er objektivt erstatningsansvarleg for "nødvendige kostnader" ved utanrettsleg innkrevjing av forfalne pengekrav. Departementet bad høyringsinstansane om å kome med sine synspunkt på tolkinga av direktivet opp mot føresegna i inkassolova, kor vidt det er behov for lovendring på dette punktet, og om ei slik lovendring bør gjelde allment eller berre i handelshøve. Når det gjeld erstatning for rettslege innkrevjingskostnader, la departementet til grunn at reglane om tilkjenning av sakskostnader i tvistemålslova og tvangsfullføringslova vil oppfylle krava i direktivet.

Det er ulike oppfatningar blant høyringsinstansane om erstatning for utanrettslege inndrivingskostnader i inkassolova oppfyller kravet i direktivet. Når det gjeld rettsleg inndriving, meiner enkelte høyringsinstansar at forskrifta må endrast.

Departementet konkluderer med at det ikkje vil vere i strid med direktivet å oppretthalde regelen i inkassolova på dette punkt. Det vert på denne bakgrunn ikkje fremja noko forslag om å endre føresegna. Det er ingen høyringsinstansar som har hatt merknader til departementet si vurdering i høyringsnotatet om at reglane om tilkjenning av sakskostnader i tvistemålslova og tvangsfullføringslova oppfyller kravet i direktivet. Det vert på denne bakgrunn heller ikkje gjort framlegg om endringar i desse lovene. Departementet ser heller ikkje grunn til å skipe til endringar i forskrifta om maksimalsatsar for utmåling av sakskostnader i forliksrådet.

5. Grovt urimelege avtalar

5.1 Avvikande avtalar i forhold til reglane i direktivet

Etter direktivet er statane pliktige til å ha føresegner om at avtalar om betalingstid eller følgjene av forseinka betaling som ikkje er i tråd med føresegnene i direktivet, enten ikkje skal vere bindande, eller gi grunnlag for erstatning, dersom avtalen står fram som klart urimeleg etter ei konkret vurdering der ein ser på alle omstenda i saka, inkludert handelspraksis og arten av produktet.

Avtalelova opnar for at ein avtale kan setjast heilt eller delvis til side eller endrast, dersom det vil verke urimeleg eller vere i strid med god forretningsskikk å gjere den gjeldande.

Departementet held på bakgrunn av høyringsrunda fast ved at avtalelova oppfyller det høvet til å lempe avtalen som direktivet krev og foreslår difor ingen endringar.

5.2 Verkemiddel for å få omgjort grovt urimelege vilkår

Etter direktivet er statane forplikta til å sikre at det i kreditorane og konkurrentane si interesse finst passande og effektive verkemiddel som kan bringe bruken av klart urimelege kontraktsvilkår til opphøyr. Det skal stå slike verkemiddel til rådvelde for organisasjonar som representerar små eller mellomstore verksemder.

Etter norsk rett kan den som har søksmålskompetanse reise sivilt søksmål om avtalevilkår er urimelege etter avtalelova. Departementet meinte at slik søksmålsadgang tilfredsstiller vilkåret om passande og effektive middel i direktivet.

Departementet peika vidare på at det som kan vere tvilsamt er om dei norske reglene i tilstrekkjeleg grad opnar for at ovanfor nemnde organisasjonar kan reise søksmål på vegne av sine medlemmar slik det er fastsett i direktivet. Det er ulike syn på dette spørsmålet blant høyringsinstansane.

Departementet meiner det er naudsynt med lovendring for å sikre at organisasjonar får den retten som dei etter direktivet skal ha til å ta opp urimelege vilkår om forseinkingsrenter i standardavtalar. Departementet kan nok forstå høyringsinstansar som meiner at dette er ein situasjon som ligg til rette for gruppesøksmål. Men det er noko som ein vil vurdere i samband med oppfølginga av Tvistemålsutvalet si innstilling, der det er gjort framlegg til slike reglar. Departementet opprettheld forslaget frå høyringsnotatet om at organisasjonar skal kunne bringe spørsmålet om betalingstid eller følgjene av forseinka betaling inn for domstolane, jf. forslag til ny § 4 a i forseinkingsrentelova.

6. Eigedomsatterhald

Etter direktivet skal statane innanfor EØS-området syte for at ein seljar bevarer eigedomsretten til varer inntil kjøpesummen er fullt betalt, dersom eigedomsatterhald er uttrykkjeleg avtalt mellom seljaren og kjøparen før vara er levert, og eigedomsatterhaldet er gyldig etter det landet sine reglar som gjeld etter lovvalsreglane i den aktuelle staten.

Departementet uttalte i høyringsnotatet at det ikkje er naudsynt med endringar i norsk rett for å oppfylle direktivet sine krav, og ingen av høyringsinstansane har uttala seg om dette spørsmålet. Departementet held difor fast ved at direktivet ikkje gjer det naudsynt med endringar i dei norske reglane om eigedomsatterhald.

7. Inndriving av uomtvista krav

Direktivet stiller krav om at kreditor normalt skal kunne få tvangsgrunnlag innan 90 dagar etter at vedkomande har levert stemning eller oppmoding til retten eller anna kompetent styresmakt. Departementet meinte at norsk rett oppfyller krava i direktivet på dette punktet, og departementet held etter høyringsrunden fast ved at direktivet ikkje gjer det naudsynt med endringar i norsk rett.

8. Økonomiske og administrative konsekvensar

Samla reknar departementet med at endringsforslaga ikkje vil ha monalege økonomiske eller administrative konsekvensar.

9. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Anne Helen Rui, Ola Røtvei og Knut Storberget, fra Høyre, Carsten Dybevig, lederen Trond Helleland og Linda Cathrine Hofstad, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen og André Kvakkestad, fra Kristelig Folkeparti, Einar Holstad og Finn Kristian Marthinsen, og fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, viser til at Stortinget er bedt om å gi samtykke til godkjenning av avgjørelse fra EØS-komiteen nr. 48/2003 av 16. mai 2003 om å innlemme direktiv 2000/35/EF om kamp mot forsinket betaling i handelsforhold, i EØS-avtalen. Forslagene i proposisjonen er en oppfølging av nevnte direktiv.

Forsinkelsesrenteloven § 2

Komiteen er kjent med at ulike undersøkelser viser at forsinket betaling er et stort problem for virksomheter i Europa, og at dette særlig gjelder for små og mellomstore bedrifter. Direktiv 2000/35/EF gjelder kun for forsinket betaling ved handelstransaksjoner. Etter komiteens oppfatning er det viktig at betaling skjer til rett tid. Komiteen stiller seg derfor positiv til internasjonalt regelverk som bidrar til nettopp dette. Rettidig oppgjør for vareleveranser er ikke minst viktig for å bevare og sikre arbeidsplasser.

Komiteen har merket seg at departementet foreslår å endre månedsfristen i forsinkelsesrenteloven § 2 første ledd annet punktum, til en 30 dagers frist. Denne bestemmelsen gjelder både i forbrukerforhold og for næringsdrivende. Komiteen mener endringen innebærer en ubetydelig forringelse av forbrukernes rettigheter. Den foreslåtte lovendring vil etter komiteens oppfatning gi en praktisk og rettferdig regel. Betalingsfristens lengde vil med dette bli lik for alle skyldnere. Komiteen støtter forslaget til endring i lovens § 2.

Forsinkelsesrenteloven § 3

Gjennom forslag til ny forsinkelsesrenteloven § 3 første ledd første og annet punktum, følger departementet opp direktivets bestemmelser om hvordan forsinkelsesrenten skal fastsettes. Komiteen har merket seg at enkelte høringsinstanser mener at å fastsette renten to ganger per år, vil kunne skape vansker for mindre bedrifter ved innkassering av forfalte krav. Komiteen må i denne forbindelse legge avgjørende vekt på at direktivet ikke gir Norge valgfrihet med hensyn til hvordan renten skal fastsettes.

Komiteen vil for øvrig bemerke at det synes fornuftig å delegere fastsettelseskompetansen til Finansdepartementet slik som det er forespeilet i proposisjonen. Det er meget viktig at departementet informerer bredt og grundig om fastsettelse av satsen for forsinkelsesrente. Komiteen ber Regjeringen melde tilbake til Stortinget på egnet måte hvordan dette er tenkt gjort.

Komiteen ber departementet følge med på hvordan endringen i rentefastsettelsen slår ut i forbrukerforhold. Dersom endringen skulle vise seg å slå uheldig ut for forbrukerne, ber komiteen departementet om å vurdere særregler for rentefastsettelse i forbrukerforhold.

På denne bakgrunn støtter komiteen departementets forslag til endring i forsinkelsesrenteloven § 3.

Forsinkelsesrenteloven § 4 a

Komiteen har merket seg at det er nødvendig med en ny prosessregel for å oppfylle direktivets artikkel 3 nr. 5. Forslaget til ny forsinkelsesrentelov § 4 za har fått støtte i høringsrunden fra flere instanser, men enkelte mener en slik endring bør sees i sammenheng med en totalrevidering av sivilprosessen. Etter komiteens mening er det nødvendig å vedta en ny prosessregel tilsvarende forslag til ny § 4a nå. Komiteen ber imidlertid om at departementet evaluerer plassering og utforming av bestemmelsen i forbindelse med utformingen av ny prosesslovgivning.

Komiteen har for øvrig ingen merknader til de vurderinger og forslag som fremgår av proposisjonen.

10. Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre følgende

vedtak til lov

om endringer i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. (gjennomføring av direktiv 2000/35/EF av 29. juni 2000 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve)

I

I lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. gjøres følgende endringer:

§ 2 første ledd andre punktum skal lyde:

Renten løper fra forfallsdag når denne er fastsatt i forveien, og ellers fra 30 dager etter at fordringshaveren har sendt skyldneren skriftlig påkrav med oppfordring om å betale.

§ 3 første ledd første og andre punktum skal lyde:

Departementet fastsetter hvert halvår størrelsen av forsinkelsesrenten til en fast prosent årlig rente, som skal svare til den pengepolitiske styringsrenten slik denne er fastsatt av Norges Bank per 1. januar og 1. juli det aktuelle år tillagt minst sju prosentpoeng. For skyldnere som er skyldner i egenskap av forbruker, kan departementet fastsette en lavere forsinkelsesrente.

Ny § 4 a skal lyde:§ 4 a. Særlige regler om håndheving av urimelige standardavtaler i næringsforhold

En organisasjon som representerer små eller mellomstore næringsvirksomheter, kan reise søksmål for å få prøvd om vilkår i standardavtaler om betalingstid eller følgene av forsinket betaling vil virke urimelig overfor kreditor, jf. avtaleloven § 36. Retten kan etter påstand fastsette at en dom i saken skal gjelde for alle og enhver som gjør bruk av standardavtalen.

II

Loven trer i kraft 1. januar 2004.

Oslo, i justiskomiteen, den 4. november 2003

Trond Helleland Finn Kristian Marthinsen
leder ordfører