Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.2 Endringar i einingsregisterlova

Einingsregisteret vart etablert i 1995, og er regulert i lov 3. juni 1994 nr. 15 om Einingsregisteret. Einingsregisteret fungerer i dag etter intensjonane og bruken av eit felles organisasjonsnummer/identifikasjonssystem for alle juridiske personar må seiast å vere ein suksess. I dag er Einingsregisteret i praksis langt på veg eit fullstendig register over alle juridiske personar, sjølv om det ikkje er generell registreringsplikt. I denne proposisjonen blir det ikkje foreslått utvidingar i den generelle registreringsplikta.

Frå offentleg forvaltning blir det påpeika at kvaliteten ved registeret er noko lågare enn det som er ønskjeleg. Forslaga i proposisjonen tek sikte på å gjere det lettare for registeret å halde ein nødvendig høg kvalitet på den registrerte informasjonen, utan å leggje unødig store innrapporteringsbyrder på dei enkelte einingane. Forslaga i høyringsnotatet får generelt stor støtte.

Nærings- og handelsdepartementet går inn for å utvide formålsføresegna i einingsregisterlova slik at offentlege organ og register som ikkje er tilknytte register, skal nytte opplysningar frå Einingsregisteret så langt det er praktisk mogleg. Ei lovfesting av plikta vil markere kor viktig dette kravet er. Ei utviding av plikta til å nytte Einingsregisteret som grunndatakjelde er ei naturleg vidareutvikling så vel som ei styrking av registeret og av samordningsrolla innanfor offentleg sektor. Prosessen er eit viktig steg for å unngå dobbeltrapportering til offentlege etatar og register.

Det konkrete omfanget av plikta må først og fremst vurderast ut frå føremålet om å redusere oppgåvepliktene for næringslivet. For dei organa som på grunn av omfanget eller den systematiske bruken av grunndata kjem inn under plikt-regelen, er det foreslått eit unntak frå plikta til å bruke grunndata frå Einingsregisteret dersom det ikkje er "praktisk mulig". Unntaket skal berre brukast i svært avgrensa omfang.

Det er nytt at formuleringa "offentlige organer og registre" omfattar kommunesektoren. I høve til føremålet med regelen; mindre oppgåveplikter for næringslivet, er det viktig at også kommunal sektor er omfatta.

Utvidinga av formålsparagrafen som er foreslått i proposisjonen, kan likevel saman med regjeringsvedtaket om det same, føre til at nokre fleire offentlege register vil krevje organisasjonsnummer av dei som blir registrerte. Men det vil dreie seg om einingar som alt er registrerte i Einingsregisteret. Fordelen med bruk av organisasjonsnummer er at det sikrar sikker identifikasjon av den aktuelle eininga.

I dag er Konkursregisteret ikkje tilknytt register til Einingsregisteret.

I høyringsnotatet var det med forslag om å gjere Konkursregisteret til eit tilknytt register til Einingsregisteret, og i samband med det å gjere konkursbuet til registreringseining i Konkursregisteret. Høyringsinstansane var positive til endringane. Desse forslaga høyrer nøye saman med eit høyringsnotat frå Justisdepartementet som inneheldt eit forslag frå Konkursrådet om endringar i konkurslova og i konkursforskrifta. Formålet med endringane er å ta i bruk meir elektronisk kommunikasjon ved kunngjeringar og meldingar frå bustyret. Konkursregisteret som tilknytt register til Einingsregisteret vil gje ein eintydig identifikasjon av alle konkursbu. Justisdepartementet er i gang med arbeidet med å fremje eit lovforslag på dette området. Arbeidet er omtala i Ot.prp. nr. 23 (2003-2004) om endringar i gjeldsforhandlingslova, konkurslova mv. som vart behandla i Stortinget i mars 2004. Til saman vil desse forslaga gje ei meir effektiv konkursbehandling for både konkursbustyret, kreditorar og alle involverte register. Departementet tek sikte på å leggje fram dei nemnde forslaga frå høyringsnotatet i samband med Justisdepartementet sin proposisjon.

Det er i dag ingen reglar om at Konkursregisteret skal gje melding til Einingsregisteret.

Departementet går i proposisjonen inn for å leggje Einingsregisteret til lista over dei registra som skal få melding om opning av konkurs etter konkurslova. Dagens situasjon med at Einingsregisteret har informasjon berre om konkurs i dei einingane som er registrert i Føretaksregisteret, er uheldig. Endringa vil gjere at Einingsregisteret vil få melding om alle konkursopningar i registereiningane. Ingen av høyringsinstansane har hatt merknader til dette forslaget.

I høyringsnotatet vart det foreslått at det skal takast inn eit nytt ledd i einingsregisterlova § 26, om sletting av samanslutningar med uavgrensa ansvar. Forslaget svarer stort sett til ordninga etter føretaksregisterlova og gir Einingsregisteret ein heimel til å følgje opp slike samanslutningar for å få avklart om dei framleis er i aktivitet. Eit forslag til endring i konkurslova § 138 om melding frå Konkursregisteret til Einingsregisteret om avslutning av konkursbehandlinga i saker der konkursdebitor er einingar med avgrensa ansvar, vil gje Einingsregisteret heimel direkte i konkurslova til å slette desse einingane. Datatilsynet peikar på at det frå ein personvernrettsleg ståstad er positivt at rutinar for sletting frå dei ulike registra etter avslutning av konkurs blir tydeleg regulerte gjennom endringsforslaget. Ingen andre høyringsinstansar hadde merknader til forslaget.

Nærings- og handelsdepartementet foreslår at einingsregisterlova § 26 får eit nytt ledd som regulerer oppfølging av konkursar i einingar med uavgrensa ansvar. Vidare går ein inn for eit tillegg til konkurslova § 138. Denne endringa i konkurslova er avgjerande for at Einingsregisteret skal få den informasjonen frå Konkursregisteret som er nødvendig for å følgje opp desse sakene, og for å gje Einingsregisteret heimel til å følgje opp konkursar i einingar med avgrensa ansvar. Forslaget må sjåast i samanheng med forslaget om å leggje Einingsregisteret til lista over dei som skal ta imot melding om opning av konkurs.

Plikta til å registrere seg i Einingsregisteret er regulert i einingsregisterlova § 4. For dei registreringseiningane som er lista opp i første ledd bokstav a-d i føresegna, blir plikta til å registrere seg utløyst i samband med registrering i tilknytt register. Dei registreringseiningane som ikkje har registreringsplikt i Einingsregisteret har ein registreringsrett.

Sidan Einingsregisteret vart oppretta i 1995, har bruken av organisasjonsnummer som identifikator auka kraftig, slik at det i stadig fleire samanhenger blir kravd at juridiske personar identifiserer seg ved bruk av organisasjonsnummer. Dette er ei ønskt utvikling. I høyringsnotatet om registrering i Einingsregisteret etter krav i andre regler vart det understreka at det ikkje er teke stilling til om den generelle registreringsplikta i Einingsregisteret bør utvidast. Men einingsregisterlovgivinga bør innehalde føresegner som opplyser om at enkelte lover og forskrifter har føresegner om plikt til å gje opp organisasjonsnummer, slik at det for enkelte ikkje-registreringspliktige einingar likevel finst eit faktisk krav om registrering. Nærings- og handelsdepartementet går inn for å lovfeste at krav om registrering i Einingsregisteret også kan følgje av andre lover. Det er viktig for brukarane at informasjonen blir plassert direkte i lova, slik at informasjonen til desse brukarane blir best mogleg.

I høyringsnotatet om registrering av sameigarar i eigarsameie vart det vist til at føresegna om registrering av sameigarar i eigarseksjonar ikkje fungerer slik ho var meint. I store eigarseksjonssameige, med mange sameigarar og hyppige utskiftingar av sameigarane er det eit problem å halde registeret à jour. Dette forringar kvaliteten på dei registrerte opplysningane i Einingsregisteret, som igjen kan føre til redusert tillit og truverd til opplysningane i Einingsregisteret. Nærings- og handelsdepartementet går inn for at registreringsplikta for sameigarar skal falle bort. Opplysningane finst offentleg tilgjengelege og oppdaterte i grunnboka, og det er både unødvendig og uheldig å ha denne informasjonen i to register. Departementet vil derfor foreslå ei ordning der det ikkje lenger er rett til å registrere slike opplysningar i Einingsregisteret.

I høyringsnotatet om dokumentasjonskrav ved førstegongsregistrering vart det foreslått at kravet om stiftingsdokument som vedlegg ved førstegongsregistrering skal gå fram av einingsregisterlova. Dette gjer gjeldande krav meir føreseielege og tilgjengelege. Av same grunn vart det foreslått at eit krav om å leggje fram vedtekter, dersom slike finst, blir teke inn i lova. I høyringsnotatet vart det foreslått at desse krava til vedlegg blir samla i einingsregisterlova § 8. Finansnæringens Hovudorganisasjon/Sparebankforeningen har ikkje innvendingar mot forslaget, men meiner at ein bør finne betre formuleringar slik at lovteksten blir tydeleg. Departementet er einig med innvendinga frå Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen, og foreslår ein noko endra ordlyd i forhold til forslaget slik det låg i høyringsnotatet. Krava til dokumentasjon i forslaget til § 8 fjerde ledd kan synest strenge i ein del saman­hengar, men reglane har vore forskriftsfesta sidan 1995, utan særlege problem i praksis. Departementet legg til grunn at praktiseringa av krava skal vere som før.

I høyringsnotatet vart det foreslått at einingsregisterlova skal få ein ny regel om rett til sjølv å kunne melde eigenfråtreden frå registrert rolle i Einingsregisteret. Det må gjerast unntak for innehavarar av enkeltpersonføretak og registrerte enkeltpersonar som ikkje er enkeltpersonføretak, fordi det her er full identitet mellom personen og sjølve eininga. Dersom desse personane ikkje lenger ønskjer å vere registrerte i Einingsregisteret, vil rett framgangsmåte vere å slette eininga frå registeret. Det vart vidare presisert at Einingsregisteret berre kan behandle melding om eigenavgang når Einingsregisteret har kontrollansvaret for opplysninga. I høyringsnotatet vart det vidare foreslått ei ny føresegn som skal gje tredjemann rett til å melde frå om endringar i registeret som følgje av dom. Kva for endringar som skal gjerast er avhengig av domsresultatet. Det vart òg foreslått å gje domstolane høve til å krevje at opplysningar blir tekne inn i Einingsregisteret, på same måte som dette i dag er mogleg i Føretaksregisteret.

Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen støttar forslaget om å gi enkelte grupper utvida høve til å melde frå om avgang til registeret. Dei uttalar at dette ikkje minst er viktig for "ikkje-profesjonelle" einingar som har avgrensa høve til å følgje opp dei opphavlege registermeldingane sine, og dermed bidra til å oppnå betre registerkvalitet. Næringslivets Hovedorganisasjon er positiv til at det blir utvida høve til å melde frå om eigenavgang, fordi det gjer registeret meir truverdig og tillitvekkjande. Ingen andre høyringsinstansar hadde merknader til dette forslaget. Departementet går inn for å endre einingsregisterlova ved at det blir lagt til ei ny føresegn om utvida høve til endringsmeldingar frå andre. Ei slik endring kan få positiv innverknad på kvaliteten av registeret.

I høyringsnotatet vart det foreslått eit nytt andre ledd i einingsregisterlova § 20, slik at det uttrykkeleg blir opna for oppdatering frå andre register enn dei tilknytte. Statistisk sentralbyrå støttar forslaget, og peikar særleg på kor viktig det er med gode adresseopplysningar. Næringslivets Hovedorganisasjon går ut frå at personvernomsyn er vurdert, og at ein meiner det ikkje er til hinder for forslaget om at opplysningar som er registrerte i andre register enn tilknytte register, kan innhentast og registrerast i Einingsregisteret.

Departementet går inn for at Einingsregisteret kan innhente og registrere opplysningar frå andre register. Utan ein tydeleg heimel for slik innhenting er det ikkje mogleg for Einingsregisteret å drive kontroll og såkalla "vasking" av opplysningar opp mot andre register. Det vil ikkje vere høve til å ta inn informasjon som etter einingsregisterlova skal meldast inn av eininga sjølv, og som skal dokumenterast. Dette set klare grenser for kva informasjon som kan leggjast inn frå andre register. Vidare skal innhenting av slik informasjon berre kunne gjerast der det er tvillaust rett. Dersom Einingsregisteret gjer feil vil det kunne føra til at det blir erstatningsansvarleg etter § 27. Vidare kan slik innhenting berre skje i den grad det ikkje strir mot personvernomsyn.

Departementet foreslår å endre reglane om overlevering av opplysningar frå Einingsregisteret. Opplysningane etter § 6 første ledd kan i dei fleste tilfelle hentast frå andre kanalar. Avgrensinga i andre punktum sørgjer samtidig for at det blir teke personvernomsyn. Det er ein uheldig og unødvendig konsekvens av regelverket at det blir meir tungvint for brukarane å hente inn opplysningar, og endring her vil føre til enkelt tilgjengeleg og samla informasjon.

Næringslivets Hovedorganisasjon støttar forslaget til utvida innsyn i opplysningar i Einingsregisteret. Datatilsynet peikar på at ein ikkje er prinsipielt imot å samordne data som er registrerte i Einingsregisteret og i Konkursregisteret, men understrekar at ein slik bruk av opplysningar frå Konkursregisteret ikkje er i samsvar med det opphavlege formålet med Konkursregisteret. Registrering av informasjon om kva status eininga har i forhold til konkurs kan likevel ikkje seiast å vere i strid med det opphavlege formålet, og såleis heller ikkje i strid med personopplysningslova § 11. Rikstrygdeverket er positiv til den foreslåtte endringa. Statistisk sentralbyrå støttar forslaget om at all informasjon i Einingsregisteret blir gjort tilgjengeleg, og legg til at SSB gjer denne typen informasjon tilgjengeleg overfor statlege og private registerførarar i dag. Endringa vil gjere at opplysningane som blir registrerte etter einingsregisterlova § 6 første ledd, blir gjorde tilgjengelege for alle. I dag er berre opplysningar etter § 5 og § 6 andre ledd omfatta av den generelle innsynsretten.

Det er ikkje fullstendig overlapping mellom dei opplysningane som kan hentast frå andre register og dei som etter forslaget skal kunne hentast frå Einingsregisteret. Departementet vil særleg vurdere to område der forslaget til lovendring vil få verknad.

Det er for det første ein del einingar som er registrerte berre i Einingsregisteret, og "§ 6 første ledd"-opplysningar om desse er i dag ikkje offentleg tilgjengelege nokon annan stad. For dei som samhandlar med eininga kan det vere viktig å ha tilgang til denne informasjonen. Faren her er at informasjon kan misbrukast ved samanstilling. Føresegna i § 22 tredje ledd motverkar dette, ved at det er sett forbod om samanstilling av andre opplysningar om personar enn det som gjeld næringsverksemd.

Vidare er, som Rikstrygdeverket peikar på, talet på tilsette i ei eining i dag ein "§ 6 første ledd"-opplysning som ikkje er tilgjengeleg frå Einingsregisteret. Denne opplysninga er heller ikkje tilgjengeleg frå trygdeetaten. Men gjennomsnittleg tal tilsette er offentleg gjennom årsrekneskapane til alle rekneskapspliktige. Departementet kan derfor ikkje sjå at det er grunnlag for å kalle denne opplysninga ein forretningsløyndom.

Det er vidare viktig å vere klar over at Einingsregisteret ikkje inneheld nokon form for sensitive personopplysningar. Forslaget endrar ikkje på unntaksføresegna i § 22 om at fødselsnummer ikkje kan givast ut.

Datatilsynet sin merknad tek utgangspunkt i forslaget om å gjere Konkursregisteret til tilknytt register til Einingsregisteret og blir ikkje følgt opp i denne proposisjonen. Tilhøvet til personvernet vil bli særskilt vektlagt når departementet kjem tilbake til den saka.

I høyringsnotatet om Einingsregisteret vart det foreslått at det blir teke inn eit nytt andre punktum i § 17 første ledd, som klart seier at Einingsregisteret skal gjere ein utvida kontroll av opplysningar mot andre lover og forskrifter. Det vart presisert at denne kontrollen, på same måte som kontrollen i samsvar med einingsregisterlova og forskrift gitt i medhald av einingsregisterlova, berre er aktuelt for dei einingar som Einingsregisteret har kontrollansvaret for etter § 17 andre ledd, jf. § 13, altså einingar som ikkje er kontrollerte av tilknytte register. Næringslivets Hovedorganisasjon støttar forslaget om at registerføraren skal prøve opplysningane som det blir søkt om å få registrert, i forhold til generelle lover og forskrifter. Nærings- og handelsdepartementet går inn for å gje Einingsregisteret utvida høve til å kontrollere innsende opplysningar. Lovteksten i forslaget er endra frå ein "skal"-regel til ein "kan"-regel, då dette er best i samsvar med føremålet med regelen.

I høyringsnotatet vart det foreslått at einingsregisterlova § 23, som pålegg alle registreringseiningar å føre organisasjonsnummeret på breva og forretningsdokumenta sine, blir endra, slik at ikkje-næringsdrivande enkeltpersonar blir unnatekne frå plikta.

Det vart vidare foreslått at det skal stillast krav om at namnet/føretaksnamnet til registreringseininga blir oppgitt i brev og forretningsdokument. Ei tilsvarande endring er foreslått i føretaksregisterlova. Det er behov for klarare regelverk på området.

Næringslivets Hovedorganisasjon støttar ei klargjering av regelverket på området, men synes omgrepet "forretningsdokument" er uklart og meiner forslaget går for langt i høve til kva som er nødvendig. Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen er positive til at reglane om dokumentopplysningar i føretaksregisterlova og i einingsregisterlova blir harmoniserte. Det bør stillast krav til meir omfattande opplysningar i aksjeselskap sine brev o.a. Dei peikar vidare på at omgrepet "brev og forretningsdokumenter" er uklart. Departementet går inn for å endre einingsregisterlova § 23 slik at det blir gjort unntak frå kravet om å gje opp organisasjonsnummer for enkeltpersonar som ikkje er innehavar av enkeltpersonsføretak. Ein støttar òg forslaget om å endre føresegna slik at det kjem klart fram at brev og forretningsdokument skal innehalde føretaksnamn/namn på registreringseininga. Til merknadene om at uttrykket "brev og forretningsdokumenter" er uklart, vil departementet vise til drøftinga av dette i kap. 4.4 i proposisjonen. Behovet for endring i einingsregisterlova på dette området vil bli tatt i samband med gjennomføringa av endringar i første selskapsdirektiv og endringar i føretaksregisterlova § 10-2.

Nærings- og handelsdepartementet foreslår å endre omgrepet einingstype til omgrepet organisasjonsform i einingsregisterlova § 5 andre ledd bokstav c for å harmonisere omgrepsbruken. Tilsvarande endring vil bli gjort i forskrifta til einingsregisterlova.

Nærings- og handelsdepartementet går inn for å endre omgrepet aksjefond til omgrepet verdipapirfond i einingsregisterlova § 4 første ledd bokstav b. Innhaldsmessig fører ikkje dette med seg nokon endring.