Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om lov om endringar i lov 6. juni 1891 nr. 2 om Guld-, Sølv- og Platinavarers Finhed og Stempling m.v.

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 76 (2004-2005)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 73 (2004-2005)
  • Dato: 19.04.2005
  • Utgiver: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 2
Til Odelstinget

1. Sammendrag

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Barne- og familiedepartementet legg fram forslag til lov om endringar i lov 6. juni 1891 nr. 2 om Guld-, Sølv- og Platinavarers Finhed og Stempling m.v. Departementet føreslår at varer av edle metall som er stempla med finleiksmerke, ikkje treng å stemplast med norsk ansvarsmerke dersom dei er stempla i samsvar med lovgivinga i ein stat som er part i EØS-avtalen, dersom visse føresetnader er oppfylte. Det blir gitt heimel til å kunne gi forskrifter om opphøyr og fornying av registrering av ansvarsmerke, og at det skal betalast avgift for fornyinga av registreringa. Ein føreslår at endringane blir tekne inn i § 4 i lova.

1.2 Bakgrunnen for lovforslaget

Det har vist seg at registrering av ansvarsmerke utan tidsavgrensing er uheldig, mellom anna fordi det er registrert merke som ikkje lenger er i bruk. I tillegg har alle dei andre nordiske landa ei tidsavgrensing. Patentstyret har derfor bedt om ei lov- og forskriftsendring for å få til eit meir fleksibelt og oppdatert regelverk. Det har også vore behov for å tilpasse lova til EU-krav om fri flyt av varer i dei tilfella der det edle metallet er stempla med lovleg varemerke i eit anna EØS-land.

1.3 Tidsavgrensing av ansvarsmerke

Ei vare som blir stempla med finleiksmerke, skal som hovudregel samstundes stemplast med eit ansvarsmerke. Ansvarsmerket fortel kven som har ført vara til marknaden (til dømes produsent eller importør), og gjer det mogleg å identifisere kven som har laga vara, til dømes kva for ein gullsmed.

Registrering av ansvarsmerke skjer hos Patentstyret (Styret for det industrielle rettsvern).

Departementet føreslo i høyringsnotatet at det blir teke inn i lov om Guld-, Sølv- og Platinavarers Finhed og Stempling m.v. § 4 første ledd ein heimel for å avgrense i tid registreringa av ansvarsmerke og dessutan opphøyr og fornying av slike registreringar. Vidare vart det teke inn heimel for behandling av søknader og nærmare avgiftssatsar for behandlinga av dei.

Ingen høyringsinstansar har hatt innvendingar mot forslaget om at det blir innført heimel for å gi forskrift om opphøyr, fornying og avgift for fornying av ansvarsmerke. Departementet har forma § 4 i samsvar med forslaget frå Justisdepartementet. Endringane er tekne inn i andre ledd.

1.4 Varer av edle metall innanfor EØS-området som er stempla med eit lovleg ansvarsmerke i heimlandet

Det er eit krav i lova at dersom ei vare av edelt metall blir finleiksstempla, skal ho samstundes stemp­last med eit norsk varemerke. I Varemerkeutredningen II rår ein til at det blir vurdert å gjere unntak frå denne regelen overfor verksemder innanfor EØS-området, som har stempla eit ansvarsmerke på vara i heimlandet sitt. Grunngivinga for forslaget er at ordninga i dag ser ut til å ha eit ikkje avklart forhold til reglane i EØS-avtalen om fri flyt av varer.

Barne- og familiedepartementet fremma eit slikt forslag i høyringsnotatet. I tillegg vart det fremma forslag om ei plikt for importøren og forhandlaren til å melde frå til Edelmetallkontrollen dersom eit merke er registrert i ein annan EØS-stat.

1.4.1 Vurderinga til departementet

Departementet ser det som viktig at kontrollen med varer av edle metall som blir omsette her i landet, held fram. Departementet føreslår ein modell som er tilnærma lik den danske modellen. Ved endringa må føresegna tilpassast reglane i EØS-avtalen om fri flyt av varer.

Etter lova § 7 kan det gjerast unntak frå føresegna i lova dersom dette er nødvendig av omsyn til avtale med ein annan stat eller til internasjonalt samarbeid. Føresegna kom inn da Noreg slutta seg til EFTA-konvensjonen om kontroll og merking av artiklar av edle metall. Retten til å gjere unntak er delegert til Barne- og familiedepartementet. Departementet føreslår likevel å ta inn i lova ein regel om at ei vare som er stempla i samsvar med lovgivinga i ein stat som er part av EØS-avtalen, ikkje treng å bli stempla med norsk ansvarsmerke under visse føresetnader. Det er viktig at dette går klart og tydeleg fram av lova.

2. Komiteens tilråding

Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt

vedtak til lov

om endringar i lov 6. juni 1891 nr. 2 om Guld-, Sølv- og Platinavarers Finhed og Stempling m.v.

I

I lov 6. juni 1891 nr. 2 om Guld-, Sølv- og Platinavarers Finhed og Stempling m.v. skal § 4 lyde:

Hvis en vare finhetsstemples, skal den også samtidig stemples med et ansvarsmerke med mindre dette er praktisk umulig. Dette gjelder ikke for en vare som er stemplet i samsvar med lovgivningen i en stat som er part i EØS-avtalen, forutsatt at

a)merket ikke er egnet til å forveksles med et norsk ansvarsmerke,

b)produsenten av varen kan identifiseres, og

c)det kan dokumenteres at merket er lovlig påført varen.

Importør eller forhandler skal gi melding med dokumentasjon til Edelmetallkontrollen med opplysninger om stemplingen før en vare som nevnt i forrige punktum, bringes i handelen.

Kongen kan gi nærmere forskrifter om stemplinger, herunder om søknadsbehandling og registrering av ansvarsmerker og om opphør og fornyelse av slike registreringer. Kongen kan herunder bestemme at det skal betales avgift for registrering av ansvarsmerker og fornyelse av registrering av ansvarsmerker.

Stemplingen behøver i intet Tilfælde at skje ved Guardein (§ 6). Foretages den af saadan, skal han tillige paatrykke sit eget, af Kongen bestemte Mærke.

II

Lova gjeld frå den tid Kongen bestemmer.

Kongen kan gi nærmare overgangsføresegner.

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 19. april 2005

Sonja Irene Sjøli Ulf Erik Knudsen
leder ordfører