Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.2 Kva skal registrerast i Lausøyreregisteret?

Departementet foreslår at framlegget i høyringsnotatet om at alle utleggspant med unntak av dei som skal registrerast i eit realregister, samt utleggstrekk og avgjerder om "inkje til utlegg" skal registrerast, vert gjennomført. Regjeringa si hovudmålsetning er å få til ei samordning av utleggstrekk som omfattar alle namsmaktene. Det er difor klårt at utleggstrekk frå alle særnamsmaktene må registrerast. Lausøyreregisteret vil ikkje gje full oversikt over trekka mot ein skyldnar om ikkje òg utleggstrekk frå skattefutane og skatteoppkrevjarane vert registrerte. Av omsyn til at det ikkje skal verte lagt ned høgare trekk enn det er høve til, er det òg viktig at desse særnamsmaktene gjer undersøkingar av andre trekk før dei legg ned nye trekk. Av ulike praktiske årsaker må ein vente noko før ordninga kan setjast i kraft for andre særnamsmakter enn Statens innkrevjingssentral.

Departementet meiner at utleggspant i fast eigedom ikkje bør registrerast i Lausøyreregisteret. Departementet kan ikkje sjå at det er naudsynt med ytterlegare registrering av utleggspant i fast eigedom i tillegg til registreringane i grunnboka og hos Norsk Eiendomsinformasjon.

For enkelte formuesgode kan ein få rettsvern for utleggspant berre ved tinglysing i Lausøyreregisteret. For ei anna gruppe av formuesgode kan rettsvern for utleggspant både fåast ved tinglysing i Lausøyreregisteret og på anna vis. For desse formuesgoda gjeld at registrering i Lausøyreregisteret gjev rettsvern berre andsynes kreditorane, medan den alternative rettsvernsakta gjev rettsvern òg andsynes godtruande omsetningservervarar. For ei tredje gruppe av formuesgode kan utleggspant ikkje få rettsvern ved registrering i Lausøyreregisteret.

Ved endringslova 11. juni 1993 nr. 83 vart ein regel om at alle utleggspant i anna enn realregistrerte formuesgode skal registrerast i Lausøyreregisteret, tatt inn i tvangsl. § 7-20 tiande ledd. Den føreslåtte endringa i tvangsl. § 7-20 tiande ledd vil medføre at utleggspantet må registrerast i Lausøyreregisteret òg dersom rettsvern allereie er etablert etter handpantregelen. Prioriteten for utleggspantet må då reknast frå tidspunktet for den første rettsvernsakta.

Departementet meiner at det ikkje er naudsynt å etablere eit system der det blir gjort merknad i Lausøyreregisteret om registreringa har rettsvernsverknad eller ikkje. Kor vidt tinglysinga i Lausøyreregisteret gjev rettsvern for utleggspantet, vil vere av interesse for den saksøktes øvrige kreditorar. Kreditorane vil normalt vere profesjonelle partar som ein må kunne gå ut frå gjennom lovverket vil kunne gjere seg kjende med om registreringa har rettsvernsverknad eller ikkje. Det vil gå fram av reglane i pantelova kapittel 5 på kva måte det kan etablerast rettsvern for utleggspant i forskjellige typar formuesgode. For å klargjere dette foreslår departementet ein regel om at registrering i Lausøyreregisteret berre gjev rettsvern dersom det følgjer av pantelova kapittel 5.

Etter tingl. § 35 er staten erstatningsansvarleg for tap som nokon uforskyldt lir på grunn av tinglysingsfeil, såframt tapet skyldast at vedkommande har stolt på ein pantattest eller tinglysingsattest. Det er lagt til grunn at denne regelen òg gjeld for Lausøyreregisteret, iallfall når det gjeld registrert pant i motorvogner. Departementet legg til grunn at regelen i tingl. § 35 ikkje vil kunne føre til ansvar for staten i tilfelle av manglande registrering av utleggspant som ikkje får rettsvern ved registreringa.

I departementets høyringsnotat heiter det:

"For utleggstrekk bør registreringen omfatte størrelsen på hvert trekk og hvilken periode trekket skal gjelde for… For at registeret skal fungere best mulig… må endringer som foretas i utleggstrekk, registreres. Det er derfor nødvendig at alle endringer av et trekk som namsmyndighetene gjør, registreres i Løsøreregisteret.

I tillegg bør det fremgå av registeret hvilken namsmyndighet som har nedlagt trekket... Det bør også fremgå hvilken prioritet trekket har i forhold til bestemmelsene i dekningsloven § 2-8."

Departementet meiner at det ikkje bør stillast opp skrankar i lova for kva slags opplysningar om utleggstrekk som skal vere tilgjengelege for dei andre namsmaktene. Opplysning om kva for namsmakt som har lagt ned trekket vil vere naudsynt for at namsmaktene lett skal kunne kontakte kvarandre. Av omsyn til at reglane om registrering av utleggstrekk skal sikre at prioritetsreglane i dekningslova § 2-8 vert etterlevde, må det gå fram kva for prioritet trekket har.

Når det gjeld trekkperioden er situasjonen spesiell for krav på underhaldstilskot, fordi det ikkje er krav om at det skal fastsetjast ein trekkperiode. Av omsyn til dei andre namsmaktene, bør det gjerast merknad i sakshandsamingssystemet om at trekkperioden er uavgrensa i saker om trekk for underhaldstilskot.

Det neste spørsmålet er kva for opplysningar som skal registrerast i Lausøyreregisteret, og dermed verte tilgjengelege for fleire. Det er klårt at Lausøyreregisteret må innehalde opplysningar om at trekk er lagt ned, og om storleiken på trekket. Derimot er det omsyn som taler mot at fordringshavarar, inkassobyrå mv. skal kunne få opplysningar om trekkas prioritet og om kva for namsmakt som har lagt ned trekket. Dette er svært sensitive opplysningar. Departementet meiner at personvernomsyn tilseier at slike opplysningar ikkje vert gjort tilgjengelege for andre enn namsmaktene. Departementet foreslår difor at opplysningar om kva for prioritet trekket har, ikkje skal gå fram av Lausøyreregisteret.

Opplysningar om kva for namsmakt som har lagt ned trekket, kan òg vere sensitive. Opplysning om kven som er namsmakt vil i første rekke vere av interesse for dei andre namsmaktene. Departementet foreslår difor at opplysningar om kva for namsmakt som har lagt ned trekket, berre skal vere tilgjengeleg for namsmaktene, og ikkje gå fram av Lausøyreregisteret.

Eit anna spørsmål er om opplysning om trekkperioden bør gå fram av Lausøyreregisteret. Departementet legg vekt på at det er ei viktig opplysning for kreditorane kva tid trekkperioden går ut, og foreslår difor at trekkperioden skal registrerast i Lausøyreregisteret.

Når det gjeld spørsmålet om kven som skal sørgje for melding til registeret om at trekk er stansa på grunn av byte av arbeidsgjevar, finner departementet det klårt at denne plikta må påliggje den namsmakta som har lagt ned det trekket som vart stansa.

I høyringsrunden er det reist spørsmål om kva som skal skje dersom trekket må "setjast i 0" for ei tid, på grunn av seinare trekk med høgre prioritet. Dersom eit tidlegare trekk vert utsett på grunn av eit mellomkommande trekk med høgre prioritet, meiner departementet at dette bør avmerkast i sakshandssamingssystemet. Det vil då gå fram at det første trekket vil kunne tre inn på nytt i løpet av trekkperioden.

Ordninga vil verte basert på automatiske rutinar. Spørsmålet om sanksjonar mot namsmakter som ikkje oppfyllar plikta til å registrere utleggstrekk, og spørsmålet om unntak frå registreringsplikta for heilt kortvarige trekk, kjem difor i eit anna lys enn i 1992 og under høyringa i 2000. Departementet kan ikkje sjå at det er behov for sanksjonsreglar når ein baserer seg på automatiske rutinar. Når det gjeld registrering av heilt kortvarige trekk, foreslår departementet at ein for tryggleiks skuld likevel bør ha ein heimel til å gjere unntak frå registreringsplikt.

Etter tvangsfullføringslova § 7-25 skal ei tvangsforretning som endar med at det ikkje vert tatt utlegg, avsluttast ved at namsmannen gjev begge partar utskrift av namsboka som syner utfallet og kva som er gjort. I namsboka skal det kortfatta gjerast greie for kva undersøkingar namsmannen har føretatt for å utgreie skyldnarens formuestilhøve, og på kva måte namsmannen har vore eller har søkt å kome i kontakt med skyldnaren. Saksøkjaren kan klage på ei avgjerd om "inkje til utlegg".

Ved endringa ved lov 11. juni 1993 nr. 83 vart det presisert i tvangsl. § 7-25 at paragrafen gjeld når utlegg ikkje vert tatt av di den saksøkte ikkje har formuesgode eller lønn eller andre pengekrav som det kan takast utlegg i. Vidare vart det fastsett at utskrift av namsboka utan ugrunna opphald skal sendast til registrering i Lausøyreregisteret. I tredje punktum vart det fastsett at plikten til oversending til Lausøyreregisteret ikkje gjeld for særnamsmaktene. Særnamsmaktene har varierande kompetanse til å ta utleggspant.

Utgangspunktet er at tvangsfullføringslova berre gjeld for dei alminnelege namsmaktene, med mindre noko anna er fastsett i særlovgjevinga. Av di dei fleste særnamsmaktene ikkje har høve til å halde forretning for utleggspant i alle formuesgodar som skyldnaren eig, har dei oftast ikkje grunnlag for å fastslå at det ikkje finst noko å ta utlegg i. Dei kan berre konstatere at det ikkje finst noko å leggje ned utleggstrekk i, og at det heller ikkje finst beslagbare formuesgode som dei sjølv har kompetanse til å ta utleggspant i.

I høyringsnotatet heiter det:

"Det må også vurderes i hvilken utstrekning beslutning om at det ikke er noe å ta utlegg i hos skyldneren, bør registreres. Tvangsfullbyrdelsesloven § 7-25 tredje punktum (etter endringsloven i 1993) medfører at særnamsmyndighetens beslutninger om intet til utlegg er unntatt fra registrering i Løsøreregisteret. Begrunnelsen for dette er at særnamsmyndighetene sjelden holder en formell utleggsforretning … De foretar derfor undersøkelser i forhold til skyldneren som ledd i sin innkreving, men utformer sjelden en formell beslutning om "intet til utlegg"… Samtidig vil det være mange slike avgjørelser som ikke foretas formelt, men som vil kunne ha stor verdi for kreditorer og potensielle kredittytere. Det er likevel viktig at registrering i Løsøreregisteret ikke pålegger særnamsmyndighetene nye plikter i forhold til å avholde formelle forretninger for intet til utlegg."

Det avgjerande for om ei avgjerd om "inkje til utlegg" frå ei særnamsmakt skal registrerast, må, slik departementet ser det, vere om særnamsmakta har full kompetanse til å ta utleggspant i tillegg til utleggstrekk, og at det er halde ei formell forretning. Etter det departementet kjenner til, treffer skattefutane ofte formelle avgjerder om "inkje til utlegg". Det er då ingen grunn til at deira avgjerder ikkje skal vere omfatta av registreringsplikta.

Departementet har merka seg at fleirtalet av høyringsinstansane ønskjer at alle avgjerder om "inkje til utlegg" frå særnamsmaktene skal registrerast, særleg ut frå kredittopplysningsomsyn. Departementet meiner likevel det ikkje bør innførast registreringsplikt for slike avgjerder frå særnamsmakter som ikkje har kompetanse til å ta utleggspant i alle formuesgode. Ei namsmakt som berre har kompetanse til å treffe avgjerd om utleggstrekk og enkelte former for utleggspant, vil ikkje kunne konstatere at det finst "inkje til utlegg" hos skyldnaren. Det vil då vere misvisande å registrere ei avgjerd om at det finst "inkje til utlegg" hos skyldnaren.

Heller ikkje i dei tilfella der særnamsmaktene som ledd i si kreditorrolle undersøkjer skyldnaren si formuesstilling, og på bakgrunn av undersøkinga finn at det ikkje bør haldast utleggsforretning, bør det etter departementets syn innførast ei plikt til formalisering og registrering. Det er grunn til å tru at ei slik plikt vil verke fordyrande og kompliserande for særnamsmaktene. Personvernomsyn taler sterkt mot at slike uformelle undersøkingar vert registrerte.