Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Utleggspant skal generelt slettast frå Lausøyreregisteret når det er openbart at heftinga har falle bort. Utleggspantet skal difor slettast frå registeret når kravet det er tatt utlegg for, er gjort opp. For utleggspant som ikkje er registrert i eit realregister, fastset pantelova som hovudregel at panteretten materielt sett fell bort som forelda etter tre år. Når utlegget har falle bort som forelda, kan det slettast frå Lausøyreregisteret. Etter pantelova har ein kreditor som er offentlig myndigheit, og som har utleggspant for sitt krav, plikt til å sørgje for sletting av pantet innan ein månad etter at kravet er opphøyrd. For utleggspant i fast eigedom er regelen at verknaden av tinglysinga fell bort etter fem år. Når verknaden av tinglysinga har falle bort, skal registerføraren av eige tiltak slette heftinga.
Departementet meiner at slettingsreglane for utlegg som får rettsvern på annan måte enn ved registrering i Lausøyreregisteret, men som likevel er registrert der av omsyn til kredittopplysning, bør vere dei same som for andre utleggspant. Departementet meiner det bør presiserast i forskrift kva for reglar som skal gjelde om sletting frå registeret av utleggspant som ikkje får rettsvern ved tinglysinga der.
Når det gjeld utleggstrekk, foreslår departementet å føre vidare framlegget i høyringsnotatet om at utleggstrekket skal slettast frå Lausøyreregisteret når trekkperioden er gått ut, eller når utleggstrekket av andre grunnar har falle bort.
Departementet meiner at ei avgjerd om "inkje til utlegg" bør slettast frå registeret når kravet som var bakgrunnen for utleggsforretninga er gjort opp eller av andre grunner har falle bort. At skyldnaren har gjort opp kravet, eller at kravet av andre grunnar har falle bort, er ein indikasjon på betring i økonomien som tilseier at utleggsforretninga bør slettast.
Utkastet til ny § 7-29 i tvangsfullføringslova regulerer situasjonen der det er registrert ei utleggsforretning med resultat "inkje til utlegg". Dersom kravet er dekka eller falle bort eller dersom tvangsgrunnlaget er oppheva, falle bort eller kjent ugyldig, skal forretninga etter lovframlegget slettast frå Lausøyreregisteret.
Ved vurderinga av kor lenge ei avgjerd om "inkje til utlegg" skal stå registrert når kravet ikkje er gjort opp, må det leggjast vekt på omsynet til skyldnaren og omsynet til at registeret skal gje tilstrekkelig gode kredittopplysningar. Etter departementets syn vil ein regel om at avgjerder om "inkje til utlegg" skal stå registrert i tre år, kombinert med ein regel om at registreringa skal slettast når kravet er oppgjort, gje best samsvar med dei øvrige reglane for kredittopplysningar. At registreringa skal slettast når kravet vert gjort opp, sikrar mot at registeret gjev eit galt inntrykk i saker kor det er klårt at skyldnarens økonomi er betra.