Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Reidar Sandal, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Signe Øye, frå Høgre, Peter Skovholt Gitmark, Hans Kristian Hogsnes og Kari Lise Holmberg, frå Framstegspartiet, Torbjørn Andersen og Per Sandberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Ruth Stenersen og Anita Apelthun Sæle, og frå Senterpartiet, leiaren Magnhild Meltveit Kleppa, viser til at departementet føreslår mindre endringar i arbeidstvistlova sine reglar om Arbeidsretten. Komiteen er nøgd med at departementet føreslår kjønnsnøytrale stillingsnemningar i Arbeidsretten og gjev også si støtte til dei andre endringane.