9. Auking av reindriftsfrådraget

9.1 Samandrag

Finansdepartementet legg fram forslag om at den øvre grensa i reindriftsfrådraget skal aukast med 10 000 kroner til 71 500 kroner.

Reindriftsfrådraget må sjåast i samanheng med dei økonomiske verkemidla i reindriftsavtalen. Auken i reindriftsfrådraget vil betre rammevilkåra for næringa.

Departementet viser til forslag om endring av anna punktum i skattelova § 8-1 sjette ledd.

Forslaget vil ikkje ha administrative konsekvensar.

Provenytapet av å auke reindriftsfrådraget med 10 000 kroner er på usikkert grunnlag berekna til 300 000 kroner påløypt og 250 000 kroner bokført i 2006.

9.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, sluttar seg til framlegget frå Regjeringa om endring i skattelova § 8-1 sjette ledd.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til Regjeringens forslag om økt, øvre grense for reindriftsfradraget. Disse medlemmer er av den oppfatning at dagens reindriftspolitikk er mislykket og at samtlige virkemidler i reindriftspolitikken må gjennomgås om de er målrettet nok og samfunnet oppnår de samfunnsmessige gevinster som er ønsket. Disse medlemmer vil gå imot å øke fradraget for reindrift til 71 500 kroner.