Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om lov om beredskapslagring av petroleumsprodukt

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 69 (2005-2006)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 80 (2005-2006)
  • Dato: 01.06.2006
  • Utgiver: Energi- og miljøkomiteen
  • Sidetall: 2
Til Odelstinget

Samandrag

Olje- og energidepartementet legg i proposisjonen fram utkast til lov om beredskapslagring av petroleumsprodukt. Det er i dag staten ved Olje- og energidepartementet som står for beredskapslagringa og som eig petroleumsprodukt tilsvarande om lag dagleg forbruk for 18 dagar i Noreg. Beredskapslagring av petroleumsprodukt er ein del av det norske totalforsvarskonseptet, men trusselbiletet Noreg står overfor, har endra seg, og behovet for beredskapslagring har endra seg tilsvarande.

Departementet ynskjer å tilpasse beredskapslagringa til situasjonen slik han er i dag – og foreslår ei ny ordning for beredskapslagring av petroleumsprodukt. Dei lagra voluma skal kunne nyttast til å sikre forsyningane til den norske marknaden i fall leveransane vert forstyrra. I tillegg kan voluma nyttast som tilskot til ein samordna krisehandteringsplan innanfor ramma av Det internasjonale energibyrået (IEA).

Dersom ein skal påleggje private aktørar å halde lager, må det heimlast i lov. Gjeldande lovgiving om beredskap gir ikkje tilstrekkeleg heimel for påbod om slik lagring. Føremålet med den nye lagringa er òg noko meir omfattande enn føremålet var for gjeldande beredskapslovgiving. Kven som skal påleggjast å halde lager av petroleum og petroleumsprodukt, bør difor gå fram av ei lov.

Nærare retningslinjer om fastsetjing av lagringspliktige produkt, omfang og oppfylling av lagringsplikta, rapportering osv. vil verte detaljerte og av meir teknisk karakter. Dei bør etter Olje- og energidepartementet si vurdering gå fram av ei forskrift.

I framlegget til ny lov om petroleumsprodukt legg departementet opp til at produsentar og importørar av petroleumsprodukt skal påleggjast ei lagringsplikt. Det går fram av § 1 i lovframlegget, at Kongen i forskrift kan avgjere at den som her i landet tilverkar eller importerer petroleumsprodukt, pliktar å halde beredskapslager av desse produkta. I den same føresegna får òg Kongen delegert kompetanse til å fastsetje forskrift om dei nærare reglane om omfang og oppfylling av lagringsplikta, fastsetjing av lagringspliktige produkt, rapportering osv.

Lova gir heimel til å fastsetje i forskrift nærare føresegner om administrative sanksjonar for brot på føresegnene i lova.

Departementet har greidd ut forholdet til Svalbard ut frå føremålet med lova og kome fram til at lova ikkje skal gjelde for Svalbard.

Departementet planlegg å gi retningsliner for utmåling av gebyr i forskrifta. Lovframlegget set ei øvre grense på 10 mill. kroner per vedtak. Departementet understrekar at dette er ei øvre grense, og at gebyr i den øvre delen av skalaen skal vere reservert for grove og gjentekne brot. Eit "gjennomsnittsgebyr" skal liggje godt under 10 mill. kroner. Det skal mellom anna takast omsyn til kor grovt brotet er, kor lenge det varer, den preventive effekten og den økonomiske evna til føretaket.

Beredskapsbehaldningane skal etter planen seljast i 2006. Når den nye lagermodellen er etablert og departementet har avhenda beredskapslagra sine, vil det årleg kome på eit mindre beløp til oppfølging og kontroll av at selskapa oppfyller forpliktingane sine.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Asmund Kristoffersen, Khalid Mahmood, Eva M. Nielsen, Tore Nordtun, Torny Pedersen og Terje Aasland, fra Fremskrittspartiet, Torbjørn Andersen, Tord Lien og Ketil Solvik-Olsen, fra Høyre, Børge Brende og Ivar Kristiansen, fra Sosialistisk Venstreparti, Heidi Sørensen, fra Kristelig Folkeparti, Line Henriette Holten Hjemdal, fra Senterpartiet, Ola Borten Moe og fra Venstre, lederen Gunnar Kvassheim, viser til at proposisjonen omhandler innføring av ny ordning for beredskapslagring av petro­leumsprodukter.

Komiteen sier seg enig i at det i dag ikke er formålstjenlig med beredskapslagring som må inngå i et totalforsvarskonsept, men at de lagrede volumer kan nyttes i andre situasjoner, for eksempel i forbindelse med problemer i produktleveransen.

Komiteen mener det er viktig at produktene er i samsvar med det samfunnet etterspør, for om nødvendig å kunne brukes til å sikre forsyninger i fredstid.

Komiteen mener det er riktig at selskap som produserer eller importerer lagringspliktige petro­leumsprodukt og biodrivstoff, er de som i framtiden plikter å holde lager av disse produktene. Disse aktørene har lagringskapasitet, og de vil kunne dra nytte av den nye lagermodellen - blant annet ved å holde beredskapslager i komponenter og råolje.

Komiteen viser til at dersom foretaket bryter forutsetningene for lagringsplikten, f.eks. med for lite lager, eller at produktene som lagres ikke er i tråd med forutsetningene, så kan departementet kreve gebyr fra foretaket for brudd på loven.

Komiteen slutter seg til lovendringen foreslått i proposisjonen, og vil bemerke at loven ikke skal gjelde for Svalbard.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lovom beredskapslagring av petroleumsprodukt

§ 1

For å sikre forsyningane av petroleum og petroleumsprodukt både nasjonalt og internasjonalt kan Kongen i forskrift avgjere at den som her i landet importerer eller produserer petroleumsprodukt og biodrivstoff, pliktar å halde lager av desse produkta.

Kongen kan vidare gi nærare føresegner om

a) kven lagringsplikta gjeld for

b) lagringspliktige produkt

c) omfang og oppfylling av lagringsplikta

d) bruken av volum som skal beredskapslagrast, og

e) reglar om rapportering og tilsyn med beredskapslagringa.

§ 2

Departementet kan krevje gebyr frå føretak for brot på lova dersom nokon som har handla på vegner av føretaket har brote føresegner gitt med heimel i denne lova. Gebyret for brot kan ikkje overstige 10 millionar kroner per vedtak. Endeleg vedtak om gebyr for brot er tvangsgrunnlag for utlegg. Dersom føretaket går til søksmål mot staten for å prøve vedtaket, kan retten prøve alle sider ved saka.

Departemenet kan gi forskrift med nærare reglar om fastsetjing og gjennomføring av vedtak om gebyr for brot. Forskrifta kan innehalde reglar om oppfyllingsfrist for vedtak om gebyr for brot, rente og tilleggsgebyr dersom gebyret ikkje vert betalt ved forfall, og i særlege tilfelle høve til å avstå frå å krevje inn pålagde gebyr.

§ 3

Denne lova tek til å gjelde straks.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 1. juni 2006

Gunnar Kvassheim Torny Pedersen
leiar ordførar