Innleiing

Stortingets fullmaktskomité omtaler ein del forhold rundt avviklinga av stortingsvalet i 2005 i Innst. S. nr. 1 (2005-2006).

Bruk av røystesetlane til departementet ved førehands­røystegivinga

Det følgjer av valforskrifta § 27 tredje ledd at veljarar som førehandsrøystar utanfor sin eigen valkrins, skal få utlevert ein avkryssingsrøystesetel med namna til dei registrerte politiske partia. Røystesetelen inneheld såleis namna på alle dei politiske partia, uavhengig av om partiet ikkje stiller liste i nokon valkrins eller i alle valkrinsane.

Stortingets fullmaktskomité har peika på at det med den eksisterande ordninga er fare for at veljarar røystar på eit parti som ikkje stiller liste i valkrinsen deira. Risikoen for at dette skal skje, bør reduserast mest mogleg.

Departementet legg til grunn at departementet framleis skal sørgje for å trykkje opp røystesetlar som skal nyttast av veljarar som røystar utanfor sin eigen valkrins. For alle praktiske og økonomiske formål er da den einaste løysinga å lage ein felles type røystesetel til bruk over heile landet (og i utlandet) ved førehandsrøystegivinga. Spørsmålet blir korleis ein kan redusere risikoen for at veljarar som førehandsrøystar, røystar på eit parti som ikkje stiller liste i valdistriktet deira. Det vil i praksis ikkje vere mog­leg å hindre at det oppstår slike situasjonar.

Stortingets fullmaktskomité nemner sjølv at eit mogleg tiltak vil vere å setje opp oppslag i førehandsrøystelokala med informasjon om kva for parti som stiller liste ved valet. Etter det departementet kjenner til, blir det gjort i ein viss grad alt i dag. Departementet er samd i at eit slikt oppslag vil kunne hindre at somme veljarar røystar på parti som ikkje stiller liste i valdistriktet deira, sjølv om nok ikkje alle veljarane vil leggje merke til eit oppslag. Men slik departementet ser det, vil eit slikt tiltak berre kunne gjennomførast ved stortingsval og fylkestingsval.

Departementet meiner at valmyndigheitene har avgrensa høve til å hindre at veljarar førehandsrøystar på eit parti som ikkje stiller liste i valkrinsen deira. Departementet har ved dei siste vala trykt informasjon på røystesetlane til departementet om at ikkje alle parti som er oppførte på røystesetelen, stiller liste i alle valkrinsane. Dette saman med eit oppslag i førehandsrøystelokalet om kva for parti som stiller liste i kva for valkrinsar ved stortingsval og fylkestingsval, vil kunne redusere talet på forkasta røystesetlar.

Slik departementet ser det, er det grunn til å tru at veljarar i utlandet i mindre grad enn veljarar innanriks har kunnskap om det partiet ein ønskjer å røyste på, stiller liste i valkrinsen til vedkommande. Ei oversikt over kva parti som stiller liste i kva for valkrinsar, vil ikkje vere ferdig i tide til å kunne bli distribuert utanriks saman med resten av valmateriellet.

Det er etter måten få røystesetlar som blir forkasta fordi veljaren førehandsrøystar på eit parti eller ei gruppe som ikkje stiller liste i valdistriktet til vedkommande. Ved stortingsvalet i 2005 vart 295 røystesetlar forkasta på grunn av dette. Mange veljarar vil truleg heller ikkje leggje merke til informasjon som eventuelt blir slått opp i røystelokalet. Dette gjer at det nok er grenser for kor mykje det er mogleg å redusere talet på røystesetlar som kjem til å bli forkasta fordi veljarane røystar på parti som ikkje stiller liste i valkrinsen deira.

Departementet finn likevel at det er grunn til å leggje til rette for oppslag med oversikt over kva parti eller grupper som stiller liste i dei ulike valkrinsane. Tiltaket vil i alle fall til ein viss grad kunne medverke til å hindre at veljarar røystar på parti eller grupper som ikkje stiller liste i valdistriktet deira. Tiltaket vil kunne gjennomførast på ein enkel og billig måte, da opplysningane likevel vil bli samla inn for å bli nytta i valnattsystemet til departementet. Departementet ser for seg at oversikta blir lagd ut på internettsida www.valg.no. Samstundes vil departementet gå ut med oppmoding til kommunane om å gjere informasjonen tilgjengeleg for veljarane i førehandsrøystelokala. Når det gjeld veljarar utanriks, vil utanriksstasjonane bli informerte om at ei slik oversikt kjem til å bli lagd ut på Internett, og at denne oversikta bør skrivast ut og vere tilgjengeleg for veljarane når dei kjem for å røyste.

Rutinar dersom det manglar røystesetlar i vallokalet

Vallova § 7-1 pålegg valmyndigheitene å trykkje røystesetlar for alle vallister som er godkjende til det aktuelle valet. Departementet meiner at i dette ligg det indirekte ei plikt til å sørgje for at røystesetlar for alle vallistene er tilgjengelege i vallokala, også i førehandsrøystelokala. Dette har departementet understreka i valhandboka si.

Verken vallova eller valforskrifta inneheld reglar som direkte regulerer at røystesetlar skal leggjast ut i røysteavlukka (eller på avskjerma bord) i vallokala. Det at røystesetlane skal leggjast ut slik at andre ikkje kan sjå kva for røystesetlar ein veljar nyttar, må likevel slik departementet ser det, vere ein konsekvens av formålsføresegna i vallova, som mellom anna viser til at valet skal vere hemmeleg.

Stortingets fullmaktskomité har peikt på at det vart registrert nokre tilfelle der det mangla røystesetlar i røysteavlukka på valdagen, eller der veljarane ikkje fann røystesetlar for alle vallistene. Komiteen finn dette meget uheldig. Komiteen viser òg til ei klage på at det mangla røystesetlar i samband med førehandsrøystegjevinga i ein kommune og uttaler:

"Komiteen ber departementet vurdere om det bør gis regler i lov eller forskrift om fremgangsmåten i slike tilfelle. Det samme kan gjelde ved tilsvarende problem på valgtinget (…)."

Departementet har vurdert om det bør fastsetjast reglar i vallova eller valforskrifta som pålegg dei som tek imot røyster, å kontrollere røysteavlukka jamleg for å sikre at røystesetlar til kvar tid er tilgjengelege for veljarane, men kan ikkje sjå at det vil vere noko å hente på å regelfeste dette forholdet.

Departementet meiner at ein i staden for regelfesting bør satse på forsterka informasjon overfor kommunane for å unngå slike tilfelle som er nemnde i fullmaktsinnstillinga. I valhandboka si vil departementet også understreke kor viktig det er å sjå til at røystesetlar for alle godkjende vallister, saman med blanke røystesetlar, alltid er tilgjengelege for veljarane. Departementet vil også lage plakatar som informerer om kva ein veljar skal gjere dersom vedkommande ikkje finn røystesetelen for det partiet han eller ho ønskjer å røyste på. Desse plakatane vil bli lagde ut på Internett, slik at kommunane kan skrive dei ut og hengje dei opp i vallokala.

Møtebøker og bruk av valsystem ved val

Fullmaktskomiteen har vist til at det er avgjerande for Stortinget sin kontroll av valets gyldigheit at møtebøkene er nøyaktig utfylte og inneheld korrekt informasjon.

Møtebøker

Departementet utformar formular som skal nyttast ved protokollering av valresultat. Dei formulara som ligg føre, er utarbeidde i samarbeid med kommunane. Formulara er laga i word-format og i excel-format. Dataleverandørane til kommunane og fylkeskommunane integrerer møteboka i valdatasystemet deira, noko departementet ikkje har hatt merknader til såframt postsystemet og oppsetta i formulara blir nytta.

Datasystemet kommunane nyttar, inneheld såleis ei integrert møtebok som er basert på møtebokformular departementet har fastsett. Dette fungerer på ein slik måte at systemet genererer ei utfylt møtebok som er basert på data som blir lagde inn i systemet. Det vil seie at ein kommune eller fylkeskommune ikkje sjølv fysisk fyller ut sjølve møteboka.

Departementet har i møte med fylkeskommunar og kommunar diskutert ulike spørsmål rundt møtebøkene, mellom anna om utforminga av formulara fungerer tilfredsstillande, om kommunane får god nok opplæring i utfyllinga, om det oppstår særlege problem med integreringa av møteboka i datasystema til kommunane, osv.

Tilbakemeldingar til departementet kan tyde på at det ikkje er utforminga av sjølve møtebokformularet som genererer feil. Årsakene til feilføringa vil for det meste vere 1) for lite kunnskap om kva som skal førast og/eller 2) for liten kjennskap til datasystemet og dei data som ligg til grunn for ei automatisk generert møtebok.

Kommunar og fylkeskommunar departementet har hatt møte med, meiner problema ved det førre valet først og frems skuldast manglande kompetanse hos valmedarbeidarar. Datasystem som ein nyttar i mange kommunar, genererer møteboka automatisk på bakgrunn av tal som er lagde inn i systemet. Mang­lande forståing for samanhengen i valsystemet kan føre til feilkjelder ved innføring i datasystemet og dermed feil i møteboka. Kommunane meiner møtebokformularet i seg sjølv fungerer svært godt. Men dei peiker på at ei grunnleggjande forståing for gjennomføringa av val er heilt nødvendig for å forstå korleis møteboka skal førast. Dei meiner det må vere ein føresetnad at alle kommunar i god tid før valet set seg godt inn i korleis boka skal førast, også dersom kommunen nyttar datasystem.

Departementet meiner inngåande kjennskap til oppbygginga av møteboka og føringa av boka er heilt nødvendig for å sikre eit korrekt oppteljingsresultat, uavhengig av om møteboka blir fylt ut manuelt eller ved hjelp av datasystem. Utfylling ved hjelp av datasystem krev at valstyret forstår kva som ligg til grunn for utskrifter frå systemet, korleis tal frå systemet kjem fram, og den indre samanhengen mellom tala. I motsett fall vil det også i mindre grad vere i stand til å oppdage feil. Det er kvar enkelt kommune som er ansvarleg for oppteljingsresultatet, og kvart valstyre må kunne vise korleis dei har komme fram til resultatet. På bakgrunn av dei tilbakemeldingane som har komme inn, meiner departementet det ikkje skulle vere behov for å gjere særlege endringar i møtebokformulara.

Ved valet i 2005 vart fleire av møtebøkene til fylka leverte til departementet og Stortinget med opplagt feil tal. Feila var så tydelege at mykje tyder på at fylka neppe kan ha kontrollert at bøkene var korrekte før dei vart sende inn. Dette er ikkje forsvarleg, og departementet har prøvd å finne ut kva desse feila kjem av.

Når fylket og kommunane i fylket nyttar den same systemleverandøren, blir resultata frå kommunane integrerte i datasystemet til fylket ved at tal blir overførte direkte til fylkeskommunesystemet. Somme fylke ser ikkje ut til å ha kontrollert at tala som vart overførte, var korrekte. Det var heller ikkje lagt inn sikkerheitsmekanismar i systemet, noko vi får opplyst skal vere på plass til neste val. Departementet vil i opplæringsmøte med fylkeskommunane føre det neste stortingsvalet leggje særleg vekt på at fylkeskommunane har eit viktig ansvar for legalitetskontroll av resultatet i kommunane.

Om bruk av datasystem

Departementet har ikkje grunnlag for å uttale seg om teknologien i datasystema, eller for å hevde at det er noko i vegen med sjølve systema. Mykje tyder på at kommunane har for liten kunnskap om korleis systema fungerer.

Fylke og kommunar peiker også på at det er heilt nødvendig at kvar kommune tek ein heilskapleg systemgjennomgang og testing av det datasystemet som skal nyttast ved val. Det er viktig for å finne eventuelle veike punkt. Ein gjennomgang er også viktig med omsyn til opplæring.

Fleire stader er det vanleg at fleire kommunar og eventuelt fylkeskommunar går saman om å kjøpe inn datasystem til bruk ved val. Dette gir gode rutinar, og fleire melder om svært god erfaring med denne typen samarbeid.

For å få til ei best mogleg gjennomføring og sikre eit korrekt oppteljingsresultat ser sentrale stikkord ut til å vere god kjennskap til reglar for val og praktisk erfaring frå gjennomføring av val. Det krev igjen at det blir lagt vekt på og gitt tilstrekkeleg opplæring i samband med gjennomføringa.

I høyringsnotatet som ligg til grunn for proposisjonen, peikte departementet på at det er usikre faktorar ved all bruk av teknologi. Dette gjeld også ulike tekniske løysingar som blir nytta ved oppteljing av røystesetlar. Samstundes er vi avhengige av at ulike tekniske løysingar ikkje fører til at det i ettertid blir sådd tvil om valet er gyldig. Det har frå visse hald vorte stilt spørsmål om IKT-baserte system, slik som optiske lesarar for teljing av røystesetlar, bør komme inn under ei statleg godkjenningsordning. Formålet med ei slik godkjenning er at ein på førehand får kontrollert at systema og maskinane gjer det dei skal på ein korrekt måte. Ei godkjenningsordning kan vere viktig, men er ikkje alltid nok for å få gjennomført eit korrekt val. Mange feil skuldast menneskeleg svikt.

Spørsmålet om innføring av elektronisk røystegiving vart nyleg vurdert av ei arbeidsgruppe. Rapporten deira, "Elektronisk stemmegivning - utfordringer og muligheter", vart lagd fram for departementet i februar 2006. Arbeidsgruppa føreslår at det blir innført ei godkjennings- og sertifiseringsordning for system som skal nyttast for elektronisk røystegiving, og viser mellom anna til føresegner om dette i rekommandasjon frå Europarådet om elektronisk røystegiving. Arbeidsgruppa framhevar også at ei slik godkjenningsordning av ein uavhengig instans er svært viktig for tilliten til valsystemet. Departementet har enno ikkje teke stilling til forslaget frå arbeidsgruppa.

Departementet meiner det kan vere nødvendig at ein også vurderer eventuelle godkjenningsordningar for skannarar når ein skal behandle spørsmålet om eventuelt å innføre godkjennings- og sertifiseringsordningar for system ved elektronisk røystegiving. Elektroniske system som blir nytta ved val, kan vere samansette av ulike modular, verktøy for administrativ gjennomføring, manntalssystem, elektronisk røystegiving, elektronisk oppteljing (skannarar) osv. Spørsmålet om eventuelle godkjenningsordningar for alle typar elektroniske system som ein bruker ved røystegiving eller oppteljing av røystesetlar, bør vurderast samla. Departementet vil derfor sørgje for at dette blir vurdert i samband med arbeidet med elektronisk røystegiving.

Departementet vil i framtida arrangere opplæringsmøte med alle fylkeskommunar før stortingsval for mellom anna å gjennomgå møtebøkene.

Sikkerheitskoda røystesetlar

Sikkerheitskoda røystesetlar er ikkje knytte til det å røyste ved hjelp av elektroniske medium. Sikkerheitskodar kan nyttast på papirrøystesetlar. Slike kodar kan nyttast på røystesetlar som skal teljast i optiske lesarar, til dømes for å unngå at den same setelen blir tald to gonger maskinelt.

Bruk av sikkerheitskodar på røystesetlane er ikkje berre - og heller ikkje i første rekkje - eit økonomisk spørsmål. Denne typen røystesetlar reiser ein del prinsipielle spørsmål i samband med anonymiteten til veljaren. Departementet vil greie ut spørsmålet nærmare og melde tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.