Innstilling frå næringskomiteen om lov om endring i lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur (akvakulturloven)

Dette dokument

Til Odelstinget

1. Samandrag

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Fiskeri- og kystdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg til lov om endring i lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur (akvakulturloven). Formålet er å leggje til rette for å gjere om dagens gebyr for tilsyn og kontroll av lokalitetar til ei sektoravgift i tråd med nye retningslinjer utarbeidde av Finansdepartementet. § 26 gir departementet heimel til å fastsetje gjennom forskrifter gebyr for oppgåver som blir gjort av statlege styresmakter innanfor området til akvakulturlova. Lovframlegget går ut på å leggje til "avgift" i akvakulturlova § 26 slik at departementet òg får heimel til å gi forskrift om avgift om tilsynsarbeid.

1.2 Bakgrunnen for lovframlegget

Ved handsaminga av St.prp. nr. 1 for budsjettåret 2007 har Stortinget lagt til grunn at enkelte tilsynsoppgåver skal finansierast av ei sektoravgift. Hovudmålet med ei sektoravgift er å finansiere utgiftene til bestemde tiltak, for eksempel fellestiltak for ei næring der avgiftene vert betalte av næringa sjølv.

Gebyret er ein fast sum knytt til kvar lokalitet, og er ikkje direkte knytt til tilsynshandlingane. Utviklinga synest òg å gå i retning av meir risikobasert kontrollarbeid der ikkje alle lokalitetar vert kontrollerte i løpet av ein bestemt tidsperiode. Det er difor slik at gebyrpliktige ikkje kvart år mottek ei klart definert offentleg styresmakthandling. Gebyrordninga bør difor endrast til ei sektoravgift.

1.3 Høyringa

Fiskeri- og kystdepartementet sende 13. februar 2007 på høyring eit notat med forslag til endring i akvakulturlova.

Det kom inn svært få merknader til forslaget i høyringa. Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening understrekar forskjellane mellom gebyr og avgift, og at det offentlege får ein breiare lovheimel til å påleggje næringa avgifter. Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening tek til etterretning at endringa vert gjort for å endre kontroll- og tilsynsgebyret.

1.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget medfører ikkje nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.

2. Komiteen sine merknader

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunvor Eldegard, Sigrun Eng, Steinar Gullvåg, Sigvald Oppebøen Hansen og Arne L. Haugen, frå Framstegspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Kåre Fostervold og Øyvind Korsberg, frå Høgre, Torbjørn Hansen og Petter Løvik, frå Sosialistisk Venstreparti, Aud Herbjørg Kvalvik, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn, frå Senterpartiet, leiaren Lars Peder Brekk, og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, viser til at det har kome inn svært få merknader til forslaget til lovendring under høyringsprosessen. Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening understrekar likevel i høyringsutsegna si at det offentlege vil få ein breiare lovheimel til å påleggje næringa avgifter. Dette innser òg komiteen, men meiner likevel at Regjeringa sitt framlegg til lovendring er i tråd med det generelle oppryddingsarbeidet i gebyr- og avgiftssystemet som blei starta av den førre regjeringa og som blir vidareførd av dagens regjering. Det er etter komiteen sitt syn riktig å redusere gebyrordningar til berre å dekkje kostnadene det offentlege har med ei klart definert oppgåve, mens det i tillegg kan opnast for sektoravgifter for å finansiere utgiftene til bestemde tiltak der dette er formålstenleg.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til innspill i høringsprosessen fra Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening om at forslaget vil gi det offentlige en bredere hjemmel for å pålegge næringen avgifter. Disse medlemmer mener at forslaget til ny § 26 bare skal benyttes som en del av oppryddingsarbeidet i gebyr- og avgiftssystemet, og at næringen ikke skal pålegges nye tyngende avgifter og gebyrer.

3. Komiteen si tilråding

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere følgjande

vedtak til lov

om endring i lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur (akvakulturloven)

I

I lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur (akvakulturloven) skal § 26 lyde:

Departementet kan gi forskrift om gebyr og avgift, for behandling av søknader og for utførelse av tilsynsarbeid i henhold til bestemmelser i eller i medhold av denne lov.

Skyldig gebyr og avgift er tvangsgrunnlag for utlegg.

II

Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

Oslo, i næringskomiteen, den 10. mai 2007

Lars Peder Brekk Leif Helge Kongshaug
leiar ordførar