1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Proposisjonen inneheld forslag til endringar i patentloven i samband med at Noreg skal tiltre konvensjonen om utsteding av europeiske patent av 5. oktober 1973 (Den europeiske patentkonvensjonen), i tillegg til visse andre endringar i patentloven som ikkje er ei nødvendig følgje av tiltredinga.

I St.prp. nr. 53 (2006-2007) Om samtykke til ratifikasjon av Den europeiske patentkonvensjonen (EPC) av 5. oktober 1973 og tiltredelse av Revisjonsakten av 29. november 2000 fremja av Utanriksdepartementet 23. mars 2007 er Stortinget bedt om å samtykke til at Noreg kan tiltre konvensjonen. Etter Den europeiske patentkonvensjonen kan ein patentsøkjar gjennom ei sentralisert behandling hos Det europeiske patentverket i München med éin søknad få patent i alle dei landa som er tilslutta konvensjonen, og som søkjaren peikar ut i søknaden. Gir Det europeiske patentverket patent, har patenthavaren på nærmare vilkår krav på at patentet skal gjelde på same måte som nasjonale patent i dei landa som er peika ut i søknaden. Slike patent blir omtalte som europeiske patent.

Norsk tiltreding til Den europeiske patentkonvensjonen krev at det blir teke inn reglar i patentloven om at europeiske patentsøknader og patent som omfattar Noreg, skal ha verknad i Noreg på same måte som søknader som blir sende til Patentstyret, og patent som blir gitt av Patentstyret, og om dei nærmare vilkåra for at europeiske søknader og patent skal ha slike verknader her i landet m.m. Tiltredinga krev også at det blir gitt særskilde reglar om godkjenning og fullbyrding av utanlandske avgjerder om retten til å få patent og om verneting og litispendens i slike saker og stansing av saker om gyldigheit av europeiske patent for norske domstolar medan Det europeiske patentverket behandlar saker om oppheving. Det er også foreslått enkelte andre mindre endringar i patentloven som ikkje er nødvendige for at Noreg skal kunne tiltre Den europeiske patentkonvensjonen, men som er tekne med dels for å klargjere at dei materielle vilkåra for patentering i patentloven og Den europeiske patentkonvensjonen er samanfallande, og dels for at det skal bli best mogleg samsvar mellom reglane om den etterfølgjande behandlinga av europeiske patent i Patentstyret og i Det europeiske patentverket m.m.

Europeiske patent vil til liks med patent som er gitt av det norske Patentstyret, kunne setjast til side som ugyldige med verknad for Noreg av norske domstolar. Etter Den europeiske patentkonvensjonen er det opp til det enkelte landet å avgjere om slike saker skal behandlast av domstolane eller av administrative organ, f.eks. det nasjonale patentverket. Det er heller ikkje noko i vegen for å opne for både administrativ behandling og domstolsbehandling. I proposisjonen blir det foreslått at saker der nokon krev at eit patent skal opphevast som ugyldig, skal kunne bringast inn for Patentstyret som eit alternativ til domstolsbehandling (såkalla administrativ overprøving) dersom grunnlaget for påstanden om ugyldigheit er at patentet er gitt trass i at vilkåra i patentloven §§ 1 til 2 ikkje var oppfylte. I dag er søksmål for domstolane det einaste alternativet for nokon som krev at eit patent skal opphevast som ugyldig. Denne endringa vil gjere det enklare og billigare å få prøvd gyldigheita av patent.

I proposisjonen blir det også foreslått å gi dom­stolane høve til å innhente ei rådgivande fråsegn frå Den etiske nemnda for patentsaker i søksmål om gyldigheita av eit patent der saka reiser spørsmål om patentet ikkje skulle ha vore gitt fordi kommersiell utnytting av oppfinninga strir mot offentleg orden eller moral. Dette vil gi domstolane same høve til å få opplyst dei etiske sidene ved utnytting av oppfinninga som Patentstyret har under søknadsbehandlinga.

Forslaget om at domstolane skal kunne innhente fråsegn frå Den etiske nemnda for patentsaker, og om å innføre administrativ overprøving, vil gjelde både for patent gitt av Patentstyret og for europeiske patent.

1.2 Bakgrunnen for lovforslaget

Konsekvensane av norsk tiltreding til Den europeiske patentkonvensjonen har vorte utgreidde av ei arbeidsgruppe med representantar frå Nærings- og handelsdepartement, Utanriksdepartementet, Justisdepartementet og Patentstyret. Rapporten frå arbeidsgruppa vart lagd fram for Nærings- og handelsdepartementet i juni 2005. Arbeidsgrupperapporten inneheldt også eit utkast til endringar i patentloven i samband med ei tiltreding til Den europeiske patentkonvensjonen. Desse spørsmåla hadde tidlegare vorte gjennomgått av eit utval som la fram NOU 1976:49 Internasjonalt patentsamarbeid.

Spørsmålet om Noreg skal tiltre Den europeiske patentkonvensjonen og forslag til lovendringar i samband med ei eventuell tiltreding vart sende på høyring frå Nærings- og handelsdepartementet 6. juli 2006. Arbeidsgrupperapporten som er omtalt var ein del av høyringsgrunnlaget, og lovutkastet frå arbeidsgruppa utgjorde forslaget til nødvendige endringar i patentloven.

I St.prp. nr. 53 (2006-2007) er det gjort greie for kva for instansar som var adressatar for høyringa, og kven som har gitt fråsegner o.a. Det er også gjort greie for kva høyringsinstansane meinte om spørsmålet om norsk tiltreding til Den europeiske patentkonvensjonen. I proposisjonen her er det berre gjort greie for synspunkta frå høyringsinstansane i den grad dei har meint noko om det nærmare innhaldet i forslaget til lovendringar som vart sendt på høyring.

Få av høyringsinstansane har uttalt seg om forslaget til lovendringar. Ingen har hatt innvendingar mot forslaget frå arbeidsgruppa.

Departementet legg fram eit forslag til endringar i patentlova som innhaldsmessig i stor grad byggjer på utkastet som vart sendt på høyring, men har gjort ein del endringar når det gjeld systematikken i forslaget og formuleringane. Særleg på grunn av dei endringane som skjedde i Den europeiske patentkonvensjonen i 2000, har departementet også foreslått enkelte endringar som ikkje var med i utkastet som vart sendt på høyring. Departement har også valt ikkje å følgje opp nokre av punkta i utkastet som vart sendt på høyring, fordi dei ikkje er naudsynte.

1.3 Høve for domstolane til å innhente ei rådgivande fråsegn frå Den etiske nemnda for patentsaker

I høyringsbrevet 6. juli 2006 vart det foreslått at domstolane i saker om gyldigheita av patent skal ha høve til å innhente rådgivande fråsegn frå Den etiske nemnda for patentsaker.

Fleirtalet i Bioteknologinemnda, Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Innovasjon Norge, Kunnskapsdepartementet, Landsorganisasjonen i Norge (LO), Legemiddelindustriforeningen, Miljøverndepartementet, Norges Bondelag og Rikshospitalet - Radiumhospitalet HF støttar forslaget.

Advokatforeningen, mindretalet i Bioteknologinemnda, Norsk Industri med tilslutning frå Forum for Bioteknologi og Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) går imot forslaget.

Departementet meiner at det er viktig for å sikre eit best mogleg avgjerdsgrunnlag at domstolane til liks med Patentstyret får høve til å innhente fråsegner frå nemnda. Ei fråsegn frå Den etiske nemnda er berre rådgivande, og formålet med å opne for innhenting av fråsegn frå nemnda utelukkande er å sikre ei brei og grundig opplysing av dei etiske problemstillingane saka reiser, slik at det framleis er opp til retten aleine å ta stilling til om patentet skulle vore nekta gitt etter patentloven § 1 b.

Fleire av høyringsinstansane har hatt innvendingar mot forslaget fordi dei meiner at det motverkar harmonisering av patentretten på europeisk nivå. Departementet er ikkje einig i denne innvendinga. Forslaget inneber berre at retten får høve til å få opplyst det faktiske avgjerdsgrunnlaget betre.

Etter forslaget vil ikkje retten ha plikt å innhente fråsegner frå nemnda. Det vil vere opp til retten å avgjere om fråsegn skal innhentast. For å klargjere dette er ordlyden endra i høve til forslaget i høyringsbrevet. Sidan spørsmålet om det skal innhentast fråsegn bør avgjerast så tidleg som mogleg under saksførebuinga, er forslaget endra også når det gjeld vilkåra for at retten skal ha høve til å innhente ei fråsegn.

Departementet har merka seg at fleire høyringsinstansar er urolege for at innføring av høve til å innhente fråsegner vil føre til at rettssakene tek lengre tid, og at rettstryggleiken til partane ikkje vil bli sikra i tilstrekkeleg grad i samband med innhentinga og sjansane til å ta til motmæle mot fråsegna frå nemnda. For å møte desse innvendingane foreslår derfor departementet nærmare reglar om

  • tidspunktet for innhenting av fråsegn og saksbehandlingstida i nemnda

  • at partane skal ha rett til å uttale seg om spørsmålet om det skal innhentast fråsegn og om utforminga av førespurnaden

  • at partane skal ha rett til å gi skriftleg fråsegn til nemnda før ho gir si fråsegn

  • at partane skal ha rett til å kome med skriftlege kommentarar til nemnda si fråsegn før hovudforhandlinga kan haldast

Når det gjeld spørsmålet om nemndmedlemmene skal kunne førast som vitne, ser ikkje departementet grunn til å foreslå nærmare reglar om dette, men meiner at det må løysast ut frå dei alminnelege reglane om vitnebevis i tvistelova kapittel 24 og 21.

1.4 Administrativ overprøving av om patent er gyldige

I høyringsbrevet 6. juli 2006 vart det foreslått å opne for administrativ overprøving av gyldigheita av patent hos Patentstyret. I høyringsbrevet heiter det mellom anna:

"I et vedlegg til høringsbrevet med forslag til endringer ut over de som er nødvendige for tiltredelse til EPC, foreslår vi at det innføres en adgang til administrativ overprøving av patenters gyldighet også i Norge, jf. forslaget til ny § 52 a til d i patentloven. De danske reglene har dannet mønster for dette forslaget.

Nærings- og handelsdepartementet mener at en ordning med administrativ overprøving av patenters gyldighet vil være et enkelt og billig alternativ til søksmål. Dette vil styrke rettsstillingen til privatpersoner samt små og mellomstore bedrifter. Samtidig vil rettssikkerheten for patenthavere og lisenshavere være ivaretatt ved at den grundigere og mer betryggende saksbehandlingen som domstolsbehandling gir, fortsatt står åpen ved at Patentstyrets avgjørelser i saker om administrativ overprøving vil kunne bringes inn for domstolene av den som avgjørelsen går mot, jf. forslaget til ny § 52 d i patentloven.

På samme måte som i Danmark vil adgangen til å kreve administrativ overprøving både gjelde for patenter meddelt av Patentstyret og for patenter meddelt av EPO.

Etter forslaget ... vil adgangen til å kreve administrativ overprøving bare gjelde når patentet påstås å være meddelt i strid med vilkårene i §§ 1 til 2. Det er først og fremst i disse tilfellene at det er behov for et enkelt og billig alternativ til domstolsbehandling."

Alpharma AS, mindretalet i Bioteknologinemnda, Birkeland Innovasjon, Havforskingsinstituttet, Helse- og omsorgsdepartementet, Innovasjon Norge, Landsorganisasjonen i Norge, Legemiddelindustriforeningen (LMI), Miljøverndepartementet, Norges Bondelag, Norsk Hydro ASA og Rikshospitalet - Radiumhospitalet HF støttar forslaget.

Advokatforeningen, fleirtalet i Bioteknologinemnda, GE Healthcare, Norsk Forening for Industriell Rettsbeskyttelse, Norsk Industri med tilslutning frå Forum for Bioteknologi og Norske Patentingeniørers Forening med tilslutning frå Lorentz Selmer går imot forslaget.

Departementet har kome til at forslaget i høyringsbrevet om å innføre ei ordning med administrativ overprøving hos Patentstyret av gyldigheita av patent bør følgjast opp. Departementet har likevel gjort visse endringar i høve til forslaget som vart sendt på høyring, dels for å føye seg etter innvendingar som kom fram under høyringa, og dels for å klargjere eller regulere nokre spørsmål som ikkje var direkte omtalte i høyringsforslaget.

Departementet meiner at omsynet til å få eit enkelt og billig alternativ til domstolsbehandling av gyldigheita av patent taler for å innføre ei ordning med administrativ overprøving. Departementet er ikkje einig med dei høyringsinstansane som har hevda at ei ordning med administrativ overprøving berre vil føre til forlenging og fordyring av saker om gyldigheit, fordi partane som oftast vil bringe saka inn for vidare behandling hos domstolane etter ei administrativ overprøving. Det er etter departementets syn tvert imot meir truleg at partane i mange tilfelle vil ha så høg tiltru til avgjerda frå Patentstyret at dei vil slå seg til ro med den. I den utstrekning dette gjer seg gjeldande, vil føresetnaden om at behandlinga av slike saker blir enklare og billigare, slå til.

Til innvendinga om at innføring av ei slik ordning vil føre til større utryggleik hos patenthavarar og lisenshavarar, vil departementet uttrykkje at allereie høvet til å reise søksmål om gyldigheita av patent for domstolane gjer at ein patenthavar heller ikkje i dag kan føle seg trygg på at patentet vil vare ut patentperioden. Interessene til andre næringsaktørar og omsynet til å sikre best mogleg konkurranse taler tvert imot for at det bør finnast enkle og billige alternativ til domstolsbehandling av gyldigheita av patent.

Departementet kan ikkje sjå at innføring av ei ordning med administrativ overprøving strir mot ønsket om harmonisering av patentretten i Europa. Ønske om harmonisering gjeld først og fremst i høve til dei materielle reglane om patentering, som forslaget ikkje rører.

Departementet er einig med Norske Patentingeniørers Forening når det i deira høyringsfråsegn blir vist til rettsstoda i Danmark, og teke til orde for at det ved innføring av administrativ overprøving i Noreg må givast reglar om at ikkje berre ugyldigheitssaker for domstolane må sperre for administrativ overprøving, men at dette også må gjelde ved domstolsbehandling av saker om inngrep i patentet medrekna saker om mellombelse tiltak i slike tilfelle.

I høyringsfråsegna til Regjeringsadvokaten er det fremja innvending mot at avgjerda til Patentstyret skal vere søksmålsgjenstand dersom saka blir teken inn for domstolane både når Patentstyret har avslått kravet om overprøving, og når det er teke til følgje. Departementet er einig med Regjeringsadvokaten i at det bør gjelde same ordning her som i designlova, det vil seie at ei avgjerd frå Patentstyret i ei sak om administrativ overprøving berre skal kunne bringast inn for domstolane når kravet er teke heilt eller delvis til følgje.

1.5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei økonomiske og administrative konsekvensane av norsk tiltreding til Den europeiske patentkonvensjonen er det gjort greie for i St.prp. nr. 53 (2006-2007) punkt 11. Endringane som er nødvendige av omsyn til tiltredinga til Den europeiske patentkonvensjonen, har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar ut over dei som det er gjort greie for i stortingsproposisjonen.

Forslaget om å gi domstolane høve til å innhente fråsegner frå Den etiske nemnda for patentsaker vil truleg føre til noko meir arbeid for nemnda.

Forslaget om å innføre administrativ overprøving hos Patentstyret i saker om gyldigheita av patent, vil gjere det enklare og billigare å få erklært patent som er gitt på uriktig grunnlag, for ugyldige. Ordninga vil truleg gi ein liten auke i arbeidsbøra hos Patentstyret. Dette skal dekkjast inn ved at det kan krevjast avgifter for saker om administrativ overprøving. Sidan Patentstyret vil få redusert arbeidsmengda si ved tiltreding til Den europeiske patentkonvensjonen, vil det dessutan vere i tråd med målsetjinga om å halde oppe Patentstyret som nasjonalt kompetansesenter på industrielle rettar at det får tilført nye kompetansekrevjande oppgåver. Forslaget kan føre til at nokre færre saker om gyldigheita av patent blir lagt fram for domstolane.