Innstilling frå familie- og kulturkomiteen om lov om endringar i lov 24. februar 1995 nr. 11 om lotterier m.v. (overføring av oppgåver frå politiet til Lotteritilsynet)

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 8 (2007-2008)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 4 (2007-2008)
  • Dato: 20.11.2007
  • Utgiver: Familie- og kulturkomiteen
  • Sidetall: 2
Til Odelstinget

1. Samandrag

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kultur- og kyrkjedepartementet legg fram forslag om einskilde endringar i lov 24. februar 1995 nr. 11 om lotterier m.v. (lotterilova) for å overføre visse oppgåver etter lotterilova frå politiet til Lotteritilsynet. Forslaget medfører at dei forvaltningssaker som politiet i dag handsamar med heimel i lotterilova, skal overførast til Lotteritilsynet. Lotterinemnda skal vere klageorgan for Lotteritilsynet sine vedtak i desse sakene.

Det vert gjort framlegg om at Lotteritilsynet får overført ansvaret for å autorisere lokalinnehavarar på steder der det vert avhalde lotteri og godkjenning av organisasjonar som berre skal arrangere bingo, samt ansvaret for å gjennomføra trekningar av etterhandstrekte lotteri med omsetning over 150 000 kroner.

Endringane vil ikkje få følgjer for lovens virkeområde eller føresegnene sitt innhald elles. Endringane skal berre legge til rette for ei administrativ overføring av politiet sine forvaltningsoppgåver etter lotterilova til Lotteritilsynet. Det vert teke sikte på at oppgåvene skal overførast innan 1. januar 2008.

1.2 Departementet sine vurderingar

Departementet syner til at høyringsinnspela stort sett er positive til den føreslåtte overføringa.

Departementet legg til grunn at ei samling av oppgåvene vil gjere det lettare å sikre lik forvaltningspraksis for like saker over heile landet. Sakshandsaminga kan på sikt også forventast å verte meir effektiv enn innanfor dagens modell, fordi sakshandsamarane blir meir spesialiserte og saksprosedyrane standardiserte. Når det gjeld trekning av lotteri, ser departementet at det ved enkelte høve kan vere behov for at dette finn stad lokalt. Av denne grunn føreslår departementet at det vert gitt fullmakt til å delegere myndigheit til å gjennomføra trekning til lokale styresmakter, herunder politiet, jf. forslaget § 8 andre ledd.

Samla sett meiner departementet at det vil vere føremålstenleg, både av omsyn til forvaltninga på lotteriområdet, av omsyn til publikum og av omsyn til politiet, å overføre forvaltninga av omtalte oppgåver etter lotterilova frå politiet til Lotteritilsynet.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunn Karin Gjul, Britt Hildeng, Espen Johnsen og Tove Karoline Knutsen, frå Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, frå Høgre, Olemic Thommessen, frå Sosialistisk Venstreparti, May Hansen, frå Kristeleg Folkeparti, leiaren May-Helen Molvær Grimstad, frå Senterpartiet, Trond Lode, og frå Venstre, Trine Skei Grande, er samd med Regjeringa sitt forslag til endringar i lotterilova og har elles ingen merknader.

3. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere følgjande

vedtak til lov

om endringar i lov 24. februar 1995 nr. 11 om lotterier m.v. (overføring av oppgåver frå politiet til Lotteritilsynet)

I

I lov 24. februar 1995 nr. 11 om lotterier m.v. vert følgjande endringar gjort:

§ 4 første ledd skal lyde:

Lotteritilsynet gir tillatelse og godkjenning etter bestemmelsene i denne lov, og skal føre kontroll med at bestemmelser som er gitt i eller i medhold av denne loven blir overholdt. Lotteritilsynet avgjør saker som er lagt til Lotteritilsynet i eller i medhold av loven her. Departementet kan gi generelle pålegg til Lotteritilsynet, men ikke instruere Lotteritilsynet i enkeltsaker.

§ 4 b vert oppheva.§ 4 c andre ledd skal lyde:

Autorisasjon gis av Lotteritilsynet.

§ 8 andre ledd skal lyde:

Forhånds- eller etterhåndstrekning foretas av Lotteritilsynet eller annen myndighet etter departementets bestemmelse. Ved lotterier som nevnt i § 7 foretas trekning av arrangøren.

II

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 20. november 2007

May-Helen Molvær Grimstad
leiar og ordførar