I proposisjonen føreslår Kultur- og kyrkjedepartementet
lovendringar som gir auka fullmakter til Lotteritilsynet ved handheving
av forbodet mot visse pyramideliknande omsetningssystem i lotterilova § 16.
I praksis vert det føreslått å gi Lotteritilsynet
uttrykkeleg lovheimel for gransking og synfaring i høve
til selskap og personar som kan mistenkast for å drive
ulovleg pyramideverksemd. Det vert også føreslått
at Lotteritilsynet skal kunne krevje skriftleg stadfesting på at
påviste overtredingar vil opphøre.
Forslaget vert framsett for å sikre at Lotteritilsynet
er kompetent til å fungere som tilsynsorgan i samsvar med
dei krav som vert stilt i europaparlaments- og rådsforordning
(EF) nr. 2006/2004 (27. oktober 2004) om samarbeid
mellom nasjonale myndigheter med ansvar for håndheving
av forbrukervernlovgivning (samarbeidsforordninga). Det vert teke
sikte på å innføre dei føreslåtte
endringane innan 12. desember 2007.
Samarbeidsforordninga set som vilkår at alle EØS-land
etablerer offentlege kontrollorgan for handheving av lovgiving som
beskyttar forbrukarane sine interesser, og at det vert etablert
eit forpliktande samarbeid mellom desse over landegrensene.
Formålet med forordninga er å nedkjempe grenseoverskridande
lovbrot mot forbrukarane sine kollektive interesser og oppnå ein
velfungerande indre marknad, samt å skape tilstrekkeleg
tillit til marknaden mellom dei ulike aktørane.
Samarbeidsforordninga er inkorporert i marknadsføringslova § 9 h
første ledd og er gjennomført i norsk rett frå 1. mars
2007.
Barne- og likestillingsdepartementet har oppnemnd Forbrukarombodet,
Luftfartstilsynet, Medietilsynet, Statens legemiddelverk og Sosial-
og helsedirektoratet som vedkommande myndigheit etter forordninga
på sine fagområde, jf. marknadsføringslova § 9 h
andre ledd og forordninga artikkel 4 nr. 1. Forbrukarombodet er
også oppnemnd som sentralt kontaktorgan i Noreg for ivaretaking
av forordninga.
Barne- og likestilingsdepartementet har i brev av 3. november
2006 tatt initiativ til at også Lotteritilsynet skal verte
oppnemnd som vedkommande myndigheit ved handheving av forbodet mot
visse pyramideliknande omsetningssystem.
I praksis vil ei slik oppnemning som "vedkommende myndighet "
medføre at Lotteritilsynet kan sende førespurnad
til andre handhevingsmyndigheiter i nettverket som vert etablert
gjennom forordninga (gjennom Forbrukarombodet som sentralt kontaktorgan)
for å få stansa ulovleg pyramidespillverksemd
som har sitt utspring i andre EØS-land og som rammar norske
forbrukarar. Tilsvarande vil Lotteritilsynet veære forplikta
til å assistera utanlandske handhevingsmyndigheiter i nettverket
med å stoppe pyramidespillverksemd som har sitt utspring
i Noreg, men som rammar forbrukarar i andre EØS-land.
Alle høyringsinstansane som har kome med realitetsmerknader,
er positive til at Lotteritilsynet vert oppnemnd som vedkommande
myndigheit til å handheve forbodet mot pyramidespill etter
samarbeidsforordninga.
Heimelen til å foreta kontrollundersøkingar
vil vere eit nyttig reiskap for å sikre tilsynet tilgang
på opplysningar i saker der det er rimeleg mistanke om brot
på lotterilova § 16. Denne føresegna
vil også kunne avlaste politi- og påtalemyndigheitene
i desse sakene. Dersom det er ønskeleg å gjere
beslag, vil likevel dette måtte følgje dei ordinære
reglane i straffeprosesslova.
Det er departementet si oppfatning at gransking og synfaring
gir kontrollmyndigheita tilgang til å sjå og lese
dokumentasjon på staden der kontrollen vert gjennomført.
Det bør også være høve til å ta
kopi av dokumentasjon som er interessant. Dersom dokumentasjon og
funn som vert gjort i seg sjølv skal takast med for vidare
undersøking, krev dette enten samtykke frå den
som blir kontrollert, eller vedtak om beslag etter straffeprosesslova,
noko som krev bistand frå politiet. Som ledd i granskinga
på staden bør kontrollorganet kunne krevje fullt
innsyn i elektronisk lagra informasjon. Kontrollorganet bør
kunne kopiere slik informasjon over på eige elektronisk
lagringsmedium slik at informasjonen kan medbringast for vidare
gransking.
Enkelte høyringsinstansar ber om presisering av kva
type lokale som skal vere omfatta av høvet til å gjennomføra
kontrollundersøkingar. Etter departementet si vurdering
bør ordlyden reknast å omfatte ikkje berre forretningslokale,
men også privatadresser.
Ingen av høyringsinstansane stiller seg negative til
at Lotteritilsynet får heimel til å innhente opphørstilsegn
ved mistanke om verksemd i strid med lotterilova § 16.
For å oppfylle samarbeidsforordninga sine krav er det
tilstrekkeleg at dei utvida heimlane berre gjeld for saker som gjeld
pyramidespill som vert tilbode over grensene innanfor EØS-området.
Departementet finn på bakgrunn av dei innkomne høyringsmerknadene
at det er tenleg at lovendringane vert gjort generelle, slik at
Lotteritilsynet kan foreta kontrollundersøkingar og avkrevje
skriftleg opphørstilsegn, uavhengig av om overtredingar
av lotterilova § 16 er grenseoverskridande.