Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.2 Administrative og økonomiske konsekvensar av forslaget

Forslaget opnar for at ein auke i overskotet til utdeling frå Norsk Tipping frå inntektsåret 2006 til inntektsåret 2007 kan delast ut til utvalde samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar, inkludert idrettsformål. Det er venta at ein slik auke i 2007 vil utgjere om lag 150 mill. kroner. Utdelinga vil skje i løpet av 2008. Før slik utdeling kan skje, skal det sikrast at den ordinære utdelinga frå Norsk Tipping til idrett og kultur ligg på same nivå i 2008 som i 2007. Gjennomføringa av den særskilte utdelinga i 2008 vil skje etter nærare føresegner fastsett av Kongen.

Grunna mellom anna avviklinga av automatmarknaden frå 1. juli 2007 (fjerning av om lag 12 000 automatar) er det venta ein auke i Norsk Tipping sitt overskot i 2007. Noko av omsetninga som har vore på automatane, kjem no inn på spela til Norsk Tipping.

Norsk Tipping sitt overskot i 2008 skal verte fordelt i 2009 etter nye reglar som gjer at den ordinære fordelinga skjer mellom kultur, idrett og utvalde samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Desse nye reglane i pengespellova § 10 vart vedtekne i lov 29. august 2003 nr. 90, men vil først bli sett i kraft frå 1. januar 2009.