3. Skatterettslig behandling av ansvar for kostnader til disponering av innretninger i petroleumsvirksomhet

3.1 Sammendrag

I Ot.prp. nr. 48 (2008–2009) foreslo Olje- og energidepartementet endringar i petroleumslova som inneber at deltakar som overdreg del i eit utvinningsløyve, blir subsidiært økonomisk ansvarleg for kostnader til å gjennomføre eit framtidig vedtak om disponering av innretning brukt i petroleumsverksemd. Det subsidiære ansvaret for den tidlegare eigaren er avgrensa til kostnader ved gjennomføringa av disponeringsvedtaket etter frådrag for skatteverdien av kostnadene. Olje- og energidepartementet sitt forslag byggjer på ein føresetnad om at tidlegare eigar ikkje skal ha rett til skattefrådrag for utbetaling knytt til det subsidiære ansvaret, og at det mottekne oppgjeret ikkje skal være skattepliktig inntekt for dei andre deltakarane. Det er fordi sjølve ansvarsbeløpet er rekna som ein "etter skatt-verdi", sidan verdien av frådrag for kostnaden ved inntektslikninga for deltakaren som har dekt kostnaden ikkje er med i kravet til den tidligare eigaren.

Finansdepartementet foreslår her endringar i petroleumsskattelova § 3 ny bokstav j i samsvar med føresetnadene om skatterettslig handsaming i Ot.prp. nr. 48 (2008–2009).

Forslaget her forutset at Stortinget slutter seg til forslaget i Ot.prp. nr. 48 (2008-2009) om nytt tredje ledd i petroleumslova § 5-3.

Forslaget til nytt tredje ledd i petroleumslova § 5-3 skal gjelde for overføringar av utvinningsløyve som blir godkjend etter at lovendringane trer i kraft, jf. Ot.prp. nr. 48 (2008–2009) punkt 6.5. Endringane i petroleumslova § 5-3 trer i kraft frå den tid Kongen fastset.

Dei tilhørande skatteendringane bør gjerast verknad frå og med same tidspunkt. Departementet foreslår at endringa i petroleumsskattelova skal gjelde frå den tid departementet fastset.

Departementet foreslår at tidlegare deltakarar ikkje får rett til skattefrådrag for krav etter den nye regelen i petroleumslova. Deltakargruppa skal ikkje skattleggjast for slik inntekt. Endringane vil ikkje ha provenymessige konsekvensar for staten.

3.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.