Hovudregelen i dokumentavgiftslova er at dokumentavgifta skal
reknast ut av salsverdien av fast eigedom, jf. dokumentavgiftslova
§ 7 fyrste ledd. Med "salsverdi" forstås den pris ein seljar vil
kunne få for eigedommen ved sal på alminnelege forretningsmessige
vilkår, mao. marknadsprisen. Unntak frå regelen om at salsverdien
skal leggjast til grunn, følgjer av dokumentavgiftslova § 7 fjerde
ledd. Unntaket inneber at dokumentavgifta skal reknast ut frå verdiar fastsett
i samsvar med nærare nemnde lover. Det har vore vanleg å supplere
bestemmelsen ved å vise til nye lover, seinast ved tilføying av
tomtefestelova ved lov 16. juni 2006 nr. 26.
Tomtefesteinstruksen vart fastsett ved kgl.res. 14. september
2007, og er heimla i § 5 i lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets
fond. Instruksen har til føremål å gi tomtefestarar som festar bustadtomt
av staten eller statleg styrde fond, særleg gunstige vilkår ved
innløysing og festeavgift. Instruksen inneber dermed at festarane
vil kunne krevje lågare innløysingssummar enn kva som elles vil
fylgje av regla i tomtefestelova. Dokumentavgiftslova inneheld i
dag ikkje reglar om avgiftsgrunnlaget der innløysingssummen er fastsett
etter tomtefesteinstruksen.
Departementet har rekna det for føremålstenleg at innløysingssummen
som følgjer av tomtefesteinstruksen også vert nytta som avgiftsgrunnlag
for dokumentavgifta. Å nytte eit anna avgiftsgrunnlag enn det som
følgjer av instruksen, vil vere krevjande og stride mot omsynet
til eit enkelt og effektivt regelverk. Departementet har derfor
med heimel i dokumentavgiftslova § 3 og inntil dokumentavgiftslova vert
endra, gjort vedtak om at innløysingssummen som følgjer av tomtefesteinstruksen
vert nytta som avgiftsgrunnlag for dokumentavgifta, med verknad frå
1. januar 2009 da instruksen tok til å gjelde. Departementet foreslår
at vedtaket kodifiserast, ved at det vert vist til lov om Opplysningsvesenets
fond i dokumentavgiftslova § 7 fjerde ledd.
Endringa vert rekna til å gi eit provenytap på om lag 30 mill.
kroner dersom alle festetomtene løysast inn.
Departementet foreslår at lovendringa trer i kraft med verknad
frå 1. juli 2009.
Komiteen slutter seg til Regjeringens
forslag.