1. Innledning

Til Stortinget.

       Forslagsstillarane viser i dokumentet til at Statkraft vart omorganisert for vel 2 år sidan, og at Stortinget då valde statsføretaksmodellen framfor aksjeselskapsmodellen, fordi ein ynskte å ha ei politisk styring av selskapet.

       Vidare vert det vist til at Statkraft i dag er inne i ein ny omorganiseringsprosess. Det vert m.a. gjort framlegg om ein reduksjon i talet på regionseiningar og at dei tilsette ved dei noverande funksjonane i regionane skal reduserast med om lag 110 personar. Forslaga vil m.a. føre til nedlegging av arbeidsplassar og endringar i inntektene for dei kommunane det gjeld.

       Følgjende forslag vert fremja, dagsett 2. mai 1994:

       « Stortinget ber Regjeringa sikre at ei mogleg omorganisering i Statkraft ivaretek målsettinga om å halda oppe ein desentralisert organisasjon med høgast mogleg sysselsetting i distrikta. I denne samanhengen bør det vurderast om funksjonar som i dag er i Oslo kan flyttast ut til distrikta, som kompensasjon for mogleg tap av arbeidsplassar. »