9. Tiltak mot arbeidsløyse

     I åra frå 1987 til 1993 har ein i Noreg hatt ein klar nedgang i talet på sysselsette personar. I 1993 var gjennomsnittleg om lag 2.028.000 personar sysselsette. Samanlikna med tal for 1989 er det ei nedgang på nesten 40.000 personar. Frå 1992 til 1993 var sysselsettinga om lag uendra. Andre næringsverksemder med unntak av offentleg tenesteyting har synt ein nedgang i sysselsettinga i denne perioden.

       Sysselsettingsnedgangen har synt ein klar auke i arbeidsløysa. Den registrerte arbeidsløysa auka med om lag 35.000 frå 1989 til 1993. I 1993 var gjennomsnittleg 118.000 personar registrert som arbeidslause, dette syner ein auke på nesten 40.000 personar frå året før.

       Auken i arbeidsløysa har ført til ein opptrapping av arbeidsmarknadstiltaka. Saman med ein nedgang i arbeidsstyrken medverka dette til ein lågare vekst i arbeidsløysa enn det sysselsettingsutviklinga aleine skulle føre til. I 1993 var det gjennomsnittleg om lag vel 57.200 personar på arbeidsmarknadstiltak for vanleg arbeidskraft (omfattar ikkje attføringstiltak). Dette syner ein auke på om lag 8.000 personar frå året før.

       Tabellen nedanfor syner samla utbetaling til arbeidsmarknadstiltak og drift av arbeidsmarknadsetaten dei siste fem åra.

Tabell 10. Arbeidsmarknadstiltak og drift av arbeidsmarknadsetaten 1989-93 (mill. kroner)

  1989 1990 1991 1992 1993
Rekneskap 4.185,0 6.521,0 7.322,0 7.988,0 9.346,0
Endring i % frå året før 83,2 55,8 12,3 9,1 17,0


       Dagpengar under arbeidsløyse vert postert under folketrygda (kap. 2541, post 70). Utgiftene under denne posten synte ein nedgang frå 1984 til 1986, og ein liten auke frå 1986 til 1987. Frå 1987 har ein hatt ein klar auke i utbetalingane til dagpengar. Den sterkaste auken hadde ein frå 1988 til 1989, da utbetalingane vart dobla. Utgiftsauken minka noko etter dette, i 1992 og 1993 auka utbetalingane til dagpengar med om lag 25 % og om lag 11 %.

       Nedanfor er det gjeve eit nærare oversyn over utgifter til arbeidsmarknadstiltak og dagpengar i 1993.

Tabell 11. Hovudtal for arbeidsmarknadstiltak (mill. kroner)

  Overført Samla Rekneskap
  til 1993 løyving 1993
    1993
Kap. 591    Arbeidsmarknadstiltak 0 930,7 6.280,7
Kap. 592    Arbeidsmarknadstiltak yrkeshemma 354,8 2.235,8 1.714,2
Kap. 2310 Ekstraordinære sysselsetjingstiltak 1.607,8 7.418,3 0
Kap. 2541 Dagpengar 0 11.900,0 11.744,6