Innstilling frå finanskomiteen om statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1993.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 16 (1994-1995)
  • Kildedok: St.meld. nr. 3 (1993-94)
  • Dato: 19.10.1994
  • Utgiver: finanskomiteen

1. Innleiing

   Denne meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna folketrygda, rekneskapen for Svalbard, statsgarantiar, tilsegns- og tingingsfullmakter, oppgåve over aksjar og rekneskapen for dei offentlege fonda.

2. Finanspolitiske hovudtal

       Dei samla utgiftene for staten og for folketrygda var 431,2 mrd. kroner i 1993 og 450 mrd. kroner i 1992. Dei samla inntektene var 364,5 mrd. kroner i 1993 og 394,3 mrd. kroner i 1992. Lånetransaksjonar og overføring til og frå Statens petroleumsfond er medrekna i desse tala.

Tabell 1. Utgifter og inntekter

  Løyving
Mrd.kr
Rekneskap
Mrd.kr
Utgifter 428,5 431,2
Inntekter 358,1 364,5
Finansieringsbehov 70,4 66,7
Netto utlån 24,1 22,9
Underskott før lånetransaksjonar 46,3 43,8
Netto oljeverksemd og overføring frå Noregs Bank 33,5 33,1
Underskott ekskl. olje og Noregs Bank 79,8 76,9


       Rekneskapen viser eit underskott før lånetransaksjonar på 43,8 mrd. kroner mot løyvd underskott på 46,3 mrd. kroner.

       Utan oljeverksemda og overføringa frå Noregs Bank vert det eit underskott på 76,9 mrd. kroner. Dette er 2,9 mrd. kroner mindre enn løyvd.

       Utgiftene for 1993 er 18,8 mrd. kroner mindre enn for 1992. Dette er ein reduksjon på 4,2 % frå 1992.

       Frå og med 1989 har dei samla inntektene før lånetransaksjonar rekna som prosent av BNP vore jamne. Frå 1992 til 1993 gjekk inntektene i prosent av BNP ned 1,3 % til 43,9 %.

       Samla utgifter før lånetransaksjonar (ekskl. olje og sjøfart) auka 2,5 % frå 1992 til 1993.

3. Kjøp av varer og tenester

     Staten sine kjøp av varer og tenester eksklusive olje m.m. målt i forhold til prosent av BNP eksklusive olje og sjøfart har auka i alle åra etter 1989, til 14,3 % i 1993.

       Tabellen nedenfor viser kjøp av varer og tenester i 1993 (ekskl. olje og underskott i forretningsverksemda) fordelte på hovudkomponentar og samanlikna med 1992.

Tabell 2. Varer og tenester, sektorvis ekskl. olje og underskott i forretningane

  1992
Mill kr
1993
Mill kr
Endr. i %
Militært forsvar og sivil beredskap 23.439 23.007 -1,8
Sivile driftsutgifter 47.287 49.099 3,8
Investering i konsumkapital 9.500 8.372 -11,9
Investering i statens forr.drift 4.993 6.211 24,4
  85.219 86.689 1,7


       Dei sivile driftsutgiftene auka med 3,8 % medan investering i konsumkapital vart redusert med 11,9 %.

4. Overføringar frå staten

       Det har vore ei svak auke i dei samla overføringane (i faste prisar) til privat sektor i 1993. Privat sektor omfattar også Statens Banksikringsfond som fekk tilført 2.500 mill. kroner i 1992 og 0,9 mill. kroner i 1993. Dersom ein held desse løyvingane utanom, var det ein monaleg auke (om lag 2,8 %) i andre overføringar til private. Overføringane til kommunal sektor viser ein reell nedgang på om lag 3,2 %.

       Oppstillinga under viser utviklinga i samla overføringar dei siste åra (inkl. folketrygda).

Tabell 3. Samla overføringar

  Overføringar Pst. av BNP
  i alt utan olje
  Mill. kr og sjøfart
1986 153.099 34,3
1987 166.943 33,7
1988 177.457 34,0
1989 197.241 37,3
1990 218.470 39,9
1991 247.207 43,8
1992 255.826 43,7
1993 263.197 43,5


       I 1993 utgjorde dei samla overføringane 43,5 % av BNP, 0,2 prosentpoeng lågare enn året før.

       Dei samla overføringane auka nominelt med 2,9 %. Dersom ein held utgiftene til Statens Banksikringsfond utanom, auka dei andre overføringane med 3,9 %. Den underliggande veksten var såleis monaleg redusert frå året før då han var på 7,7 %.

       Oppstillinga i tabellen nedanfor viser samla overføringar på dei viktigaste formåla og samanlikna med tilsvarande utgifter i 1992.

Tabell 4. Overføringar etter formål

  1992 1993 Endring
  Mill. kr Mill. kr i %
Sosiale formål 95.234 98.872 3,8
Helsevern 33.679 33.106 -1,7
Undervisning, forsking og kultur 23.227 24.056 3,6
Jordbruk, skogbruk og fiske 14.923 14.565 -2,4
Arbeidsliv og distriktsutbygging 23.790 25.763 8,3
Utviklingshjelp 7.433 6.639 -10,7
Familie- og forbrukerpolitikk 15.065 15.774 4,7
Innanlands transport 6.439 5.884 -8,6
Nærings- og energiformål 4.504 8.441 87,4
Bustadformål 3.959 4.079 3,0
Finansadministrasjon 4.467 553 -87,6
Renter på statsgjeld 17.575 19.516 11,0
Andre overføringar 5.531 5.949 7,6
I alt 255.826 263.197 2,9


       Tabellen viser at det var særleg sterk auke i overføringane under områda arbeidsliv og distriktsutbygging og nærings- og energiformål. Under området arbeidsliv og distriktspolitikk var det fortsatt stor auke i utgiftene til dagpengar og arbeidsmarknadstiltak. Under området nærings- og energiformål var auken særleg stor som følgje av at stønadsordningane ved bygging av skip og fiskebåtar i 1993 vart rekneskapsførte under dette området, medan ordningane i 1992 vart rekneskapsførte under finansadministrasjon. Desse ordningane utgjer åleine ein auke på 2.002 mill. kroner. Det er òg ein monaleg auke i utgiftene til forskningsformål.

5. Folketrygda

      Ved utgangen av 1993 hadde om lag 950.000 personar langtidsbidrag frå folketrygda som si viktigaste inntektskjelde. Desse personane fordeler seg med om lag 624.000 personar på alderspensjon, om lag 232.000 på uførepensjon og om lag 90.000 på andre pensjonar/stønader (einslege, etterlatne m.v.). I tillegg var det om lag 265.000 personar med korttidsytingar frå folketrygda, fordelt med ca 66.000 på attføring, av desse om lag 21.000 på yrkesretta attføring (pr. 30. juni 1993) og om lag 50.000 på sjukepengar og om lag 150.000 på arbeidsløysetrygd.

       Utgiftene til folketrygda gjeld både sosiale føremål og helsevern. Sosiale føremål gjeld hovudsakleg kontantutbetalingar til enkeltpersonar. Helsevern er sett saman av ulike tenester/finansieringsordningar for helseformål. Pasientar står som mottakarar av tenester, medan institusjonar og helsepersonell som regel får oppgjer direkte frå trygda.

       I 1991-93 var utgiftsutviklinga slik:

Tabell 5. Utgifter under programområda 29 og 30 for åra 1991-93 (mill. kroner)

  1991   1992   1993
Sosiale formål 90.029   94.460   93.490
Helsevern 7.950   8.916   9.421
Sum 97.979   103.376   102.911
Endring i % -13,1 1 5,5   -0,5 2
1 Frå og med 1. januar 1991 vart rammetilskotta til fylkeskommunane og kommunane overført til statsbudsjettet.
2 Frå 1. januar 1993 er ansvaret for fødselspengar og adopsjonspengar overført til Barne- og familiedepartementet (ca 4.193 mill. kroner i 1993).

       Det har vore ein reduksjon i utgiftene på 0,5 % frå 1992 til 1993.

Tabell 6. Utgifter til sentrale føremål under programområda 29 og 30 for åra 1991-93 (mill. kroner)

  1991   1992   1993
Sosiale formål:
Sjukepengar m.v. 15.403   15.270   11.026 3
Attføring 6.845   7.846   8.400
Uførepensjonar m.v. 19.508   20.303   20.806
Alderspensjonar 39.995   42.106   43.995

Helsevern:
Helse- og sosialtenesta i fylkeskommunane 1.263   1.462   1.573
Helse- og sosialtenesta i kommunane 1.845   1.984   2.012
Refusjonar ellers 4.842   5.470   5.836
3 Frå 1. januar 1993 er ansvaret for fødselspengar og adopsjonspengar overført til Barne- og familiedepartementet. Pr. 31. desember 1993 utgjorde fødselspengar m.v. 4.193 mill. kroner. Tala for 1992 og 1993 kan difor ikkje samanliknast.

       For året 1993 utgjer alderspensjonane ca 42,8 % av dei totale utgiftene (område 29 og 30), uførepensjonar 20,2 % og sjukepengar 10,7 %.

       Sjukefråværet og sjukepengeutgiftene viser framleis reell nedgang. Frå 1992 til 1993 var det ein reell nedgang i folketrygdas samla utgifter til sjukepenger i alt på 7,1 %. For perioden 1990 til 1993 er det tilsvarande talet på 16,2 %. Statistikkmateriale for åra 1990-93 viser ein forholdsvis sterk nedgang for arbeidstakarar, men utgiftene til sjukemeldte arbeidsledige har og gått sterkt ned som fylgje av lågare stønadsnivå.

6. Sosiale føremål og helsevern (eksklusive folketrygda)

      Dei samla utgiftene til sosiale føremål og helsevern over statsbudsjettet for årene 1991-93 utgjer:

Tabell 7. Sosiale føremål og helsevern (mill. kroner) (eksklusive folketrygda)

  1991 1992 1993
Sosiale føremål 3.891 3.304 3.949
Helsevern 25.631 27.561 26.707
Sum 29.522 30.865 30.656
Endring i % 406,0 4,5 -0,7

7. Utgifter til innvandrarar (flyktningar og asylsøkjarar)

      Til saman vart det rekneskapsført utgifter for om lag 3,3 mrd. kroner i 1993 til tiltak for innvandrarar.

       Tabellen nedanfor viser fordelinga på dei einskilde departementa, og utviklinga dei tre siste åra:

Tabell 8

  1991 1992 1993
Arbeids- og administrasjonsdep. 244 274 0
Sosialdepartementet 373 2 0
Kyrkje-, utdannings- og 498 507 581
    forskningsdepartementet
Justisdepartementet 101 110 110
Barne- og familiedepartementet 32 70 80
Kommunaldepartementet 1.731 2.044 2.546
Sum 2.979 3.007 3.317


       Tiltak for asylsøkjarar og flyktningar står for størsteparten av utgiftene som vart rekneskapsførte i statsrekneskapen for 1993 under dette området.

       Som tabellen ovanfor viser, har utgiftene knytta til tiltak for innvandrarar - i første rekke flyktningar og asylsøkjarar - stige frå 1992 til 1993. Årsaka til den kraftige veksten er den store tilstrøyminga av asylsøkjarar og flyktningar frå det tidlegare Jugoslavia i 1993. Som følgje av den store tilstrøyminga var det mellom anna naudsynt å utvide kapasiteten i det statlege mottaksapparatet med nærare 10.700 plassar frå 1. januar 1993 til 31. desember 1993. Dette har ført til ein kraftig vekst i utgiftene innanfor det statlege mottaksapparatet. Medan dei totale utgiftene var på 401 mill. kroner i 1992, var det tilsvarande talet for 1993 757 mill. kroner. Samla auka utgiftene til asylsøkjarar, flyktningar og innvandrarar med 10 % frå 1992 til 1993.

8. Utviklingshjelp

       I 1993 vart det brukt 7.203 mill. kroner til u-hjelp, rekna etter OECD-definisjonane. Dette er 1,01 prosent i forhold til pårekna brutto nasjonalinntekt (BNI) for 1993.

       For 1992 vart det brukt 7.921 mill. kroner.

       Dei seinare åra er mellom 2 og 15 prosent av løyvingane overførte frå løyvingsåret til året etter. Tabell 9 viser overføringane dei siste åra.

Tabell 9. Overførte unytta løyvingar

  Sum Prosent av
  Mill. kr totalløyving
1987-88 717,2 12
1988-89 666,5 10
1989-90 841,2 13
1990-91 421,1 6
1991-92 249,4 3
1992-93 158,5 2
1993-94 503,8 6


       Overføringane kjem hovudsakleg av at det på ei rekkje postar ikkje har vore mogleg å betala ut alt i budsjettåret grunna forsinka framdrift etc.

9. Tiltak mot arbeidsløyse

     I åra frå 1987 til 1993 har ein i Noreg hatt ein klar nedgang i talet på sysselsette personar. I 1993 var gjennomsnittleg om lag 2.028.000 personar sysselsette. Samanlikna med tal for 1989 er det ei nedgang på nesten 40.000 personar. Frå 1992 til 1993 var sysselsettinga om lag uendra. Andre næringsverksemder med unntak av offentleg tenesteyting har synt ein nedgang i sysselsettinga i denne perioden.

       Sysselsettingsnedgangen har synt ein klar auke i arbeidsløysa. Den registrerte arbeidsløysa auka med om lag 35.000 frå 1989 til 1993. I 1993 var gjennomsnittleg 118.000 personar registrert som arbeidslause, dette syner ein auke på nesten 40.000 personar frå året før.

       Auken i arbeidsløysa har ført til ein opptrapping av arbeidsmarknadstiltaka. Saman med ein nedgang i arbeidsstyrken medverka dette til ein lågare vekst i arbeidsløysa enn det sysselsettingsutviklinga aleine skulle føre til. I 1993 var det gjennomsnittleg om lag vel 57.200 personar på arbeidsmarknadstiltak for vanleg arbeidskraft (omfattar ikkje attføringstiltak). Dette syner ein auke på om lag 8.000 personar frå året før.

       Tabellen nedanfor syner samla utbetaling til arbeidsmarknadstiltak og drift av arbeidsmarknadsetaten dei siste fem åra.

Tabell 10. Arbeidsmarknadstiltak og drift av arbeidsmarknadsetaten 1989-93 (mill. kroner)

  1989 1990 1991 1992 1993
Rekneskap 4.185,0 6.521,0 7.322,0 7.988,0 9.346,0
Endring i % frå året før 83,2 55,8 12,3 9,1 17,0


       Dagpengar under arbeidsløyse vert postert under folketrygda (kap. 2541, post 70). Utgiftene under denne posten synte ein nedgang frå 1984 til 1986, og ein liten auke frå 1986 til 1987. Frå 1987 har ein hatt ein klar auke i utbetalingane til dagpengar. Den sterkaste auken hadde ein frå 1988 til 1989, da utbetalingane vart dobla. Utgiftsauken minka noko etter dette, i 1992 og 1993 auka utbetalingane til dagpengar med om lag 25 % og om lag 11 %.

       Nedanfor er det gjeve eit nærare oversyn over utgifter til arbeidsmarknadstiltak og dagpengar i 1993.

Tabell 11. Hovudtal for arbeidsmarknadstiltak (mill. kroner)

  Overført Samla Rekneskap
  til 1993 løyving 1993
    1993
Kap. 591    Arbeidsmarknadstiltak 0 930,7 6.280,7
Kap. 592    Arbeidsmarknadstiltak yrkeshemma 354,8 2.235,8 1.714,2
Kap. 2310 Ekstraordinære sysselsetjingstiltak 1.607,8 7.418,3 0
Kap. 2541 Dagpengar 0 11.900,0 11.744,6

10. Kulturelle formål

Løyvingane til OL Lillehammer

       Samla forbruk i 1993 under kapittel 390 dei Olympiske vinterleikane 1994, var 1.853 mill. kroner. Innanfor post 70 drifts- og arrangementsutgifter vart det forbrukt 1.592 mill. kroner, medan forbruket på post 80 investeringar var 261 mill. kroner. Akkumulert forbruk i perioden 1988-93 under kapittel 390 var 5.170 mill. kroner.

       Det vart innbetalt 506 mill. kroner under kapittel 3390 OL-inntekter i 1993. Av desse var 213 mill. kroner sponsorinntekter, 128 mill. kroner inntekter frå kringkastingsselskap, 111 mill. kroner billettinntekter og 53 mill. kroner frå sal av OL-produkt. Akkumulerte OL-inntekter var 1.099 mill. kroner ved utgangen av 1993.

       Organisasjonskomiteen for Lillehammer-OL (LOOC) hadde pr. 2. januar 1994 inngått avtaler for 5.848 mill. kroner, dvs. 90 % av utgiftsbudsjettet. Ein hadde i tillegg ein reservepost på 255 mill. kroner til å møte ikkje-budsjetterte problem og utgiftsrisiki. Pr. 2. januar 1994 var summen av slike utgiftsrisiki kalkulert til 30-80 mill. kroner.

11. Kyrkje, utdanning og forsking

       Utgiftene til kyrkje, utdanning og forsking var på 32,4 mrd. kroner i 1993 og som var ein auke på 1,7 mrd. kroner frå 1992.

       Av dei samla utgiftene på området er 36 % overføringar til kommunar og fylke. Det meste av dette gjeld grunnskolen og vidaregåande opplæring. 34 % av utgiftene er drift av eigne institusjonar. Dette gjeld for det meste universitet og høgskolar. 25 % gjeld overføring til private. Det vesentlege av dette gjeld studiefinansieringa. Av 3 % som går til investeringar, gjeld det meste universitet og høgskolar. Overføringa til andre statsrekneskap utgjer 2 %. Dette gjeld forsking og Opplysningsvesenets Fond.

       Auken i utgifter i perioden kjem i hovudsak av oppgang i elev- og studenttalet.

       Rekneskapen for dei siste åra viser meirutgifter i høve til budsjettet. Desse meirutgiftene kan i hovudsak førast tilbake til oppdragsforsking og auke i talet på elev- og studieplassar. Desse utgiftene har motpostar i meirinntekter og i innsparing på kap. 2310, Ekstraordinære sysselsetjingstiltak.

12. Miljøvern og regional planlegging

    Dei samla utgiftene til miljøverntiltak over budsjettet til Miljøverndepartementet har for åra 1991-93 vore (i mill. kroner):

Tabell 12

  1991 1992 1993
Statsrekneskapen 2.516 2.918 3.080

13. Olje- og gassverksemd

       For SDØE blir det fastsett eit driftsresultat inkludert kalkulatoriske renter og avskrivingar. Investeringane blir aktiverte i kapitalrekneskapen.

Tabell 13

  1992 1993
Inntekter -30.881 -36.824
Utgifter 26.949 28.753
Driftsresultat -3.932 -8.071
Investeringar 15.117 23.943
Totale utgifter, netto 11.185 15.872
Overføringar til statens petroleumsforsikringsfond 523 735
Sum kap. 2440 11.709 16.608


       Driftsresultatet auka med over 4.100 mill. kroner frå 1992 til 1993. Dette kjem av fleire forhold:

       SDØE sin oljeproduksjon auka sterkt frå 1992 til 1993. Samstundes auka oljeprisen frå gjennomsnittleg om lag kr 119/fat i 1992 til om lag kr 122/fat i 1993. Totalverknaden vart ein auke i inntektene på nesten 6 mrd. kroner. Utgiftene auka med om lag 1,8 mrd. kroner. Av denne auken stod avskrivingane og dei kalkulatoriske rentene på statens kapital for om lag 1,7 mrd. kroner. Dette kjem av at staten sin kapital i petroleumsverksemda veks pga. det høge statlege investeringsnivået.

       Frå 1992 til 1993 auka investeringane med nesten 9 mrd. kroner.

14. Inntekter

    Tabellen nedanfor syner dei største statsinntektene av skattar og avgifter for perioden 1989-1993 i mill. kroner.

Tabell 14. Større statsinntekter (mill. kroner)

  1989 1990 1991 1992 1993
Statsskatt inkl. arveavgift 22.208 20.613 20.875 15.096 10.615
Folketrygdavgifter 73.248 75.298 79.060 81.929 78.175
Meirverdi- og investeringsavgift 60.063 61.110 61.383 65.403 71.931
Oljeskattar 13.890 26.058 32.093 25.484 26.614
Toll og andre avgifter 33.066 34.986 37.179 42.137 40.422
Sum større inntekter 202.475 218.065 230.590 230.049 227.757


       Reduksjonen i provenyet frå statsskatten dei siste åra skuldast i vesentleg grad at den progressive statsskatten på alminneleg inntekt (tidlegare kalla nettoinntekt) fall bort i 1992.

       Frå 1992 til 1993 har dei viktigaste avgiftene til folketrygda (arbeidsgjevaravgifta og trygdeavgifta) blitt redusert med til saman 4,6 %. Dette skuldast ein monaleg reduksjon i provenyet frå arbeidsgjevaravgifta og kjem av reduksjonen i avgiftssatsane med 2,4 prosenteiningar frå 1. januar 1993.

       Samstundes vart satsane for meirverdiavgifta auka frå 20 til 22 %, som forklarar ei auke med 10 % for meirverdi- og investeringsavgifta frå 1992 til 1993. Avgifter til folketrygda og meirverdi- og investeringsavgifta har vore dei viktigaste inntektskjeldene til staten i åra 1989-93. Statens inntektskrav vedk. meirverdiavgift vart redusert frå 4,1 mrd. kroner pr. 1. januar 1993 til 3,5 mrd. kroner pr. 31. desember 1993.

       Skattar og avgifter i samband med utvinning av petroleum har auka med 4,4 % frå 1992 til 1993.

15. Finansutgifter og finansinntekter

Staten hadde i 1993 netto renteinntekter på 8,9 mrd. kroner, ein nedgang på 3,5 mrd. kroner frå 1992.

       Renteinntektene gjekk ned med 1.600 mill. kroner frå 1992, medan renteutgiftene gjekk opp med 1.942 mill. kroner.

       Rentene frå statsbankane auka med 0,2 mrd. kroner frå 18,9 mrd. til 19,1 mrd. kroner. Renter av statskassas foliokonto i Noregs Bank gjekk ned med 1,1 mrd. kroner frå 6,6 mrd. kroner i 1992 til 5,5 mrd. kroner i 1993.

       Innskottet i Noregs Bank gjekk i 1993 opp med 25,0 mrd. kroner til 39,6 mrd. kroner. Rentene på den innanlandske statsgjelda gjekk opp med 144,0 mill. kroner frå 15.222 mill. kroner i 1992 til 15.366 mill. kroner i 1993. Rentene på den utanlandske statsgjelda gjekk opp med 1,8 mrd. kroner frå 2.353 mill. kroner i 1992 til 4.151 mill. kroner i 1993.

       Utbytte på aksjar gjekk ned med 155 mill. kroner frå 1992 til 1993.

16. Budsjettbalanse og budsjettavvik

   Oppstillinga under viser hovudtala for budsjett og rekneskap i 1993 (i mill. kroner):

Tabell 15. Avvik, budsjett, rekneskap

      Nysaldert
    S. III budsjett Avvik Rekneskap Avvik
    1 2 3=2-1 4 5=4-2
A Underskot før lånetransaksjonar
  ekskl. petroleumsverksemd og
  oljeskattar 76.744 74.720 -2.024 71.895 -2.825
B Nettoinntekt av petroleumsverksemd
  og oljeskattar 25.143 28.442 3.299 28.022 -420
C Underskot før lånetransaksjonar 51.601 46.278 -5.323 43.873 -2.405
D Utlån og avdrag, netto 36.824 24.047 -12.777 22.880 -1.167
E Finansieringsbehov 88.425 70.325 -18.100 66.753 -3.572


       Ved nysalderinga av budsjettet for 1993 vart dei totale utgiftene nedjusterte med 13.120 mill. kroner medan dei totale inntektene auka med 4.980 mill. kroner samanlikna med vedteke budsjett (B.innst.S.nr.III). Samla finansieringsbehov - som utgjorde 88.425 mill. kroner i B.innst.S.nr.III - vart dermed redusert med 18.100 mill. kroner til 70.325 mill. kroner. Dette hadde særleg samanheng med reduserte utgifter til lånetransaksjonar, som vart nedjusterte med 12,8 mrd. kroner. Hovudårsaken til dette var at lån til statsbankane vart redusert med 10.050 mill. kroner samtidig med at tilbakebetaling av lån frå statsbankane vart auka med 3.300 mill. kroner. I tillegg vart utgiftene utanom lånetransaksjonar og petroleumsverksemd redusert med vel 2 mrd. kroner medan anslaga på nettoinntektene frå petroleumsverksemda vart oppjustert med 3,3 mrd. kroner. Hovudkomponentane i endringane i finansieringsbehovet var (i mill. kroner):


Dagpengar 500

Reduserte utgifter sjukepengar -837

Auka inntekter, Folketrygden, netto -450

Auka inntekt av oljeskattar og

statleg petroleumsverksemd -3.299

Auka skattar og avgifter -904

Betre rentebalanse -725

Reduserte utlån, netto -12.777

Diverse, netto 392


I alt -18.100




       Rekneskapen for 1993 viser eit finansieringsbehov på 66.753 mill. kroner eller 3.572 mill. kroner mindre enn ved nysalderinga av budsjettet. Tabell 15 ovanfor viser at om lag 80 % av forbetringa skriv seg frå nedgang i det oljekorrigerte underskotet på 2.825 mill. kroner. Av denne forbetringa skriv om lag halvparten, 1.468 mill. kroner, seg frå auka inntekter. Netto oljeinntekter er redusert med 420 mill. kroner, medan netto utlån er redusert med 1.167 mill. kroner.

       I Innst.S.nr.24 (1993-1994) om statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1992, uttalte finanskomiteen følgjande:

       « Komiteen meiner at eit avvik mellom nysalderinga og rekneskapen på vel 6,6 mrd. kroner er monaleg. Komiteen ber Regjeringa vurdere om det er mogeleg til den årlege nysaldering å få fram materiale og vurderingar, slik at det blir større samsvar mellom nysaldering og rekneskap. »

       Sjølv om avviket mellom nysaldert budsjett og rekneskapen for 1993 er mindre enn det var for 1992, vil Finansdepartementet følgje oppmodinga frå komiteen. Departementet vil vurdere kva som kan gjerast for å kome fram til sikrare overslag i budsjettarbeidet, og vil kome attende til saka i nysalderinga av statsbudsjettet for 1994.

       I meldinga er avviket på 3.572 mill. kroner brote ned på hovudkomponentar (i mill. kroner) og kommentert nærare.

17. Statens balansekonto

     I 1993 var statens totale inntekter 364.457 mill. kroner og dei totale utgiftene 431.211 mill. kroner. Dette ga eit finansieringsunderskott på 66.754 mill. kroner. Finansieringsunderskottet i 1993 er dekka ved at staten tok opp 100.197 mill. kroner i nye lån. Dermed auka kontantmidelen med 33.443 mill. kroner.

       Tabell 16 viser storleiken pr. 31. desember 1993 på mellombelse kontolån, statskassevekslar og statssertifikat på den eine sida og statens innskott i bankar m.m. på den andre sida dei siste fem åra.

Tabell 16. Gjeld og innskott (mill. kroner)


31.12 Kontolån Stats- Bankinn-
    sertifikat skott/
      postgiro
1989 40.297 28.174 113.169
1990 41.522 28.682 99.631
1991 46.601 31.206 77.799
1992 39.131 36.799 58.778
1993 55.089 50.479 100.637


Tabell 17. Eigneluter og gjeld (mill. kroner)

  1992 1993 Endring
Eigneluter:
Bank og postgirokonti m.m. 58 100 41
  778 637 859
Mellomrekneskapen med rekneskapsførarar 13 11 -2
  550 381 169
Verdipapir 8.809 8 117
    926
Utlån og uteståande krav 193 195 2
  285 329 044
Forskott m.m. 1.421 1 -298
    123
Valutabyte -562 335 897
Statsobligasjonslån. Overkurs/underkurs - -4 -4
    496 496
Kapital i statsbankane 7.679 7 243
    922
Kapital i statens sjølvstendige bedrifter 25 25 59
  846 905
Fast kapital i statsbedriftene1 99 123 23
  287 195 908
  408 470 62
  093 257 164
Gjeld:
Statsgjelda 217.042 296.382 79.340
Kontolån frå fond som Noregs Bank forvaltar 2.658 2.622 -36
Deposita og avsetningar 6.889 8.730 1.841
Utferda gjeldsbrev for den delen av grunnfond
    i statsbankane som ikkje er betalt 3.541 3.541 0
Overførte unytta løyvingar 10.522 9.617 -905
Avslutningskonto 167.441 149.365 -18.076
  408.093 470.257 62.164
1 av dette gjeld 69,0 (1992) og 85,0 (1993) mrd. kroner statens direkte engasjement i petroleumsverksemda.

       Eignelutene har auka med 62,2 mrd. kroner frå 1992. Inneståande på bank og postgiro har auka med 41,9 mrd. kroner. Noregs Bank, ordinær foliokonto auka med 25,0 mrd. kroner og separatkonti i Noregs Bank vedrørende innanlandske statslån auka med 13,9 mrd. kroner.

       Auken i utlån og uteståande krav er 2,0 mrd. kroner. Lån til statsbankane vart redusert med 3,7 mrd. kroner. Innskottskapitalen i statsføretaka er ført under statens sjølvstendige verksemder med 15,2 mrd. kroner. Fast kapital i statsbedriftene har auka med 23,9 mrd. kroner. I 1993 vart Statsbygg og Luftfartsverket reorganisert til forvaltningsbedriftar med fast kapital 8,5 mrd. kroner. Fast kapital i Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda auka 15,6 mrd. kroner, medan fast kapital i Televerket vart redusert med 1,3 mrd. kroner. Statsgjelda gjekk opp med 79,3 mrd. kroner i 1993. Av dette skriv om lag 18,2 mrd. kroner seg frå faste lån opptatt i utlandet og 19,8 mrd. kroner faste lån opptatt innanlands. Kontolån frå fond som Noregs Bank forvaltar gjekk ned med 36 mill. kroner.

18. Svalbardrekneskapen

    Rekneskapen for Svalbard for 1993 viser samla utgifter på 71,5 mill. kroner (74,6 i 1992). Dette er 3,6 mill. kroner mindre enn løyvinga. Inntektene var 16,9 mill. kroner, (28,2 mill. kroner i 1992). Ein hadde i 1993 rekna med ei inntekt på 17,4 mill. kroner. I inntektene er ikkje tilskottet frå staten medrekna. Dette var på 55,7 mill. kroner og 0,3 mill. kroner meir enn løyvd.

19. Garantiar

   Garantiane hadde ved utgangen av 1993 ei samla ramme på 122,8 mrd. kroner og eit samla ansvar på 96,0 mrd. kroner. Samla utbetalingar var på 642,7 mill. kroner i 1993.

       Dei største utbetalingane har skjedd under Garanti-instituttet for Eksportkreditt (GIEK). Ein del av beløpa er alt tilbakebetalte, eller vert tilbakebetalte seinare som følgje av krav mot andre statar.

       Det var ikkje erstatningsutbetalingar under garantiordninga for langtidsfinansiering av skip og boreriggar i 1993.20. Offentlege fondRekneskapen for 1993 omfattar 105 fond, mot 107 i 1992.

       Det har i 1993 kome to nye fond:

- Nærfjernsynsfondet
- Nærradiofondet

       Med rekneskapen for 1993 fell desse fonda bort:

- Anleggsfondenes fellesfond
- Hvalfangstbedriftenes sikringsfond
- Reguleringsfondet for Pålsbufjord
- Vassdragsfondet for Rødungen

       Fonda har i 1993 hatt ei samla inntekt på 28.464 mill. kroner og ei samla utgift på 28.532 mill. kroner. Det gjev eit samla driftsunderskott på 68 mill. kroner.

21. Komiteens merknader

     Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Erik Dalheim, Laila Kaland, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun, Bjørnar Olsen, Reidar Sandal og Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, Per Olaf Lundteigen og Gudmund Restad, fra Høyre, Harald Ellefsen, Per-Kristian Foss og Erna Solberg, fra Kristelig Folkeparti, Odd Holten og Einar Steensnæs, fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Eilef A Meland, fra Venstre, Lars Sponheim, fra Rød Valgallianse, Erling Folkvord, og representanten Stephen Bråthen, viser til at det i meldingen er gitt en oversikt over statens bevilgningsregnskap og kapitalregnskap m.m. og en redegjørelse for utviklingen i statens finanser i 1993. Det er dessuten omtale av utviklingen på enkelte områder.

       Komiteen viser til at statens samlede inntekter i 1992 var 364,5 mrd. kroner og de samlede utgiftene var 431,2 mrd. kroner. Dette ga et finansieringsbehov på 66,753 mrd. kroner, mot 88,425 mrd. kroner i S. III og 70,325 mrd. kroner ved nysalderingen høsten 1992.

Komiteen viser til at hovedkomponentene i reduksjonen av finansieringsbehovet på 3,572 mill. kroner fra nysalderingen høsten 1993 til regnskapet i St.meld. nr. 3 er:


(Mill. kr.)


1. Reduserte utgifter ekskl. lånetransaksjoner 1.684
2. Økte inntekter ekskl. tilbakebetalinger 721

A. Redusert underskudd før lånetransaksjoner (1-2) 2.405

3. Økte utlån og avdrag 4.850
4. Økte tilbakebetalinger 6.017

B. Reduserte netto utlån (3-4) 1.167

C. Redusert finansieringsbehov i alt (A-B) 3.572



       Komiteen viser til at endringene i finansieringsbehovet etter nysalderingen høsten 1993 er nærmere kommentert i meldingen.

       Komiteen viser til merknader i Innst.S.nr.24 (1993-1994) og komiteen har merket seg at departementet i nysalderingen høsten 1994 vil vurdere hva som kan gjøres for å komme fram til sikrere overslag i budsjettarbeidet.

       Komiteen viser til at Statens balansekonto ved utgangen av 1993 viste eiendeler på 470.257 mill. kroner og gjeldsforpliktelser på 311.275 mill. kroner.

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse, vil vise til at behandlingen av statsregnskapet er en del av Stortingets kontrolloppgave med Regjeringen. Flertallet vil også vise til at Riksrevisjonen er Stortingets fremste middel for å føre kontroll med statens regnskapsførsel og bruk av penger. Flertallet vil vise til at det til tider kan være store avvik mellom budsjetterte inntekter og utgifter og det resultat som fremkommer i statsregnskapet, og vil vise til at årsaken til dette særlig er knyttet til usikkerhet rundt oljeinntekter, skatteinntekter og påløpte regelbundne utgifter (dagpenger, sykepenger m.v.). Flertallet vil vise til at det viktigste med statsregnskapet sett i forhold til statsbudsjettet er å vise avvik og forklare disse. Flertallet viser til at det er opp til Stortinget å prioritere behandlingen av statsregnskapet på en egnet måte.

       Flertallet viser videre til at departementet gjennomgående har hatt en forsiktig vurdering av prognoser for inntekts- og utgiftsutvikling i statsbudsjettene. Særlig i tider med stor usikkerhet når det gjelder internasjonal økonomi, oljeprisutvikling og norsk konjunkturforløp, bør prognosene som ligger til grunn for offentlige budsjetter vurderes med betydelig forsiktighet. Flertallet vil vise til at Stortinget gjennom Riksrevisjonen og Stortingets kontrollkomité har en egnet struktur for å følge opp de tilfeller der Stortingets vedtak klart er brutt eller der det skjer manglende oppfølging.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Raud Valallianse, viser til Stortinget si rolle som løyvingsmakt og den store ressursinnsatsen Stortinget legg ned i arbeidet med dei årlege statsbudsjetta. Samanlikna med det omfanget budsjettarbeidet har, der alle Stortinget sine komitear deltek, har Stortingets vurderingar av resultatoppnåinga gjennom handsaminga av Statsrekneskapen eit lite omfang. Desse medlemene vil peike på at avvika mellom endeleg vedtatt budsjett og rekneskapen på fleire stader er større enn dei talstørrelsene det ligg sterk politisk dragkamp bak under budsjetthandsaminga. Desse medlemene meiner at dette skulle tilseie at Statsrekneskapen skulle hatt ei større påakting frå Stortinget si side.

       Desse medlemene viser til at det for 1993 er eit avvik når det gjeld underskotet før lånetransaksjonar ekskl. petroleumsverksemd og oljeskatt mellom saldert budsjett (B.innst.S.nr.III) og rekneskapen på omlag 4,8 mrd. kroner. Når inntektene frå petroleumsverksemda og oljeskattane vert medrekna, er dette avviket heile 7,7 mrd. kroner. Her er avviket mellom nysaldert budsjett og rekneskapen på over 2,4 mrd. kroner. Desse medlemene viser til at endringane frå St.prp. nr. 1 til finansinnstillinga i dette årets budsjett utgjorde omlag 0,9 mrd. kroner for samanlikning.

       Desse medlemene har merka seg at særleg anslaga på nettoinntektene i petroleumsverksemda kan vera sers usikre ved framlegging av forslaget til statsbudsjett grunna svingingane knytta til oljepris og dollarkurs. Desse medlemene vil peika på avvika mellom budsjett og rekneskap på dette området ikkje berre kan førast tilbake til dette, men også til ei høgare utvinningstakt enn det som Stortinget har lagt til grunn for sine budsjettvedtak. Sidan dette er forbruk av ikkje attvinnbare nasjonale ressursar, vil desse medlemene peike på at dette er forhold som Stortinget bør sjå nærare på.

       Desse medlemene vil vidare peika på at det ser ut til at ein del utgiftskapittel ser ut til å vera budsjettert for høgt og ein del inntektskapittel sett for lågt i Regjeringa sine forslag til budsjett. Avvik knytta til slike forhold, vil kunne verta enda større for budsjettåret 1994 enn for 1993.

       Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti viser til at overføringene som andel av BNP har sunket siden 1991, til tross for at arbeidsledigheten nettopp i denne perioden har vært høyest i etterkrigstiden. Disse medlemmer understreker hvor viktig utviklingen i ledigheten er for utviklingen i statsbudsjettets underskudd og i utviklingen i overføringene. Disse medlemmer mener derfor reduksjonen i overføringene som andel av BNP hovedsakelig kan forklares med omfattende endringer i rettigheter til overføringer.

       Disse medlemmer viser i den forbindelse til at overføringene til helsevern har hatt en realnedgang, mens overføringene til jordbruk, skogbruk og fiske, til utviklingshjelp og til innenlands transport er redusert til dels betydelig.

       Disse medlemmer mener utviklingen i sykepengeutbetalingene viser hvordan overføringene kan reduseres uten at den enkelte mottakers rettigheter svekkes.

       Disse medlemmer mener den betydelige reduksjonen i bevilgningen til u-hjelp sammen med den utvikling i overføringene som er redegjort for over, viser at statsbudsjettet i noen grad salderes med svakstilte grupper i inn- og utland.

       Disse medlemmer viser til at statsbudsjettets utgifter til helsevern er redusert fra 1992 til 1993. Disse medlemmer viser i den forbindelse til diskusjonen om bl.a. ventelistegarantier. Disse medlemmer understreker på denne bakgrunn at det ikke i hovedsak er snakk om noen « modellkrise » i norsk helsevesen, men en reell pengemangel, dvs. for små overføringer til å kunne oppfylle erklærte målsettinger innen helsevernet.

       Disse medlemmer understreker at vurderingen av budsjettpolitikken først og fremst må ta utgangspunkt i hvorvidt målene for den økonomiske politikken er oppfylt, og ikke i hvorvidt regnskapet viser et lavere budsjettunderskudd enn Stortingets vedtak.

22. Komiteens tilrådning

  Komiteen viser til meldingen og til det som står foran og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

       St.meld. nr. 3 (1993-1994) - Statsrekneskapen medrekna folketrygden for 1993 - vedlegges protokollen.

Oslo, i finanskomiteen, den 19. oktober 1994.

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, Per-Kristian Foss,

leder og ordfører. sekretær.