Innstilling frå justiskomiteen om forslag frå stortingsrepresentant Lisbeth Holand om å oppheve politiets streikeforbud.

Dette dokument

1. Om å oppheve politiets streikeforbud

   Til Stortinget.

       Stortingsrepresentant Lisbeth Holand har den 28. september d.å. sett fram følgjande forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen oppheve politiets streikeforbud. »

       I grunngjevinga for forslaget heiter det m.a. at politi- og lensmannsetaten har ein spesiell arbeidssituasjon, men at andre yrkesgrupper, som også ivaretar vitale samfunnstenester, har streikerett. Det vert understreka at streikeretten er ein rett som vert avgrensa og regulert av styresmaktene. Streikeretten er ein fundamental rett i eit demokrati, og forslagsstillaren meiner at politi- og lensmannsetaten bør få attende streikevåpenet på line med andre yrkesgrupper, og i samsvar med praksis i Sverige og Finland.

2. Komiteen sine merknader

    Komiteen viser til at stortingsrepresentantane Jan Simonsen og Carl I Hagen i Dok.nr.8:80 (1993-1994) har sett fram lovendringsforslag om å oppretta ei eiga lønsnemnd for politi- og lensmannsetaten.

       Komiteen meiner det er naturlig å sjå dette forslaget og forslaget i Dok.nr.8:79 om å oppheva streikeforbodet i politiet i samanhang, og har valgt å handsama begge forslaga i samband med Dok.nr.8:80.

       Som ein konsekvens av dette vil komiteen gå inn for at Dok.nr.8:79 (1993-1994) vert lagt ved protokollen utan realitetshandsaming.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, viser til sine merknader i innstillinga til Dok.nr.8:80 (1993-1994), der fleirtalet har sett fram forslag om å oppheva § 20 i politilova og dermed oppheva streikeforbodet for politiet direkte utan at saka først vert sendt til Regjeringa.

       Komiteen sitt mindretal, medlemene frå Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet, viser til sine respektive merknader i innstillinga til Dok.nr.8:80 (1993-1994) der det går fram at desse medlemer gjer framlegg om ei eiga lønsnemnd for politi- og lensmannsetaten i staden for å gjeninnføra streikeretten.

3. Komiteens tilråding

       Komiteen viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjera følgjande

vedtak:

       Dok.nr.8:79 (1993-1994) - Forslag fra stortingsrepresentant Lisbeth Holand om å oppheve politiets streikeforbud - vert lagt ved protokollen.

Oslo, i justiskomiteen, den 11. november 1994.

Lisbeth Holand, Olav Akselsen,

leiar. sekretær og ordførar.