3. Statens lån i utlandet

       Finansdepartementet har for 1994 fullmakt til å ta opp nye statslån i utlandet for eit beløp som motsvarer 20.000 mill. kroner rekna etter valutakursane 30. november 1993. Finansdepartementet har ikkje nytta noko av denne fullmakta så langt i 1994.

       Rekna etter valutakursane 30. september 1994 utgjer statens utanlandsgjeld i ulike valutaer motverdien av 66.361 mill. norske kroner. Renta for 55,6 % av gjelda var då fast for heile løpetida medan resten var knytt til utviklinga i interbankrenta. Staten har berre tatt opp lån med 5 til 10 års løpetid.

       Ein reknar med at det framleis vil vere føremålstenleg å ha fullmakt for opptak av nye statslån i valuta. Utviklinga dei siste åra har vist at det er behov for stor handlefridom slik at staten raskt kan tilpasse både innanlandsk og utanlandsk finansiering når dette er nødvendig av omsyn til betalingsbalansen eller av pengepolitiske årsaker. Ein ser likevel ikkje behov for så vide fullmakter som ein har for inneverande år. På denne bakgrunnen foreslår ein at Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp inntil motverdien av 10 mrd. kroner i nye lån i utlandet rekna etter valutakursane 30. september 1994.

       Den Europeiske Investeringsbanken (EIB) har gitt staten tilbod om prosjektfinansiering. I utgangspunktet er det reservert ei mindre ramme for EFTA-land under EØS-avtalen, men blir Noreg medlem av EU, vil vidare rammer stå til disposisjon for statlege og ikkjestatlege prosjekt. Statelege prosjekt som kan oppnå EIB-finansiering, slike som norske investeringar under programmet for det transeuropeiske transport- og energinettverket, vil eventuelt bli omtala i Salderingsproposisjonen. Lån frå EIB vil bli avrekna under ramma for utanlandslån.

       Oppstillinga i tabell 6 viser behovet for rammer for uteståande beløp i samsvar med forslaget til fullmakt for nye lån.

Tabell 8  Uteståande langsiktige utanlandske statslån1


Mill.

Utanlandske statslån 31. desember 19932 70.446

- berekna endring på gamle lån i 199434 2.543
+ låneopptak i 1994 0

Utanlandske statslån 31. desember 19943 67.903

+ forslag til fullmakt for nye statslån fram til utgangen av 1995 10.000
- avdrag i 19953 2.950

Maksimalt beløp uteståande utanlandske statslån 31. desember 19955 74.953


1 Berekningane er gjorde på grunnlag av faktiske skyldnader, dvs. at ein har tatt omsyn til gjennomførde valutabyteavtalar.
2 Utrekna på grunnlag av valutakursane 31. desember 1993. Netto fordring under separate valutabyteavtalar som er inngått i tilknytning til dei ulike låna er 335 mill. kroner.
3 Utrekna på grunnlag av valutakursane 30. september 1994.
4 Av dette skriv 3.314 mill. kroner seg frå avdrag og 771 mill. kroner frå tap som følgje av valutakursendringar.
5 Ved full utnytting av ramma for 1995.

Risiko ved valutalån, samordna forvaltning av statens utanlandslån og Noregs Banks valutareservar.

       Ved sida av rentene som blir betalte på låna, vil kostnadene ved opplåning i utanlandsk valuta vere sterkt avhengig av utviklinga i valutakursane.

       I samsvar med omtalen i lånefullmaktsproposisjonen for 1994, jf. St.prp. nr. 18 (1993-1994), er Noregs Bank og Finansdepartementet i ferd med å samordne forvaltninga av statens utanlandsgjeld og Noregs Banks valutareservar med sikte på å redusere den samla valutakursrisikoen. Noregs Bank har no skilt ut ein del av valutareservane (« immuniseringsporteføljen ») svarande til storleiken på statens gjeld, og plassert denne med ei samansetjing som om lag tilsvarer eksponeringa på statens gjeld. I samband med denne koordineringa har også Finansdepartementet gjort endringar i statens låneportefølje, slik at ein samla sett skulle oppnå den gunstigaste kostnaden/inntekta. Rente- og valutakursrisikoen ved statens utanlandsgjeld er dermed langt på veg nøytralisert gjennom Noregs Bank sine plasseringar. Denne sikringa vil kunne bli redusert dersom det skulle bli aktuelt å nytte større deler av Noregs Banks valutareservar til intervensjonar.

Noregs Banks kursreguleringsfond

       Den rekneskapsmessige samordninga er tenkt gjennomførd 1. januar 1995 ved at staten opprettar ein valutainnskotskonto i Noregs Bank svarande til verdien av immuniseringsporteføljen. Valutainnskotskontoen blir oppretta ved ompostering under statens konsernkonto (statens kontantbehaldning i Noregs Bank) og er tenkt denominert i norske kroner. Noregs Banks avkastning på immuniseringsporteføljen skal godskrivast/belastast1) staten og Noregs Bank vil dermed ikkje lenger ha nokon risiko i eiga rekning knytt til den delen av valutareserven som er avsett til immunisering av statens utanlandsgjeld. Dette kan redusere behovet for avsetningar under kursreguleringsfondet i Noregs Bank. Avsetningane til dette fondet er gjorde på grunnlag av Noregs Bank sitt overskot og skal tene som ein buffer mot svingingar i verdiane på bankens aktiva. Kursreguleringsfondet utgjer no 32.970 mill. kroner, noko som svarer til 20 % av bankens netto valutareservar og 10 % av bankens tilgodehavande i norsk verdipapir ved siste årsskifte. Finansdepartementet vurderer i samråd med Noregs Bank behovet for å oppretthalde storleiken på kursreguleringsfondet.

       Ein eventuell omdisponering av kursreguleringsfondet ved at avsetningsgrunnlaget blir redusert med storleiken på immuniseringsporteføljen, vil kunne frigjere om lag 13 mrd. kroner. Ein slik disposisjon, som eventuelt kan gjennomførast i samband med Noregs Bank sitt årsoppgjer for 1994, vil auke overføringane frå Noregs Bank til staten i 1996, 1997 og 1998, eventuelt også i 1995, jf. drøftinga nedanfor. Denne disposisjonen representerer ei faseforskyvning av overføringane. Store forfall på utanlandsgjelda i åra 1996 til 1998 og tilhøyrande reduksjon i valutareservane, ville med uendra reglar redusere kursreguleringsfondet i desse åra og dermed auke Noregs Bank sitt overføringsfond.

       Det er naturleg å sjå avsetningane på kursreguleringsfondet i samanheng med valutakurstapet på statens utanlandsgjeld. Etter dagens føringspraksis blir kurstap postert på 90-post, dvs. at tapa ikkje påverkar balansen i statsbudsjettet (overskotet før lånetransaksjonar). Finansdepartementet vil vurdere å fastsetje retningslinjer for disponeringa av Noregs Bank sitt overskot slik at Noregs Bank i staden overfører eit beløp svarande til statens urealiserte kurstap på utanlandsgjelda i samband med etableringa av samordna forvaltning av statens utanlandsgjeld og Noregs Banks valutareservar. Beløpet bør eventuelt inntektsførast som ein 90-post og aktiverast i statsrekneskapet som ein motpost til statens urealiserte kurstap. Denne aktivaposten skal så belastast når staten realiserer kurstapa etter kvart som utanlandsgjelda blir tilbakebetalt. Disponering av kursreguleringsfondet kan påverke statens brutto lånebehov i 1995. Finansdepartementet vil komme tilbake med eit endeleg forslag på grunnlag av tilrådingane frå dei styrande organa i Noregs Bank.

       Komiteen slutter seg til utkast til vedtak V.

       Komiteen vil påpeke at departementet varsler en omlegging av den gjeldende regnskapsordning knyttet til føring av kurstap. Komiteen vil ikke ta endelig stilling til denne systemendring på nåværende tidspunkt.

       Komiteen vil komme tilbake til de prinsipielle spørsmål knyttet til endret regnskapsføring i B.innst.S.nr.II.

       Komiteen viser for øvrig til svar fra finansministeren 9. desember 1994 som følger som trykt vedlegg til denne innstilling.