Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om forslag frå stortingsrepresentanten Ellen Chr Christiansen om å innføre ei ordning med « open bok eksamen » i einskilde skriftlege fag i den vidaregåande skulen.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 79 (1994-1995)
  • Kildedok: Dokument nr. 8:72 (1993-94)
  • Dato: 26.01.1995
  • Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen

1. Om å innføre ei ordning med « open bok eksamen

  Til Stortinget.

       Dokumentet inneheld dette framlegget:

       « Stortinget ber Regjeringen om å innføre en ordning med « åpen bok eksamener » i enkelte skriftlige fag i den videregående skolen. »

       Framlegget er grunngjeve med at ein vil få eit riktigare bilete av kva ein elev verkeleg kan, dersom ein legg opp til å prøva elevane si forståing og evne til å nytta kunnskap. Dette kan ein gjere ved « open bok eksamen », der elevane har med seg hjelpemiddel og bøker. Denne situasjonen liknar og meir på det ein møter i arbeidslivet. Framlegget gjeld fyrst einskilde skriftlege fag som ei forsøksordning, som kan utvidast seinare.

       Komiteen ser på forslaget om å prøva ut open bok eksamen i einskilde fag som interessant. Komiteen ser likevel at ei slik eksamensform vil forutsetja at både pensum, undervisning og eksamensoppgåver ligg til rette for det.

       Komiteen er kjend med at det for tida skjer store omleggingar innafor den vidaregåande skulen. Dette bør likevel ikkje vera til hinder for at forsøk av denne typen bør kunna gjennomførast av skular som er motiverte for det. Komiteen ser det som ynskjeleg å få prøva ei slik eksamensform og ber difor departementet arbeida for forsøksprosjektet som omtalt i dokumentet.

       Komiteen er kjend med at departementet nyleg har sendt forslag til nye eksamensforskrifter på høyring, og ber om at forslag til rammer og retningsliner for eit forsøk med open bok eksamen i einskilde fag vert høyrt i same runde.

2. Komiteens tilråding

    Komiteen syner til merknadene og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       Dok.nr.8:72 (1993-1994) - Forslag frå stortingsrepresentanten Ellen Chr Christiansen om å innføre ei ordning med « open bok eksamen » i einskilde skriftlege fag i den vidaregåande skulen - vert lagt ved møteboka.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 26. januar 1995.

Jon Lilletun, Oddbjørg Ausdal Starrfelt, Siri Frost Sterri,
leiar. ordførar. sekretær.