3. Merknader frå komiteen

     Komiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Dagny G. Hovig, Tom Thoresen og Rita Tveiten, frå Senterpartiet, Edvard Grimstad og Marit Tingelstad, frå Høgre, Petter Thomassen og Børre Rognlien, frå Kristeleg Folkeparti, Dag Jostein Fjærvoll, frå Sosialistisk Venstreparti, Kjellbjørg Lunde, og frå Framstegspartiet, Carl I. Hagen, syner til at Stortinget fastset alminnelig instruks for Ombodsmannen si verksemd, elles utfører ombodsmannen vervet sitt sjølvstendig og uavhengig av Stortinget. Det har ikkje har vore vanskar med grenseoppgongen mellom kontroll- og konstitusjonskomiteen og Sivilombodsmannen i meldingsåret.

       Ved handsaminga av årsmeldinga finn komiteen det ikkje korrekt å gå inn i vurderingar av dei einskilde klagesakene utover Ombodsmannen si handsaming. Komiteen finn det likevel riktig å knyte nokre merknader til nokre av dei generelle forvaltningsmessige problemområda som Ombodsmannen nemner.

       Komiteen har merka seg at Ombodsmannen i ei rekkje saker har peika på uheldige sider eller manglar ved både den konkrete sakshandsaminga og det aktuelle regelverket som blir handheva i dei respektive forvaltningsorgana. Komiteen går ut frå at forvaltninga aktivt følgjer opp oppmodingane frå Ombodsmannen.

       Komiteen har vidare merka seg at talet på saker hjå sivilombodsmannen er omlag det same i 1994 som året før.

       Komiteen ser Sivilombodsmannen som eit godt supplement til domstolane, og understrekar at rettstryggleiken til den enkelte må takast vare på i møte med forvaltninga. Komiteen ser vidare at Sivilombodsmannen si oppgåve med å tryggja folk sine rettar andsynes forvaltninga vert stadig viktigare ettersom den offentlege forvaltinga aukar.

       Komiteen har merka seg at postjournalar i fleire høve vart for seint utlagde, at desse var mangelfulle, og at dette gjorde saker av allmenn interesse vanskeleg å identifisere. Komiteen har også merka seg at Ombodsmannen har peika på sein sakshandsaming når det gjeld krav om innsyn og uheimla unntak av dokument frå offentleg innsyn som eit problem. Komiteen syner til at Stortinget har vore svært opptatt av at reglar og intensjonar om offentleg innsyn skal følgjast opp i forvaltninga. Komiteen har merka seg at Ombodsmannen syner til at det i førearbeida til lova var vurdert å setje ein fast frist på 10 dagar for handsaming av krav om innsyn, og at Ombodsmannen uttaler at denne fristen vil kunne tene som ei vegleiande norm. Dersom sakshandsamingstida for krav om innsyn blir lang, kan dette føre til at folk flest ikkje får høve til å ta del i den demokratiske prosessen, då sakene alt vil kunne vere handsama eller det kan vere kome for langt i avgjerdsprosessen til at den som kravde innsyn kan ha nytte av dokumentet.

       Komiteen syner vidare til at Ombodsmannen har peika på ei rekkje einskildsaker som indikerer ei urimeleg lang sakshandsamingstid i forvaltninga. Komiteen vil understreka at forvaltningslova sitt krav til sakshandsamingstid er, at sakene « skal avgjøres uten ugrunnet opphold ». Komiteen understrekar vidare at reglane om partane sin rett til innsyn i saka må følgjast nøye.

       Komiteen er oppteken av at vedtak skal vera utforma i tråd med reglane i forvaltningslova, slik at einskildvedtak er resultat av individuell handsaming og er grunngjevne. Komiteen meiner dette gjer klageretten meir reell.

       Komiteen meiner det er viktig å kunna få klårlagt om den praksis og dei systema som forvaltninga brukar, fungerer godt nok sett frå eit rettstryggleikssynspunkt. Særleg er det viktig at sakene er så godt opplyst som mogeleg for at grunnlaget for skjønnsutøvinga skal vera best mogeleg.

       Komiteen har merka seg at Ombodsmannen peikar på at den rettslege situasjonen når det gjeld sakshandsamingsreglar for offentlege granskingsutval er uklår. Ombodsmannen uttaler på side 52 i meldinga « at det er et markert behov for en gjennomgåelse og klargjøring av regelverket som gjelder for granskingsutvalg, særlig i forhold til partsoffentlighetsprinsippet ».

       Komiteen ser vidare fordelen ved at Ombodsmannen sjølv set i verk etterrøking i forvaltninga med det for auga å skaffa seg eit betre grunnlag for å vurdera om forvaltningspraksis på ulike område stettar folk sitt krav til rettstryggleik.

       Komiteen er oppteken av at Sivilombodsmannen har kapasitet til å følgja opp dei klagesaker som han får på ein god måte, og at han har ressursar til å ta opp saker av eige tiltak der han ser det turvande.

       Komiteen vil understreka at forvaltninga lojalt må følgja opp og svara innom ei rimeleg tidsråme når Sivilombodsmannen vender seg til dei.