2. Bakgrunn

   Tiltaka er ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 16 (1992-1993) - den såkalla Langtidsmeldinga for Forsvaret for perioden 1994-98 - på line med andre omorganiseringar i Forsvaret i dei seinare åra. Eit av prinsippa for omorganiseringane er å oppretthalde kompetansemiljø gjennom å slå saman avdelingar der det er driftsøkonomisk og rasjonelt. Den såkalla « Ostehøvel-metoden » er rekna som lite føremålstenleg.