Innstilling frå finanskomiteen om forslag frå stortingsrepresentantane Carl I Hagen og Øystein Hedstrøm om å erstatte « delingsmodellen » med ein « uttaksmodell » i skattlegginga av føretak i samband med evalueringa av skattereforma.

1. Innledning

Til Stortinget.

       Stortingsrepresentantane Carl I Hagen og Øystein Hedstrøm har den 26. oktober 1994 sett fram følgjande forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om å erstatte den såkalte « delingsmodellen » med et system basert på « uttaksmodellen ». »

       Forslaget om ein uttaksmodell byggjer på at ein i skattlegginga skal gå tilbake til å skilje mellom bedriftsinntekt og personinntekt. Dette bør gjerast ved å reindyrke skattlegginga av føretak slik at ein i personleg eigde føretak, kan innføre eit skilje mellom den delen av overskotet som vert halde attende i føretaket og den delen som vert teke ut av eigaren til privat forbruk eller investering i andre verksemder. Den delen av skattereforma av 1992 som inneber ei senking av skattesatsane mot at ordningar for frådrag og avsetningar er oppheva eller reduserte, bør i hovudsak oppretthaldast. Det vert peikt på at eit skattesystem bygd på uttaksmodellen vil vere klart enklare å administrere både for skatteetaten og for skattytaren.

       Forslaget er m.a. grunngjeve med:

- Delingsmodellen inneber at kapitalinntekta, også kalla alminneleg inntekt, vert fastsett prinsipielt forskjellig i funksjonær- og eigarleidde verksemder. Skilnaden i handsaminga av funksjonær- og eigarleidde verksemder skapar manglande nøytralitet i skattesystemet.
- Prosentsatsen som vert nytta ved fastsetjing av kapitalinntekta i eigarleidde verksemder, er lik for alle typar verksemder. Ved fastsetjing av kapitalinntekta vert det derfor ikkje teke omsyn til at risikofylte bransjar og føretak krev høgare kapitalavkastning enn mindre risikofylte bransjar og føretak. Dette gjev manglande nøytralitet mellom føretak med ulik risikoprofil, noko som særleg går ut over nye føretak og i særleg grad dei som er etablerte for å utvikle nye produkt eller nytte ny teknologi.
- Aktive eigarar vert skattlagde med progressive skattesatsar også for den delen av driftsoverskotet som dei let bli ståande i verksemda. Dette har redusert høvet til å byggje opp eigenkapital gjennom å føre overskot tilbake til føretaket.
- Skilnaden mellom satsen for skattlegging av kapitalinntekter og arbeidsinntekter har skapt eit politisk press for å heve skattesatsane på formue.
- For å unngå dei negative konsekvensane av delingsmodellen må aktive bedriftseigarar finne fram til passive medeigarar med minst 1/3 eigarskap i føretaket. Dette medverkar til å redusere det som er noko av styrken i eigarleidde føretak, nemleg det nære bandet mellom eigarane og alle dei andre som arbeider i føretaket, i tillegg til den sterke personlege motivasjonen som ligg i å drive føretaket godt.

2. Fråsegn frå departementet

   I brev av 7. februar 1995 vart dokumentet oversendt Finansdepartementet til fråsegn.

       I brev av 21. april 1995 har Finansdepartementet gjeve følgjande fråsegn:

       « Eg viser til brev av 7. februar 1995 frå finanskomiteen.
       I brevet viser finanskomiteen til Ot.prp. nr. 19 (1994-1995) og ber departementet om å vurdere tiltak som kan gjere delingsmodellen meir treffsikker innafor ei praktikabel ramme. Departementet er bede om å gjere greie for ulike differensierte tak på personinntekt, og om ein kan gjere modellen meir treffsikker ved å justere andre element i modellen. Vidare er det bede om utgreiing av uttaksmodellar.
       Eg viser også til finanskomiteen sitt brev av 7. februar 1995 med Dok.nr.8:09 (1994-1995). Dok.nr.8:09 inneheld framlegg om at Stortinget ber Regjeringa fremje forslag om å erstatte « delingsmodellen » med ein « uttaksmodell ».
       Departementet si utgreiing av i dag i samband med begge desse breva følgjer som vedlegg. »

       Utgreiinga følgjer som vedlegg til Innst.O.nr.72 (1994-1995). I utgreiinga har departementet i kap. 8 til 14 gjort greie for ulike uttaksmodellar og departementet si vurdering av desse.

3. Merknader frå komiteen

     Komiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet, Erik Dalheim, Laila Kaland, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun, Bjørnar Olsen, Reidar Sandal og Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, frå Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, Per Olaf Lundteigen og Gudmund Restad, frå Høgre, Harald Ellefsen, Per-Kristian Foss og Erna Solberg, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Einar Steensnæs, frå Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Eilef A. Meland, frå Venstre, Lars Sponheim, frå Raud Valallianse, Erling Folkvord, og representanten Stephen Bråthen, viser til merknader i Innst.O.nr.72 (1994-1995) (jf. Ot.prp. nr. 19 (1994-1995) om evaluering av deler av skattereforma) kap. 2.2.

       Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Rød Valgallianse og representanten Stephen Bråthen, viser til sine merknader i Innst.O.nr.72 (1994-1995), hvor disse medlemmer tar opp forslag om utredning av en skattemodell basert på uttaksprinsippet.

       Disse medlemmer viser til at det pr. dags dato ikke eksisterer utredede og konsekvensvurderte alternativer til eksisterende kildemodell, og at et modellbytte på det nåværende tidspunkt således ikke er mulig.

       Komiteen viser til ovannemnde merknader og merknader i Innst.O.nr.72 (1994-1995) og avviser forslaget på denne bakgrunnen.

4. Tilråding frå komiteen

      Komiteen viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

       Dok.nr.8:09 (1994-1995) - forslag frå stortingsrepresentantene Carl I Hagen og Øystein Hedstrøm om å erstatte « delingsmodellen » med en « uttaksmodell » i bedriftsbeskatningen i forbindelse med evaluering av skattereformen » - vert avvist.

Oslo, i finanskomiteen, den 8. juni 1995.

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, Reidar Sandal, Per-Kristian Foss,
leiar. ordførar. sekretær.