Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

2. Landbruksdepartementet

Kap. 1124 Noregs landbrukshøgskole (NLH)

       På grunn av forseinka prosjektering av administrasjons- og forskingsbygget på Ås gjer departementet framlegg om å redusere post 30 Byggearbeid med 20 mill. kroner. Departementet legg til grunn at prosjektet vert ferdigstilt i samsvar med prosjektplanen, og at dei 20 mill. kronene blir løyvd att i 1997.

       Etter ein brann i eit undervisningsrom i oktober 1995 er kostnadene ved kjøp av nytt utstyr og opppussing berekna til 6,5 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om å løyve 3,25 mill. kroner for 1995 over post 45 til delvis dekking av desse kostnadene.

       Komiteen har ingen merknad til at løyvinga til administrasjons- og forskingsbygget på Ås blir redusert frå 30 til 10 mill. kroner, men føreset at Statsbygg har ei framdrift slik at bygget kan bli ferdigstilt som avtalt i prosjektplanen.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Christiansen vil for øvrig minne om sine merknader og forslag i B.innst.S.nr.12 (1994-1995).

       Komiteen har ingen merknad til framlegg om løyving på 3,25 mill. kroner til dyrt utstyr som vart øydelagt under brann 11. oktober 1995 og føreset at dei resterande kostnader blir dekt opp under kap. 1100.

Kap. 1135 Norsk institutt for planteforskning (Planteforsk)

       Kjøp av forskingsstasjonen Apelsvoll på Østre Toten er kopla mot eit makeskifte av jordvegen på Kjeller gård i Skedsmo. På grunn av uavklarte reguleringsspørsmål må makeskiftet verte utsett. Departementet gjer difor framlegg om å ompostere 5,5 mill. kroner frå post 30 til ny og overførbar post 46 Ekstraordinært vedlikehald.

       Komiteen har ingen merknad til dette.