Innstilling frå næringskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 1995 under forvaltingsområdet til Kommunal- og arbeidsdepartementet.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 52 (1995-1996)
  • Kildedok: St.prp. nr. 12 (1995-96)
  • Dato: 29.11.1995
  • Utgiver: næringskomiteen

1. Samandrag

Kap. 2425 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond og fylkeskommunane

Post 54 Tilskot til dekking av tap på garantiar

       Det vert i proposisjonen peika på at det har vore mindre etterspurnad etter garantiar hos Statens nærings- og distriktsutviklingsfond enn budsjettert. Delar av garantiramma er overført til fylke med stor etterspurnad. Det er framlegg om å redusere løyvinga med 6,7 mill. kroner. Det inneber at garantiramma er redusert tilsvarande, frå 95 mill. kroner til 72,4 mill. kroner.

Post 73 Rentestønad

       Rentestønaden, som er differansen mellom innlåns- og utlånsrenta, er mindre enn venta. Løyvinga kan derfor justerast ned med 8 mill. kroner i 1995. I 1996 vil det ikkje vere noka løyving til rentestønad.

2. Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C. Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, har merka seg at etterspurnaden etter garantiar hos SND (fylkeskommunane) har vore mindre enn budsjettert for 1995.

       Komiteen syner til at SND får sine råmer løyvt frå Stortinget og retningsliner for prioriteringane.

       Komiteen syner elles til at Regjeringa vil kome attende til Stortinget om organiseringa av det regionale forvaltingsapparat i det offentlege verkemiddelsystemet for næringslivet.

       Komitémedlemene frå Senterpartiet meiner det er stort behov for risikokapital i næringslivet. Offentlege styresmakter har eit stort ansvar for å hjelpe til med å skaffe slik kapital, m.a. gjennom SND. Desse medlemene meiner at når tilskotet til dekking av tap på garantiar i SND ikkje er vorte oppbrukt, viser det at SNDs regelverk og praksis må endrast. SND må i sterkare grad medverke til å skaffe den naudsynte risikokapital for næringslivet, og såleis auke talet på sysselsette i småbedriftene. Desse medlemene syner elles til Senterpartiet sine merknader om SND i B.innst.S.nr.8 (1994-1995) og B.innst.S.nr.8 (1995-1996).

       Komiteens medlemmer fra Høyre viser til B.innst.S.nr.8 (1995-1996) og Høyres forslag om å øke satsingen på SNDs nyskapingsavdeling med 150 mill. kroner for nettopp å øke vektleggingen av risikosatsing fremfor tjenester som ivaretas av den ordinære banknæring.

       Disse medlemmene avventer imidlertid den forestående gjennomgang av SND i den proposisjon/melding om SND som er varslet av Regjeringen på nyåret.

       Komitémedlemen frå Sosialistisk Venstreparti meiner årsaka til at etterspurnaden etter garantiar frå SND minkar, heng saman med SND sin profil og praksis. Denne medlemen meiner SND i større grad må leggje vekt på å støtte næringsliv i distrikts-Norge som har problem med å skaffe seg kapital i den ordinære finansmarknaden. Denne medlemen meiner risikoviljen må opp og eigenfinansieringa ned. Denne medlemen meiner Regjeringa burde ha sett eit kritisk søkjelys på kvifor garantiramma ikkje vert utnytta, i staden for ukritisk å redusere løyvingane.

       Komiteen sin medlem frå Kristeleg Folkeparti syner til Kristeleg Folkeparti sine merknader i B.innst.S.nr.8 (1994-1995) og B.innst.S.nr.8 (1995-1996) under dette kapittel. Denne medlemen har merka seg at etterspurnaden etter garantiar frå SND har vore mindre enn budsjettert. Denne medlemen vil kome attende med synspunkt på SND sin organisasjon i samband med den varsla proposisjon/melding til våren.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet viser til sin prinsipielle holdning og synspunkter i B.innst.S.nr.8 (1995-1996).

3. Komiteen si tilråding

     Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       På statsbudsjettet for 1995 vert det gjort slike endringar:

Kap. 2425 Statens nærings- og
  distriktsutviklingsfond
  54  Tilskot til dekking av
        tap på garantiar,
        vert sett ned med kr 6.700.000
        frå kr 28.412.000
        til kr 21.712.000
  73  Rentestønad,
        vert sett ned med kr 8.000.000
        frå kr 44.000.000
        til kr 36.000.000


Oslo, i næringskomiteen, den 29. november 1995.

Svein Ludvigsen, Astrid Marie Nistad, William Engseth,
leiar. ordførar. sekretær.