1. Endringar i utgiftskapittel

       Under kap. 221 Tilskott til grunnskulen utanfor rammetilskottet gjer departementet framlegg om å auke tilskottet til skulefritidsordningar over post 63 med 5,1 mill. kroner pga. veksten i talet på skulefritidsplassar. Vidare er omfanget av undervisninga i skuleåret 1994/95 for framandspråklege elevar mindre enn tidlegare føresett. Det etterskottsvise tilskottet over post 65 er difor redusert med 18 mill. kroner. Også kommunale musikkskular får etterskottsvise statstilskott, og departementet aukar post 67 med 4 mill. kroner. Årsaka er at det for skuleåret 1994/95 ikkje var fastsett tilsegnsrammer for dette området, og at aktiviteten har vore høgare enn det løyvinga gjev rom for.

       Under kap. 234 post 70 Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar, gjer departementet framlegg om ein reduksjon på 80 mill. kroner som fylgje av nedgang i talet på lærekontraktar.

       Under kap. 235 Statlege skular i landbruksfag og naturbruk reduserer departementet postane 01 og 11 med ytterlegare 3,5 mill. kroner pga. lågare forbruk.

       Under kap. 240 Private skular er det ei innsparing pga. lågare elevtal enn føresett. Samstundes må tilskottet aukast som fylgje av auka satsar for vidaregåande skular frå 1. august 1995, jf. Tillegg nr. 1 til budsjettproposisjonen for 1996 og departementet sitt brev til komiteen av 26. oktober 1995 med korrigering av satsane. Departementet gjer etter dette framlegg om å redusere post 70 med i alt 10,5 mill. kroner.

       Under kap. 250 post 60 Vaksenopplæring for flyktningar og innvandrarar, gjer departementet framlegg om ein auke på 32,5 mill. kroner pga. auka mottak av flyktningar, auka undervisningsintensitet og etterslep frå 1994 etter uventa busetjing på slutten av året. Meirbehovet har òg samanheng med utvida rammetimetal.

       Under kap. 262 Universitetet i Trondheim gjer departementet framlegg om å auka post 11 med 6 mill. kroner etter ei skilsdomsavgjerd om at staten skal betala NRK denne summen for overføring av eigedomen Tyholt til universitetet.

       Under kap. 263 Universitetet i Tromsø gjer departementet framlegg om ein ny post 49 Kjøp av eigedom, oppført med kr 412.000. Dette er salssummen for ei leilegheit universitetet måtte selje i 1992 pga. vedtekter i burettslaget. Beløpet vart plassert på ein interimskonto og inntektsført i statsrekneskapen for 1995. Departementet ber no om fullmakt til å nytte desse inntektene til kjøp av ein annan bustad.

       Under kap. 281 Bygg og fellesutgifter for universitet og høgskular, er det eit mindrebehov på 30 mill. kroner pga. forseinka framdrift av byggeprosjekt. Vidare gjev lågare byggjekostnader for ferdigstilte bygg ei innsparing på 51 mill. kroner. Samstundes skal 2 mill. kroner overførast kap. 2445 i startløyving til bygg i Ålesund og Volda. Departementet gjer etter dette framlegg om ein samla reduksjon av post 30 på 83 mill. kroner.

       Under kap. 294 Kyrkjeleg administrasjon gjer departementet framlegg om ei ompostering av lønnsmiddel.

       Under kap. 2410 post 70 Utdanningsstipend er det eit mindrebehov på 56 mill. kroner på omlagløyvinga. Dette skuldast m.a. at verknaden av Reform 94 var mindre enn det som vart lagt til grunn i statsbudsjettet for 1995.

       Under post 71 Andre stipend fører lågare stipendtildeling til ein reduksjon på 2 mill. kroner. Under post 72 Rentestønad er det eit meirbehov på 3 mill. kroner. Departementet gjer samstundes framlegg om ei ompostering av 2 mill. kroner frå post 72 til post 71.

       Under post 73 Avskrivingar gjer departementet framlegg om ein samla auke på 35 mill. kroner. Bakgrunnen er auka kostnader i samband med ordninga med ettergjeving av utdanningslån for låntakarar i Nord-Noreg, for kandidatar som har fullført langvarig utdanning og for ordninga med avskriving ved sjukdom og død. Det er ikkje løyvd middel til å oppretthalde hovudfagsavskrivingsordninga i 1995, jf. handsaminga av St.prp. nr. 51 (1994-1995), og 11 mill. kroner av framlegget til samla auke på post 73 gjeld dette.

Kap. 221 Tilskot til grunnskulen utanfor rammetilskottet

Post 63 Tilskott til skulefritidsordningar

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, ser det som positivt at det er oppretta fleire plassar i skulefritidsordninga enn budsjettert. Fleirtalet sluttar seg til proposisjonen.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Christiansen viser til sine merknader og forslag i B.innst.S.nr.12 (1994-1995) og vil gå imot forslaget om økt bevilgning.

Post 65 Tilskott til undervisning for framandspråklege elevar

       Komiteen sluttar seg til proposisjonen.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Christiansen vil for øvrig minne om sine merknader og forslag i B.innst.S.nr.12 (1994-1995).

Post 67 Tilskudd til kommunale musikkskolar

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, sluttar seg til proposisjonen.

       Komiteens medlem representanten Christiansen viser til sine merknader og forslag i B.innst.S.nr.12 (1994-1995) og vil gå imot forslaget om økt bevilgning.

Kap. 240 Private skular

Post 70 Tilskott, omlagløyving

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Senterpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og representanten Christiansen, syner til fleirtalsmerknadene i B.innst.S.nr.12 (1995-1996) kor fleirtalet sa dette om kostnadsundersøkinga knytta til elevtal i klassane:

       « Dette flertallet vil vise til B.innst.S.nr.12 (1991-1992) hvor komiteen sa:
       « Komiteen er ikkje einig i ei lovtolking som innebær ein reduksjon av satsane på grunn av skilnad i klassestorleik mellom private og offentlege skular. »
       Dette flertallet mener derfor det reelle elevtall i klassene må legges til grunn for beregningene. »

       Fleirtalet viser til at proposisjonen er fremma før innstillinga frå komiteen om budsjettet for 1996 forelå. Vidare opplyser departementet i brev av 21. november 1995 til komiteen at framlegget til ny løyving ikkje tek omsyn til ovannemnte synspunkt frå komitéfleirtalet. Fleirtalet meiner løyvingane må leggje det reelle (gjennomsnittlege) elevtal i klassane til grunn for tilskota, og finn det rimeleg at denne praksisen blir innarbeidd frå skuleåret 1995/96 (1. august 1995). Det innebær at løyvingsbehovet på kap. 240 aukar med om lag 10,8 mill. kroner utover det som er framlegget i St.prp. nr. 10. Dette tilsvarer om lag den reduksjonen av løyvinga som Regjeringa gjer framlegg om (10,5 mill. kroner).

       Fleirtalet syner òg til at framlegget i St.prp. nr. 10 inneber eit kutt på rammene til departementet med omlag 70 mill. kroner. Fleirtalet meiner at løyvinga til kap. 240 bør haldast oppe for å gi tilskot etter det relle (gjennomsnittlege) elevtall i klassane, og finn det difor ikkje riktig med eit så stort kutt på budsjettramma til departementet.

       Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til merknader i B.innst.S.nr.12 (1995-1996) og gjer framlegg i samsvar med proposisjonen:

Kap. 240 Private skular
  70  Tilskott,
        omlagløyving,
        vert redusert med
        kr 10.500.000
        og løyvd med kr 623.023.000


       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til sin merknad i B.innst.S.nr.12 (1995-1996) der det uttales:

       « I forbindelse med behandlingen av ny grunnskolelovgivning vil dette medlem komme tilbake med forslag til begrensninger av etablering av privatskoler. Dette medlem tar departementets forslag til etterretning. »

       Dette medlem støtter for øvrig framlegget i proposisjonen.

Kap. 285 Tilskott til forskningsformål

Post 52 Noregs forskningsråd - Chr. Michelsens Institutt

       Proposisjonen inneheld ikkje framlegg til endringar under dette kapitlet.

       Komiteens flertall, alle unntatt representanten Christiansen, viser til B.innst.S.nr.12 (1995-1996) hvor det bl.a. fremgår at komiteen vil komme tilbake til bevilgning for 1995 til Chr. Michelsens Institutt (CMI). Flertallet viser også til departementets brev av 27. oktober 1995 til komiteen hvor det fremgår at CMI har mottatt kr 400.000 for 1995. Flertallet vil med henvisning til B.innst.S.nr.12 (1994-1995) foreslå å tilleggsbevilge kr 600.000 for 1995 til CMI. Flertallet forutsetter at midlene blir brukt til forskning på menneskerettigheter. Flertallet viser for øvrig til at bevilgning til CMI for 1996 er overført til post 70 under samme kapittel.

       Flertallet fremmer følgende innstilling:

Kap. 285 Tilskudd til forskningsformål
  52  Norges forskningsråd,
        forskningsformål,
        kan overføres,
        økes med kr 600.000
        og bevilges med kr 535.141.000