Vedlegg 2: Brev frå statsråden for utviklingshjelp til utanrikskomiteen i Stortinget, datert 30. november 1995:

Sak: Spørsmål vedrørande St.prp. nr. 19 (1995-1996) Om endringar på statsbudsjettet for 1995 under kapittel administrerte av Utanriksdepartementet

       « Kva inneber det at vilkåra for bruk av gjeldslette blir handheva strengare enn tidlegare, slik dette er nemnt i kap. 0150 post 71 og post 72 i proposisjonen? »

Svar:

       Vilkåra for gjeldslette og betalingsbalansestønad er skjerpa slik at det no stillest høgare krav til at samarbeidslanda fremjar ein politikk som gjev varige resultat. Ein ønskjer i hovudsak å nytte gjeldslette og betalingsbalansestønad i land som viser vilje til å gjennomføre politiske og økonomiske reformer som fremjer godt styresett og ei sosial utvikling. Ut ifrå ei samla vurdering av tilhøva i Tanzania finn ein ikkje å ville nytte desse tiltaka i år. Når det gjeld Zambia er gjeldslette under vurdering ut ifrå dei seinaste rapportane om den økonomiske utviklinga. Dette har ein teke omsyn til i budsjettet for 1995.