Innstilling frå utanrikskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 1995 under kapittel administrerte av Utanriksdepartementet.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 66 (1995-1996)
  • Kildedok: St.prp. nr. 19 (1995-96)
  • Dato: 01.12.1995
  • Utgiver: utanrikskomiteen

1. Samandrag

      I proposisjonen blir det gjort framlegg om å omdisponere 433,87 mill. kroner på budsjettet for utviklingshjelp i 1995 for å få til mest mogeleg effektiv bruk av midlane i budsjettåret. Forslaga har i hovudsak samanheng med at framdrifta for enkelte prosjekt og program av ulike årsaker er blitt forseinka eller at planar og rammevilkår elles er endra, m.a. gjennom auka krav til statsforvaltninga i mottakarlanda, og kvalitet i bistanden. Av same grunn har ein for fleire av landa ikkje funne å kunne tilrå å bruke løyvinga til gjeldslette og betalingsbalansestøtte. Nødvendig omlegging vil finne stad over noko tid.

       Det vert opplyst at det er 8.469 mill. kroner til disposisjon til utviklingshjelp i 1995. Ordinær løyving for 1995 (S. III) utgjer 7.915 mill. kroner. I tillegg er det overført 480 mill. kroner i ubrukte løyvingar frå 1994, og det er løyvd 74 mill. kroner ekstra til flyktningeformål i utviklingsland, jf. St.prp. nr. 26, Innst.S.nr.102 (1994-1995).

2. Komiteen sine merknader

      Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Marit Arnstad, John Dale og Anne Enger Lahnstein og fra Kristelig Folkeparti, Kjell Magne Bondevik, viser til at bevilgningene til hovedsamarbeidsland gjentatte ganger er blitt redusert de siste årene. Disse medlemmer har vært imot slike reduksjoner.

       Disse medlemmer mener det er riktig å stille visse krav til gjeldslette. Det gjelder særlig det enkelte lands vilje til å fremme en sosial utvikling og en rettferdig fordeling. I tillegg er det nødvendig å forhindre at frigjorte midler brukes til å øke f.eks. de militære utgiftene.

       Disse medlemmer er usikre på hva som ligger i Regjeringens krav om at det skal fremmes en politikk som gir varige resultater. Det gis ikke noen spesifisering av de vilkår som departementet eventuelt ikke finner oppfylt for Tanzanias og Zambias del. I brev til komiteen datert 30. november opplyses det at forslaget om reduksjon bygger på en samlet vurdering. Disse medlemmer viser for øvrig til sine merknader om støtten til hovedsamarbeidslandene i forbindelse med budsjettet for 1996.

       Disse medlemmer vil peke på det uakseptable i at bistandsbudsjettet belastes med utgifter til tiltak for flyktninger i Norge. Dette standpunkt har disse medlemmer markert, senest ved voteringene over neste års statsbudsjett.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti, Erik Solheim, viser til sine merknader i forbindelse med budsjettet og til at Stortinget vil komme tilbake til bistandspolitikken i full bredde i forbindelse med den bebudede stortingsmeldinga om nord/sør og bistandspolitikken.

       I tråd med Fremskrittspartiets holdning til slike budsjettspørsmål går komiteens medlem Gundersen inn for alle proposisjonens forslag til utgiftsreduksjoner og mot alle forslag til økninger med unntak for kap. 191 Hjelp til flyktningar og menneskerettar.

3. Komiteen si tilråding

       Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       På statsbudsjettet for 1995 vert det gjort følgende endringar:

Auke:

Kap. 140 Administrasjon av utviklingshjelpa
  01  Løn og godtgjersle,
        vert auka med kr 535.000
        frå kr 33.000.000
        til kr 33.535.000
Kap. 141 Direktoratet for utviklingshjelp
  01  Løn og godtgjersle,
        vert auka med kr 995.000
        frå kr 60.200.000
        til kr 61.195.000
Kap. 142 Lokale representasjonar
  01  Løn og godtgjersle,
        vert auka med kr 970.000
        frå kr 57.500.000
        til kr 58.470.000
Kap. 143 Utanriksrepresentasjon/03-området
  01  Løn og godtgjersle,
        vert auka med kr 220.000
        frå kr 13.020.000
        til kr 13.240.000
Kap. 160 Bilateral utviklingshjelp
  administrert av internasjonale
  organisasjonar (multi-bi)
  70  Verdsbankgruppa og
        regionale utviklingsbankar,
        kan overførast,
        vert auka med kr 10.000.000
        frå kr 100.000.000
        til kr 110.000.000
  71  SN-fond og program,
        kan overførast,
        vert auka med kr 65.000.000
        frå kr 33.000.000
        til kr 98.000.000
Kap. 161 Multilateral utviklingshjelp
  under Dei sameinte (SN) og relaterte
  organisasjonar
  74  Tilskott til Verdas
        matvareprogram (WFP),
        kan overførast,
        vert auka med kr 15.000.000
        frå kr 199.500.000
        til kr 214.500.000
  77  Tilskot til
        landbruksforsking,
        vert auka med kr 10.000.000
        frå kr 35.000.000
        til kr 45.000.000
Kap. 176 Forsking og kompetansebygging
  73  Samarbeid mellom
        universitetet m.m. i Noreg og
        utviklingsland,
        kan overførast,
        vert auka med kr 10.000.000
        frå kr 40.000.000
        til kr 50.000.000
  75  Forsking og fagleg støtte
        om Nord/Sør-spørsmål,
        kan overførast,
        vert auka med kr 16.000.000
        frå kr 9.800.000
        til kr 25.800.000
Kap. 180 Samarbeid med næringslivet
  70  Tilskott til næringslivet
        sine engasjement i utviklingsland,
        kan overførast,
        vert auka med kr 25.000.000
        frå kr 20.000.000
        til kr 45.000.000
Kap. 184 Gjeldslettetiltak
  71  Tilskott til fond for
        internasjonale gjeldsoperasjonar,
        kan overførast,
        vert auka med kr 80.000.000
        frå kr 100.000.000
        til kr 180.000.000
Kap. 191 Hjelp til flyktningar og menneskerettar
  11  Varer og tenester,
        vert auka med kr 150.000
        frå kr 1.650.000
        til kr 1.800.000
  75  Annan flyktningehjelp og
        menneskerettar,
        kan overførast,
        vert auka med kr 15.000.000
        frå kr 410.050.000
        til kr 425.050.000
  76  Humanitær hjelp til Afrika,
        kan overførast,
        vert auka med kr 85.000.000
        frå kr 190.000.000
        til kr 275.000.000
  77  Humanitær hjelp til det
        tidlegare Jugoslavia,
        kan overførast,
        vert auka med kr 100.000.000
        frå kr 250.000.000
        til kr 350.000.000

Reduksjonar

Reduksjon i ubrukt løyving 1995, overført frå 1994

Kap. 150 Utviklingshjelp til Afrika
  72  Tilskott til Zambia,
        kan overførast,
        vert redusert med kr 324.000
        frå kr 324.000 til kr 0
  73  Tilskott til Botswana,
        kan overførast,
        vert redusert med kr 2.537.000
        frå kr 2.537.000 til kr 0
  79  Andre tiltak Afrika,
        kan overførast,
        vert redusert med kr 20.812.000
        frå kr 20.812.000
        til kr 0
Kap. 151 Utviklingshjelp til Asia
  70  Tilskot til Sri Lanka,
        kan overførast,
        vert redusert med kr 1.624.000
        frå kr 1.624.000
        til kr 0
Kap. 173 Særskilde støtteordningar
  73  Fagleg støtte ikkje underlagt
        konsentrasjonsprinsippet,
        kan overførast,
        vert redusert med kr 2.602.000
        frå kr 2.602.000
        til kr 0
Kap. 176 Forsking og kompetansebygging
  72  Forsking i utviklingsland
        og Sør-Sør-samarbeid,
        kan overførast,
        vert redusert med kr 10.000.000
        frå kr 12.925.000
        til kr 2.925.000

Reduksjon i ordinær løyving for 1995.

Kap. 100 Utanriksdepartementet
  01  Løn og godtgjersle,
        vert redusert med kr 1.790.000
        frå kr 149.245.000
        til kr 147.455.000
  21  Spesielle driftsutgifter,
        kan overførast,
        vert redusert med kr 4.923.000
        frå kr 9.735.000
        til kr 4.812.000
Kap. 101 Utanriksrepresentasjon
  11  Varer og tenester,
        vert redusert med kr 3.300.000
        frå kr 248.033.000
        til kr 244.733.000
  46  Ombyggingar, utviding,
        ekstraordinært vedlikehald
        kan overførast,
        vert redusert med kr 351.000
        frå kr 9.615.000
        til kr 9.264.000
Kap. 115 Presse-, kultur- og informasjonsformål
  11  Varer og tenester,
        vert redusert med kr 100.000
        frå kr 16.600.000
        til kr 16.500.000
Kap. 116 Deltaking i internasjonale
  organisasjonar
  11  Varer og tenester,
        vert redusert med kr 835.000
        frå kr 41.835.000
        til kr 41.000.000
Kap. 150 Utviklingshjelp til Afrika
  71  Tilskott til Tanzania,
        kan overførast,
        vert redusert med kr 40.000.000
        frå kr 300.000.000
        til kr 260.000.000
  72  Tilskott til Zambia,
        kan overførast,
        vert redusert med kr 9.676.000
        frå kr 185.000.000
        til kr 175.324.000
  73  Tilskott til Botswana,
        kan overførast,
        vert redusert med kr 8.463.000
        frå kr 35.000.000
        til kr 26.537.000
  79  Andre tiltak Afrika,
        kan overførast,
        vert redusert med kr 4.188.000
        frå kr 478.900.000
        til kr 474.712.000
Kap. 151 Utviklingshjelp til Asia
  70  Tiskot til Sri Lanka,
        kan overførast,
        vert redusert med kr 3.376.000
        frå kr 45.000.000
        til kr 41.624.000
  74  Andre tiltak Asia,
        kan overførast,
        vert redusert med kr 5.000.000
        frå kr 35.000.000
        til kr 30.000.000
Kap. 152 Utviklingshjelp til Mellom-Amerika
  70  Tilskot til Nicaragua,
        kan overførast,
        vert redusert med kr 24.000.000
        frå kr 65.000.000
        til kr 41.000.000
Kap. 163 Multilateral utviklingshjelp
  under internasjonale
  finansieringsinstitusjonar
  72  Innskot i Den afrikanske
        utviklingsbank og fond,
        kan overførast,
        vert redusert med kr 230.000.000
        frå kr 230.000.000
        til kr 0
Kap. 173 Særskilde støtteordningar
  73  Fagleg støtte ikkje
        underlagt konsentrasjonsprinsippet,
        kan overførast,
        vert redusert med kr 2.398.000
        frå kr 20.000.000
        til kr 17.602.000
Kap. 185 Til dekning av ymse hjelpetiltak
  70  Tilskot, kan overførast,
        vert redusert med kr 26.870.000
        frå kr 36.648.000
        til kr 9.778.000
Kap. 195 Tiltak for flyktninger i Noreg,
  godkjende som utviklingshjelp (ODA)
  21  Spesielle driftsutgifter,
        vert redusert med kr 42.000.000
        frå kr 102.000.000
        til kr 60.000.000


Oslo, i utanrikskomiteen, den 1. desember 1995.

Haakon Blankenborg, Anne Enger Lahnstein,

leiar og ordførar. sekretær.

Vedlegg 1: Brev frå utanrikskomiteen i Stortinget til statsråden for utviklingshjelp, datert 29. november 1995:

Spørsmål vedrørande St.prp. nr. 19 (1995-1996) Om endringar på statsbudsjettet for 1995 under kapittel administrerte av Utanriksdepartementet.

       I samband med handsaminga av ovannemnde proposisjon i utanrikskomiteen vil ein be om svar på kva det inneber at vilkåra for bruk av gjeldslette blir handheva strengare enn tidlegare, slik dette er nemnt i kap 0150 post 71 og post 72 i proposisjonen.

       Ein lyt be om få svar innan torsdag 30. november kl. 10.30.

Vedlegg 2: Brev frå statsråden for utviklingshjelp til utanrikskomiteen i Stortinget, datert 30. november 1995:

Sak: Spørsmål vedrørande St.prp. nr. 19 (1995-1996) Om endringar på statsbudsjettet for 1995 under kapittel administrerte av Utanriksdepartementet

       « Kva inneber det at vilkåra for bruk av gjeldslette blir handheva strengare enn tidlegare, slik dette er nemnt i kap. 0150 post 71 og post 72 i proposisjonen? »

Svar:

       Vilkåra for gjeldslette og betalingsbalansestønad er skjerpa slik at det no stillest høgare krav til at samarbeidslanda fremjar ein politikk som gjev varige resultat. Ein ønskjer i hovudsak å nytte gjeldslette og betalingsbalansestønad i land som viser vilje til å gjennomføre politiske og økonomiske reformer som fremjer godt styresett og ei sosial utvikling. Ut ifrå ei samla vurdering av tilhøva i Tanzania finn ein ikkje å ville nytte desse tiltaka i år. Når det gjeld Zambia er gjeldslette under vurdering ut ifrå dei seinaste rapportane om den økonomiske utviklinga. Dette har ein teke omsyn til i budsjettet for 1995.