Innstilling frå samferdselskomiteen om fullmakt for NSB til å selje aksjar i Narvesen AS.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 110 (1995-1996)
  • Kildedok: St.prp. nr. 29 (1995-96)
  • Dato: 11.01.1996
  • Utgiver: samferdselskomiteen

1. Jernbaneformål

Fullmakt for NSB til å selje aksjar i Narvesen AS

       Som omtalt i St.prp. nr. 1 (1995-1996) frå Samferdselsdepartementet eig NSB eigedomar og aksjar som ikkje lenger har mykje å seie for kjerneverksemda i NSB og som NSB difor vurderer å selje.

       Formålet er å få frigjort midlar som kan nyttast til å styrkje sjølve jernbaneverksemda, mellom anna ved investeringar i materiell, utstyr og stasjonar/terminalar i trafikkdelen. På denne bakgrunn arbeider NSB no med sal av aksjane sine i Narvesen AS.

       NSB eig 41 % av aksjane i Narvesen AS, medan stiftinga Institusjonen Fritt Ord eig dei resterande 59 %.

       Narvesen AS har ein solid økonomi som mellom anna gjenspeglar seg i ein eigenkapitaldel pr. 31. august 1995 på 44,6 %, og som utgjer 700 mill. kroner. Omsetnaden i 1994 var på 3 mrd. kroner.

       Den direkte avkastinga på aksjane i Narvesen AS i form av utbytte for 1994 var på 12 mill. kroner, og av dette utgjorde NSB sin del 4,9 mill. kroner.

       NSB sitt engasjement i Narvesen AS må ein sjå i samanheng med at dette blei gjort i ei tid då betjeninga av NSB sine kundar utgjorde ein vesentleg del av verksemda i Narvesen, og NSB såg på sitt engasjement i selskapet som ei sikring av togserveringa. NSB har framleis forretningsmessig forhold til selskapet, men dette er i dag basert på tilbodskonkurransar for å sikre mest mogleg effektiv jernbanedrift.

       Til å førebu salet har NSB engasjert eit frittståande norsk meklarselskap slik at salet kan gjennomførast mest mogleg etter dei prinsippa som elles gjeld for børsnoterte verksemder.

       I og med at Narvesen AS ikkje er børsnotert, er det på førehand vanskeleg å seie noko om kva slags pris som er mogleg å oppnå ved salet av aksjane.

       Ved å realisere den reelle kapitalbindinga i Narvesen vil NSB få frigjort midlar som mellom anna kan nyttast til å effektivisere jernbaneverksemda gjennom investeringstiltak.

       For å sikre ein best mogleg pris foreslår Samferdselsdepartementet at NSB v/styret får fullmakt til å selje aksjane etter at det er gjennomført forhandlingar med aktuelle kjøparar som er villige til å betale ein pris som blir vurdert som best mogleg marknadspris, og etter at eit eventuelt sal er avklart i samsvar med vedtektene for Narvesen AS.


2. Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til departementets forslag om at utover gjeldende fullmakt til salg av eiendommer, aksjer m.m., får Statsbanene høve til å selge sine aksjer i Narvesen AS i samsvar med det opplegget som går fram av proposisjonen.

       Komiteen slutter seg dermed til at NSB får frihet til selv å avgjøre organiseringen av salget av aksjene på den måten som gir best mulig pris.

       Komiteen vil legge vekt på at salg av aksjer i Narvesen AS vil gi NSB muligheter for skaffe til veie midler som totalt sett kan bety en betydelig styrking av trafikkdelen i den omstrukturering NSB nå er inne i, og som derfor også vil komme publikum til gode i form av bedre tilbud og bedre punktlighet.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Senterpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, vil peke på merknaden i B.innst.S.nr.14 (1995-1996), jf. Stortingets vedtak V 2, og forutsetter at frigjorte midler nyttes til investeringer i materiell, utstyr og stasjoner/terminaler i trafikkdelen som vil gi driftsmessige forbedringer for NSB.

       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet vil peke på merknader i B.innst.S.nr.14 (1995-1996), jf. Stortingets vedtak V 2, og forutsetter at frigjorte midler skal nyttes til å styrke selve jernbanevirksomheten, bl.a. ved investeringer i materiell, utstyr og stasjoner/terminaler i trafikkdelen. Disse medlemmer forutsetter også at midler evt. kan avsettes til styrking av reguleringsfondet.

3. Komiteens tilråding

       Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       Stortinget samtykkjer i at utover gjeldande fullmakt til sal av eigedomar, aksjar m.m., får Statsbanane høve til å selje sine aksjar i Narvesen AS i samsvar med det opplegget som går fram av St.prp. nr. 29 (1995-1996) og Innst.S.nr.110 (1995-1996).

Oslo, i samferdselskomiteen, den 11. januar 1996.

Magnus Stangeland, Johan M Nyland, Solveig Torsvik,
leiar. ordførar. sekretær.