1. Endringar i budsjettet for 1995-96

Lokalisering av Riksteatret og samlokalisering av Riksteatret, Rikskonsertane og Riksutstillingar

       Utgreiinga « Lokalisering av Riksteatret - Samlokalisering av Riksteatret, Rikskonsertene og Riksutstillinger - en egnethetsanalyse » vart lagd fram i juni 1994.

       Riksteatret meiner ei flytting ut av Oslo vil redusere det faglege grunnlaget dei har i dag og avgrense omfanget av nye samarbeidsprosjekt mellom dei tre institusjonane. Riksteatrets styre, administrasjon, dei tilsette og deira organisasjonar går difor imot å flytte verksemda til Drammen. Det gjer òg Riksteatrets distriktsrepresentantar over heile landet.

Administrative og økonomiske føremoner

       Samlokalisering vil føre til at driftsressursane vil bli betre utnytta enn i dag. På den administrative sida vil samordning av fellestenester som turnéadministrasjon, verkstader, prøverom, trykkeri, lyd- og lysteknisk avdeling, marknadsavdeling, resepsjon, kantine og liknande gi ei økonomisk innsparing som kan nyttast til kunstnarleg arbeid og auka formidling.

       I utgreiinga av alternative tomteareal i Oslo indre aust har ein kome fram til at Nedre Foss i bydel 5 Grünerløkka/Sofienberg, ein del av Akerselva Miljøpark, er det alternativet som er best eigna. Området er delvis bygd ut med gamle fabrikklokale. Oslo kommune har prioritert området i samband med utviklinga av dei mest belasta områda i hovudstaden. Ein tidlegare fabrikkhall på området blir no bygd ut av Oslo kommune til aktivitetssenter for ungdom.

       Statsbygg gjorde økonomiske samanlikningar mellom nokre av prosjekta, mellom anna Union i Drammen, Myrens verksted og Nedre Foss i Oslo og uttalar i brev av 20. oktober 1995 at:

       « Kostnadene ved rehabilitering av nybygg av lokaler ved Union i Drammen vil bli anslagsvis 10-15 % høyere enn ved rehabilitering og nybygg ved Myrens Verksted i Oslo.
       Kostnadene ved rehabilitering og nybygg av lokaler ved Nedre Foss/Maridalsveien i Oslo vil bli anslagsvis 5-10 % lavere enn ved Myrens Verksted. »

       I forslaga til samlokalisering ligg det ikkje eit behov for auka driftstilskott til den kunstnarlege aktiviteten til den enkelte institusjonen. Samlokaliseringa i seg sjølv skal generere så mykje auka aktivitet innanfor dei tilskottsrammene dei har, at ekstra tilskott, så langt vi kan sjå i dag, ikkje er nødvendig.

       Administrasjonsdepartementet har i budsjettframlegget for 1996, jf. St.prp. nr. 1 (1995-1996), foreslått 4 mill. kroner til prosjektering av eit nybygg for samlokalisering av dei tre riksinstitusjonane. Eit førebels kostnadsoverslag utgjer 273 mill. kroner. Departementet vil kome attende med framlegg om byggjeløyve i statsbudsjettet for 1997.

Konklusjon

       Det er både Kulturdepartementet og Administrasjonsdepartementet si oppfatning at ei samlokalisering av riksinstitusjonane i Oslo indre aust er det beste alternativet både lokalt og nasjonalt. Intensjonane i storbymeldinga og dei kunst- og kulturpolitiske målsetjingane som Stortinget har slutta seg til, er samanfallande. Administrasjonsdepartementet gjer difor framlegg om at arbeidet med ei samlokalisering av Riksteatret, Rikskonsertane og Riksutstillingar på Nedre Foss i Oslo blir sett i gang.