1. Samandrag

      Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om å omdisponere 270,6 mill. kroner på budsjettet for utviklingshjelp i 1996. Av dette er 128 mill. kroner knytta til ubrukte løyvingar frå 1995. Forslaga til omfordeling har m.a. samanheng med at forhandlingane om den ellevte kapitalpåfyllinga i Det internasjonale utviklingsfondet (IDA), som vart avslutta i mars 1996, resulterte i at det norske tilskotet vart mindre enn løyvinga til føremålet i 1996. Elles har forslaga til omdisponeringar samanheng med at framdrifta for prosjekt og program av ulike årsaker er blitt utsett eller at planar og rammevilkår er endra, slik at det er blitt ledige midlar. Dei ledige midlane blir i hovudsak føreslege omfordelte til ulike tiltak i Afrika; m.a. er det føreslege 30 mill. kroner til humanitær hjelp i Liberia, Sierra Leone, Rwanda og Burundi, 40 mill. kroner til gjeldstiltak i Uganda og sosiale tiltak m.v. i Eritrea og Sør-Afrika, 70 mill. kroner til helse og utdanning gjennom UNDP og UNICEF og frivillige organisasjonar og 50 mill. kroner til parallellfinansiering for prosjekt i Angola, Mosambik og Tanzania. I tillegg blir det føreslege ei tilleggsløyving på 50 mill. kroner til tiltak i Midtausten.

       Det vert opplyst i proposisjonen at det er 8.987 mill. kroner til disposisjon til utviklingshjelp i 1996 inkludert 415 mill. kroner i ubrukte løyvingar som er overførde frå budsjetterminen 1995.