Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til det som står foran og rår Stortinget til å fatte følgende
Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 1996 skal gjennomførast regulering av lønene o.a. for offentlege tenestemenn som er medlemer av hovudsamanslutningane og Norsk Lørarlag i samsvar med forhandlingsforslaget i protokoll av 1. mai 1996.
Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 1996 skal gjennomførast regulering av lønene o.a. for offentlege tenestemenn som er medlemer av Samarbeidsorganisasjonen, Norsk Politiforbund og Lensmannsetatens Landslag (SPL) i samsvar med forhandlingsforslaget i protokoll av 1. mai 1996.
For alle tenestemenn som ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette gjennom hovudtariffavtale eller som er løna utanfor tariffavtala og ikkje får si løn fastsett administrativt i kontrakt, skal gjelde same løns- og arbeidsvilkår som etter pkt. I.
Stortinget samtykkjer i at Kongen på vegner av staten kan bringe eventuelle tvistar i samband med tariffoppgjeret i staten i 1996 inn for Rikslønsnemda i samsvar med føresegnene i lov om offentlige tjenestetvister av 18. juli 1958, jf. § 26.
| 1. | Faste pensjonar i Statens Pensjonskasse skal regularast i samsvar med auken i grunnsummen i folketrygda pr. 1. mai 1996. |
| 2. | Statens Pensjonskasse får fullmakt til å regulere og tilpasse pensjonar som på grunn av særlege pensjonstekniske forhold ikkje med rimeleg resultat kan regulerast i samsvar med punkt 1. Det same gjeld bruken av sikringsregelen, sjå hovudtariffavtala i staten punkt 4.1 bokstav d, for dei medlemene i Pensjonskassa som ikkje hører under denne avtala. |
| 3. | Administrasjonsdepartementet får fullmakt til å regulere pensjonar av statskassa på same måte som for statspensjonistar etter punkt 1. |
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for offentlege tenestemenn, post 01 Løn og godtgjersler på dei av departementspostane som har lønsløyving.
Finansdepartementet får fullmakt til å gjere justeringar som følgje av dei sentrale justeringsforhandlingane for 1995 på dei postane i statsbudsjettet for 1996 som har lønsløyving og til å utgiftsføre netto utgiftsauke knytta til dette under kap. 2309 post 11.
På statsbudsjettet for 1996 vert det gjort følgjande endringar:
| Kap. 2315 | Lønsregulering for offentlege tenestemenn | ||
| 01 Løn og godtgjersler, | |||
| blir løyvd med | kr | 831.000.000 | |
| Kap. 1500 | Administrasjonsdepartementet | ||
| 11 Varer og tenester, blir auka med | kr | 400.000 | |
| frå kr 38.120.000 | |||
| til kr 38.520.000 | |||
| Kap. 1502 | Tilskot til kompetanseutvikling, kan | ||
| overførast | |||
| 70 Tilskot blir løyvd med | kr | 16.500.000 | |
| Kap. 1503 | Tilskot til tenestemennenes opplysnings- og | ||
| utviklingsfond | |||
| 70 Tilskot, blir auka med | kr | 475.000 | |
| frå kr 118.166.000 | |||
| til kr 118.641.000 | |||
| Kap. 1541 | Pensjonar av statskassa | ||
| 01 Løn og godtgjersler, overlagsløyving, | |||
| blir auka med | kr | 1.714.000 | |
| frå kr 56.970.000 | |||
| til kr 58.684.000 | |||
| Kap. 1542 | Tilskot til Statens Pensjonskasse og | ||
| Pensjonsordninga for apoteketaten | |||
| 01 Løn og godtgjersler, overslagsløyving, | |||
| blir auka med | kr | 130.052.000 | |
| frå kr 3.984.600.000 | |||
| til kr 4.114.652.000 | |||
| 60 For kommunale tenestemenn, | |||
| overslagsløyving, | |||
| blir auka med | kr | 34.352.000 | |
| frå kr 1.052.500 | |||
| til kr 1.086.852 | |||
| 70 For andre medlemer av Statens | |||
| Pensjonskasse, overslagsløyving, | |||
| blir auka med | kr | 1.789.000 | |
| frå kr 54.800.000 | |||
| til kr 56.589.000 | |||
| Kap. 1543 | Arbeidsgjevaravgift til folketrygda | ||
| 01 Løn og godtgjersler, overslagsløyving, | |||
| blir auka med | kr | 5.578.000 | |
| frå kr 230.000.000 | |||
| til kr 235.578.000 | |||
| 60 For kommunale tenestemenn, | |||
| overslagsløyving, | |||
| blir auka med | kr | 2.263.000 | |
| frå kr 93.300.000 | |||
| frå kr 93.300.000 | |||
| 70 For andre medlemer av Statens | |||
| Pensjonskasse, overslagsløyving, | |||
| blir auka med | kr | 112.000 | |
| frå kr 4.600.000 | |||
| til kr 4.712.000 | |||
| Kap. 1545 | Venteløn o.a. | ||
| 01 Løn og godtgjersler, overslagsløyving, | |||
| blir auka med | kr | 766.000 | |
| frå kr 31.574.000 | |||
| til kr 32.340.000 | |||
| Kap. 4545 | Venteløn o.a. | ||
| 01 Refusjon frå statleg verksemd o.a., | |||
| blir auka med | kr | 661.000 | |
| frå kr 27.258.000 | |||
| til kr 27.919.000 |
| Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 12. juni 1996. |
| Grethe G Fossum, | Per Skau, | Eli Sollied Øveraas, |
| leder. | ordfører. | sekretær. |