Innstilling frå utanrikskomiteen om samtykke til at Noreg tek del i ei kapitalpåfylling i Det nordiske utviklingsfondet.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 272 (1995-1996)
  • Kildedok: St.prp. nr. 83 (1995-96)
  • Dato: 13.06.1996
  • Utgiver: utanrikskomiteen

1. Samandrag

      Det vert i proposisjonen vist til at Nordisk utviklingsfond (NDF) vart oppretta av Nordisk Ministerråd i 1988 som eit ledd i det nordiske bistandssamarbeidet for å fremje økonomisk og sosial utvikling i utviklingslanda. Stortinget samtykte i at Noreg skulle delta i NDF gjennom handsaminga av St.prp. nr. 135 (1987-1988) om norsk deltaking i Nordisk utviklingsfond, jf. Innst.S.nr.8 (1988-1989).

       Det vert vidare vist til at bidraga til fondet vert finansierte over bistandsbudsjetta i dei nordiske landa. Fondet vart oppretta med ein kapital på 100 millionar spesielle trekkrettar (SDR) som på det tidspunktet tilsvara om lag NOK 862,9 millionar. Etter ein prøveperiode på fem år vart verksemda i fondet evaluert i 1991, og i 1992 vart det vedteke å gjere fondet permanent og å tilføre fondet ny kapital på SDR 150 millionar (NDF II). Bidraga frå dei einskilde landa vert fastsette etter gjeldande fordelingsnøkkel for nordisk finansiering.

       Basert på ei uavhengig evaluering hausten 1995 har dei nordiske bistandsstyresmaktene forhandla fram ei semje om ei ny kapitalpåfylling - NDF III - på SDR 250 millionar for perioden 1996-2000. Regjeringa føreslår i proposisjonen at Noreg tek del i kapitalpåfyllinga med sin part på 19,5 %, noko som utgjer SDR 48,75 millionar.

       Etter planen skal bidraga til kapitalpåfyllinga betalast til fondet over fem år med start i 1999. Etter noverande kurs vil dei årlege bidraga utgjere om lag 92 mill. kroner. Sidan innbetalinga av bidraga ligg langt fram i tida, vil planen kunne bli justert etter avtale mellom bistandsstyresmaktene i dei nordiske landa, idet det mellom anna vert teke omsyn til likviditetsbehovet i fondet. Det norske bidraget til fondet går over Programområde 03 for Utviklingshjelp. Regjeringa vil komme attende til løyvingsspørsmålet i samband med budsjettframlegga for 1999, 2000, 2001, 2002 og 2003.

2. Komiteen sine merknader

      Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten frå Framstegspartiet, er samd i at Noreg tek sin del av den nye kapitalpåfyllinga for Det nordiske utviklingsfondet. Det vert i proposisjonen vist til at « Utgangspunktet for sektorprioriteringane i NDF er både nordisk bistandspolitikk og relevant nordisk kompetanse ». Sektorsamansetjinga for dei 62 kredittavtalene som var underteikna ved utgangen av 1995 fangar ikkje godt nok opp breidda i dei sosiale målsetjingane i bistandspolitikken. Fleirtalet ser det som viktig at det vert betre samsvar på dette punktet når det vert inngått nye avtalar. Fleirtalet finn difor grunn til å streka under det Regjeringa opplyser i proposisjonen om at utlån til sosial sektor er tenkt auka dei neste åra, og føreset at også verksemda i Nordisk Utviklingsfond medverkar til å nå målsetjingane om prioritering av utdanning og helse og realisering av 20/20-prinsippet.

       Fleirtalet syner vidare til det som er sagt om anbudsprinsipp og større bruk av næringslivet i utviklingslanda i bistandsfinansierte prosjekt i Innst.S.nr.229 (1995-1996). Fleirtalet går ut frå at oppfølginga av dette vert omtala nærare i proposisjonen om statsbudsjettet for 1997.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet finner det inkonsekvent av stortingsflertallet på den ene siden å ville fremme utviklingen i u-land ved pengegaver, mens man på den annen side opprettholder proteksjonistiske ordninger som blokkerer en friere samhandel med disse. En slik politikk hindrer det enkelte land i å bygge seg opp ved egne anstrengelser, samtidig som avhengigheten av i-landene forsterkes.

       Dette medlem vil videre gi uttrykk for skepsis til den virksomhet som bedrives i de internasjonale utviklingsfond og utviklingsbanker. Disse minner om internasjonale varianter av det særnorske tiltaksapparatet overfor distriktene og enkeltbedrifter. Den økonomiske utviklingen i utviklingslandene de senere tiår, tyder på at virkningen av tiltakene er omtrent den samme.

       Dette medlem mener at veksten og utviklingen i u-landene kan sikres gjennom en friere verdenshandel, og vil i denne forbindelse fremheve betydningen av en omfattende WTO-avtale. Selektiv og tilfeldig bistand over i-landenes statsbudsjetter fortoner seg som brannslukking uten varige positive virkninger for mottakerlandet.

       Dette medlem vil på dette grunnlag gå imot at Norge deltar i en kapitalpåfylling i Det nordiske utviklingsfond.

3. Komiteen si tilråding

  Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       Stortinget gjev samtykke til at Noreg tek del i ei kapitalpåfylling i Det nordiske utviklingsfondet for åra 1996-2000 med til saman SDR 48.750.000 i samsvar med eit framlagt forslag.

Oslo, i utanrikskomiteen, den 13. juni 1996.

Jan Petersen, Ragna Berget Jørgensen, Anne Enger Lahnstein,
fung. leiar. ordførar. sekretær.