13. Omdisponering av midlar til kap. 1350 post 23 drift og vedlikehald

13.1 Samandrag

       Ved handsaminga av St.prp. nr. 1/B.innst.S.nr.14 (1994-1995) fekk NSB fullmakt til i 1995 å overskride løyvinga på kap. 1350 post 30 Investeringar i lina, tilsvarande mindreforbruk på kap. 2451 post 24 Driftsresultat. Rekneskapen viser eit mindreforbruk her på 35,777 mill. kroner.

       Samferdselsdepartementet foreslår at 36,0 mill. kroner blir omdisponert til kap. 1350 post 23 Drift og vedlikehald, til forsering av arbeidet med fornying av køyrevegens kontaktleidningsanlegg.

13.2 Komiteens merknader

       Komiteen har ingen merknader.