2. Folketrygdas utgifter

Utviklinga i nokre ordningar under folketrygda

       Etter fleire år med nedgang i sjukefråveret, auka dette i slutten av 1994 og auken har vorte sterkare i 1995. Frå 1994 til 1995 auka folketrygdas utgifter til sjukepengar med totalt 9,0 % (nominelt) og 6,9 % i faste 1995-kroner. Rekneskapen for 1995 viser at utgiftene vart 1.044 mill. kroner høgare enn B.innst.S.nr.III -95. Av dette skuldast om lag 180 mill. kroner høgare løns- og sysselsettingsvekst enn føresetnaden i B.innst.S.nr.III.

       Attføring omfattar både yrkesretta attføring (under Kommunal- og arbeidsdepartementet) og medisinsk rehabilitering (under Sosial- og Helsedepartementet). Utgiftene til medisinsk rehabilitering har gått ned med 28,6 % frå 1994 til 1995, medan dei for yrkesretta attføring har gått opp med 6,6 %, alle målte i løpande kroner.

       Endringane for medisinsk rehabilitering har vist seg å ha følgjer for talet på uførepensjonistar. Medan auken frå 1993 til 1994 var på 0,6 %, var talet frå 1994 til 1995 om lag 1,1 %. Utgiftene steig med 5,3 %, målt i løpande kroner.

       Det har vore ein auke i talet på alderspensjonistar det siste året òg, med ca 0,1 %. Utgiftene syner ein auke på 2,1 %. Sidan 1990 har auken vore på litt under 2 %. Utgiftene har derimot vakse med 27,2 % i løpande kroner, 13,1 i faste kroner. Dette illustrerer at dei nye pensjonistane har større opparbeidde rettar til tilleggspensjon enn « gårsdagens » pensjonistar. Dette tilhøvet gjeld for andre pensjonsytingar òg, som til dømes uførepensjon.

       Ein ventar ein nedgang i veksten av alderspensjonistar dei næraste åra, innan dei store etterkrigskulla vert pensjonerte rundt år 2010.

       Refusjon av legemiddel på blå resept synte ein auke på 9,6 %, målt i faste kroner. Hovudårsaka er nye og dyrare legemiddel, som til dømes at Imigran vart ført inn på blå-resept-lista. Totalt vart utgiftene til legemiddel i 1995 3.665 mill. kroner, mot 3.264 mill. kroner i 1994.

       Trygdeetaten har eit prosjekt gåande som ser på legers takstbruk, mellom anna for å kartleggje refusjonsordninga. Utgiftene til refusjon til spesialister og allmennleger har auka med respektive 5,7 og 4,3 % siste året, medan det var ei nedgang på 9,1 % til fastlønstilskotet frå 1994 til 1995, alt målt i faste kroner.

       Ein laga framskriving av utgiftene i folketrygda i 1997 både i 1995 og 1996. Framskrivinga som vart utarbeidd i 1996 ligg om lag 1,1 mrd. høgare enn prognosen frå året før (samla for programområda 29 og 30). Auken kjem av i hovudsak større venta utgifter til sjukepengar.