3. Finanspostar og kapitalrekneskapet

Finansinntekter og finansutgifter

       Staten hadde i 1995 netto renteinntekter på 22.538 mill. kroner og renteutgifter på 20.454 mill. kroner. Frå 1994 til 1995 auka renteutgiftene på innanlands statsgjeld med 341 mill. kroner, noko som for det meste skuldast ein auke innanlands statsgjeld. Renter på utanlands statsgjeld minka med 540 mill. kroner i 1995, hovudsakleg fordi utanlands statsgjeld vart redusert i denne perioden.

       Renteinntektene frå statsbankane minka med 2.047 mill. kroner frå 1994 til 1995. Dette kan både forklarast med ein reduksjon i rentesatsen på diverse lån til statsbankane og ein reduksjon i utlån til statsbankane.

Statens balansekonto

Tabell 5.2. Statens eignelutar og gjeld (mill. kroner)

  1994 1995 Endring
Eignelutar:         
Bank- og postgirokonti m.m. 78.007 100.649 22.642
Mellomrekneskapen med rekneskapsførarar 8.090 9.386 1.296
Verdipapir 11.500 11.478 -22
Utlån og uteståande krav 190.422 181.911 -8.511
Forskott 803 705 -98
Kapital i statsbankane 7.561 7.561   
Kapital i statens sjølvstendige bedrifter 35.743 36.610 867
Fast kapital i statsbedriftene 119.373 131.847 12.474
Valutautbyte -1.124 -2.956 -1.832
Statsobligasjonslån. Overkurs/underkurs -4.324 -3.458 866
Valutakursregulering, statens
utanlandsgjeld   -4.621 -4.621
  446.051 469.112 23.061
Gjeld:         
Statsgjelda 290.216 290.758 542
Kontolån frå fond under
Finansdepartementets forvaltning 3.612 3.358 -254
Deposita og avsetjingar 9.324 12.805 3.481
Utferda gjeldsbrev for den ikkje betalte
delen av grunnfond i statsbankane 3.541 3.541   
Overførte utnytta løyvingar 9.089 11.760 2.671
Avslutningskonto 130.269 146.890 16.621
  446.051 469.112 23.061


       Statens balansekonto omfattar ikkje investeringar i t.d. bygging av vegar, flyplassar og sjukehus. Slike investeringar vert tekne til utgift i det året aktiviteten går føre seg, og kjem derfor ikkje til uttrykk på balansekontoen. Investeringar i forretningsdrifta vert derimot aktiverte og kjem med på balansekontoen for fast kapital.

       I 1995 var statens totale inntekter 451.006 mill. kroner og dei totale utgiftene 446.689 mill. kroner. Dette gav eit finansieringesoverskott på 4.317 mill. kroner.

       Finansieringsoverskottet og statslånemidler på 16.917 mill. kroner gav ein auke i ymse behaldningar på 21.234 mill. kroner. Totalt auka sum eigneluter med 23.061 mill. kroner, kor dei største endringane skuldast auken i bank og postgiro på 22.642 mill kroner og auken i statens faste kapital på 12.474 mill. kroner. Auken i statens faste kapital skriv seg for det meste frå ein netto auke i investeringar på 10,4 mrd. kroner i Statens direkte engasjement i petroleumsverksemda.

       I 1995 minka utlån og uteståande krav med 8.511 mill. kroner. Av dei var 570 mill. kroner avdrag betalt av SF Statkraft. Frå 1994 til 1995 auka deposita og avsetjingar med om lag 3.481 mill. kroner. Av dette skriv 1.464 mill. kroner seg frå ein auke i avsetting til Statens petroleumsforsikringsfond og ei avsetting til Statens petroleumsfond på 1.981 mill. kroner i 1995. Overførte unytta løyvingar auka med 2.671 mill. kroner frå 1994 til 1995.

       Finansdepartementet har i 1995 sett i verk ei vurdering av statens kapitalrekneskap (balanse) med målsetting å forbetre presentasjonen og kvaliteten av dei data som ligg inne i denne balansen.

       Ein førebels gjennomgang syner at det vil kunne vere behov for å regulere einskilde kapitalrekneskapspostar under nokre av departementa.

       Finansdepartementet vil komme med ei nærare orientering om arbeidet og resultatet av gjennomgangen for Stortinget.

Garantiar

       Garantiane hadde ved utgangen av 1995 ei samla ramme på 141,2 mrd. kroner og eit samla ansvar på 104,8 mrd. kroner.

       Samla utbetalingar var på 422,0 mill. kroner i 1995.

       Det er i meldinga gjort nærare greie for garantiar under GIEK.

       Den nye alminnelege garantiordninga er samansett av ein Forretningsdel for kortsiktig eksportkredittforsikrings- og garantiverksemd, samt ein Samfunnsdel for dei øvrige garantitilboda. GIEK kunne i 1995 i tillegg gi garantiar under Tilbodsgarantiordninga. Garantiordninga for investeringar i og eksport til utviklingsland ( « NORAD-ordninga »), samt dei særskilde garantiordningane for SUS/Baltikum, Øst-Europa og Polen (« Polen II »).

Offentlege fond

       Rekneskapen for 1995 omfattar 105 fond, mot 106 i 1995.

       Det har i 1995 kome til 3 nye fond:

- Fond for regional utvikling i fylke og kommunar
- Kriminalomsorgsfondet
- Prisreguleringsfondet

       Med rekneskapen for 1995 fell desse fonda bort:

- Hvalkonsesjonsavgiftsfondet
- Nærfjernsynsfondet
- Nærradiofondet
- Produksjonsfondet for kino og fjernsynsfilm

       Fonda har i 1995 hatt ei samla inntekt på 43.124 kroner og ei samla utgift på 43.449 mill. kroner. Det gjev eit samla driftsunderskott på 325 mill. kroner.

       Samla kapital i fonda pr. 31. desember 1995 er 5.696 mill. kroner. Andre kreditorar utgjer til saman 1.705 mill. kroner.