8. Komiteens tilråding

       Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I.

       Stortinget vil be Regjeringa i samråd med lokale styresmakter om ein samla plan for forsert kollektivutbygging i Oslo- og Akershusregionen. Dette slik at målet om auka kollektivdel og berekraftig transport kan bli nådd. Planen må både omfatte infrastruktur og materiellsatsing for ulike kollektive transportformer. Liknande er òg aktuelt i andre større byområde der ein lokalt tek slike initiativ.

II.

       Komiteen ber Regjeringa fremje forslag til ein betydeleg redusert bruk av piggdekk i område som er særleg miljøbelasta, seinast i samband med NVVP neste år.

III.

       St.meld. nr. 32 (1995-1996) - om grunnlaget for samferdselspolitikken - vert lagd ved protokollen.

Oslo, i samferdselskomiteen, den 30. oktober 1996.

Magnus Stangeland, Solveig Torsvik,
leiar og ordførar. sekretær.