Vedlegg 5

Brev fra Samferdselsdepartementet til kontroll- og konstitusjonskomiteen, datert 8. oktober 1996:

Handsaminga av Dok.nr.8:49 (1995-1996) - Youth for Understanding

       Eg viser til Kontroll- og konsitutsjonskomiteens brev av 26. september 1996.

       Samferdselsdepartementet melde 2. februar 1996 Youth for Understanding til politiet m.a. for å ha praktisert treårskontingentar. Eit viktig grunnlag for dette var kommentarane i den førebels rapporten frå Fordelingsutvalet 12. juli 1995 om organisasjonane sitt grunnlag for medlemstal 1993-95, jf. s. 19, jf. også den endelege rapporten frå Fordelingsutvalet 26. oktober 1995. For Youth for Understanding valde Fordelingsutvalet likevel ikkje å reagere på dette med krav om attendebetaling av tilskot.

       Eg uttalte i høyringa 20. september 1996 at Youth for Understanding ikkje fekk tilskot i 1996 på heilt same grunnlag som i 1995, i og med at det einskilde år for kontingentbetaling no er spesifisert på bankgiroblanketten. Utsegna mi her bygde på det inntrykk eg 19. september 1996 fekk av det som representanten for Youth for Understanding, Marit Brevik, sa til komiteen. Av det skriftlege, foreløpige referatet frå høyringa 19. september 1996 som låg føre seinare, går det fram at ordninga vart innført først i 1996 og dermed ikkje vil vere ein del av søknadsgrunnlaget før ved søknaden om tilskot for 1997.

       Youth for Understanding har i søknader om tilskot for tilskotsåra 1995 og 1996 (det vil seie dei søknadene som vart sende til Fordelingsutvalet i november 1994 og 1995) nytta det same grunnlaget. Eg konstaterer at Fordelingsutvalet ved tildeling av tilskot for 1996 har godteke ordninga med treårskontingentar. Fordelingsutvalet reagerte likevel på to andre forhold i Yourth for Understandings søknad om driftstilskot for 1996. Organisasjonen har klaga på Fordelingsutvalet sitt vedtak. Saka er no til avgjerd i Barne- og familiedepartementet.