Vedlegg 1

Brev fra Samferdselsdepartementet v/statsråden til samferdselskomiteen, datert 26. november 1996.

Dok.nr.8:107 (1995-1996) - Fritak av bompenger for el-biler

       Eg syner til Dok.nr.8:107 Forslag fra stortingsrepresentant Lars Sponheim om regelendringer som gjør det mulig for lokale styresmakter å frita elektriske biler for bompengeavgift, oversendt i brev av 26. juni 1996 frå samferdselskomiteen.

       Hovudinnhaldet i framlegget frå representanten Sponheim er å leggje til grunn for fritak for elektrisk drivne bilar, men i framlegget ligg det òg delegering av takstfullmakt til lokale styresmakter. Eg vil i denne uttala kommentere desse to sidene ved framlegget kvar for seg.

Fritak for elektriske bilar:

       Innkrevjing av bompengar er heimla i veglova. Lova gjev særs vide rammer både for innkrevjing og for bruk av innkravde middel. Praktiseringa av lova har vore meir snever. Bompengar blir kravd inn for å gje tilskot til finansiering av særskilde veganlegg, eller til særskilde pakker av anlegg - mellom anna anlegg for kollektivtrafikk. I dette ligg det at utgangspunktet må vere at alle trafikantar som har nytte av at eit bomvegprosjekt blir bygd ut bør vere med på å betale for det. Dette gjeld òg for elektriske bilar - det er vanskeleg å sjå at type drivstoff er relevant for trafikanten sin nytte av vegen.

       Det blir i dag gitt generelt fritak til nokre trafikantgrupper: Syklande og gåande, utrykningskøyrety i teneste, køyrety i merka gravfølgje og køyrety som i samband med arbeid på bomvegen må passere bomstasjonen. I bompengeringane er det i tillegg gitt fritak for forflyttingshemma. Desse fritaka har andre årsaker enn miljøomsyn.

       Mellom anna av rettferdsomsyn og av di bompengesystema bør vere enkle og oversiktlege når det gjeld administrative kostnader blir det berre unntaksvis gjeve fritak for særskilde grupper. Generelt vil òg slike unnatak gje eit bortfall av bompengar som gjer at andre trafikantar må bere ein større del av kostnadene gjennom høgare takstar eller lengre innkrevjingstid.

       Etter departementet sitt syn bør ulike miljøeigenskaper ved køyrety med ulike drivstoff i stor mon vere reflektert i dei generelle avgiftene. I tillegg er elektriske bilar òg friteke for eingongsavgifta.

Delegering av takstfullmakt:

       Framlegget inneber ei delegering av takstfullmakt til lokalt nivå. I utgangspunktet er denne fullmakta delegert til Samferdselsdepartementet, som igjen har delegert ho vidare til Vegdirektoratet innafor nærare fastsette rammer. Samferdselsdepartementet er klageinstans for takstvedtak trefte av Vegdirektoratet.

       Bompengar nyttast til å finansiere riksveganlegg, og det er den statlege riksvegstyresmakta som har naudsynte føresetnader og kompetanse til å fastsette rabattar og takster i bompengesaker og til å vurdere moglege fritaksordningar. Lokale takstvedtak og lokalt fastsette fritaksordningar kan vere i strid med føresetnadene for prosjektet, og ha konsekvensar for innteningsevna og økonomien i bompengeselskapa.

       Den lokale påverknaden er varetatt ved at lokale styresmakter kan fremje synspunkt på framlagde takstforslag og har klageadgang på takstvedtak.