2. Programkategori 21.2 luftfartsformål

Kap. 1310 Flytransport (jf. kap. 4310)

Post 71 Kjøp av flytransporttenester

Samandrag

       I 1996 vil det ikkje vere behov for kjøp av statlege flyrutetenester over kap. 1310 post 71 Kjøp av flytransporttenester. Samferdselsdepartementet foreslår derfor at løyvinga på kap. 1310 post 71, blir redusert frå 150 mill. kroner til kr 0.

Komiteens merknader

       Komiteen har ingen merknader.

Kap. 1312 Oslo Lufthavn AS

Post 90 Lån til Oslo Lufthavn AS

Samandrag

       Som ein følgje av budsjettrevisjonen i Oslo Lufthavn AS pr. juni 1996 med seinare gjennomført periodisering, er lånebehovet i 1996 redusert med 400 mill. kroner, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (1996-1997) for Samferdselsdepartementet.

Komiteens merknader

       Komiteen har ingen merknader.

Kap. 4310 Flytransport (jf. kap. 1310)

Post 70 Avgift til finansiering av kjøp av flytransporttenester

Samandrag

       Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 4310 post 70 Avgift til finansiering av kjøp av flytransporttenester, frå 150 mill. kroner til kr 0, jf. omtale under kap. 1310 post 71.

Komiteens merknader

       Komiteen har ingen merknader.