5. Programkategori 22.1 post

Kap. 2452 Postverket (jf. kap. 5452, 5491 og 5603

Samandrag

       Det blir gjort framlegg om endringar i løyvingane på inntekts- og utgiftskapitla for Postverket pga. avkorta budsjettår som følgje av omdanning av Postverket til særlovselskap frå 1. desember 1996.

       Regjeringa gjer framlegg om at utbytte frå forvaltningsverksemda Postverket i 1996 blir redusert med 110,0 mill. kroner, frå 205,0 mill. kroner til 95,0 mill. kroner. Forslaget har mellom anna samanheng med at utbyttet frå Postbanken, som fram til no har gått til Postverket, blei 207,0 mill. kroner mindre enn det som opphavleg var rekna med. Postverket sette sommaren 1996 i gang budsjettiltak for i alt 120,0 mill. kroner for å vege opp nokre av dei reduserte inntektene. Resten av svikten i driftsresultatet gjeld særleg omgjeringa av Postverket frå forvaltningsbedrift til særlovselskap frå 1. desember 1996, jf. at drifta i desember gir vanlegvis eit monaleg overskot for Postverket.

       Forslaget vil føre til nye overslag for kap. 2452, postane 24, 30 og 91, jf. sidene 7 og 8 i proposisjonen.

Komiteens merknader

       Komiteen har ingen merknader.