1. Samandrag

       Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om at Noreg tek del i den 7. påfyllinga i Det afrikanske utviklingsfondet, AfDF, med 613 mill. kroner i treårsperioden 1996-1998.

       Det vert i proposisjonen gjort nærare greie for bakgrunnen for AfDF og Noreg si deltaking i fondet. Det vert vidare gjort greie for forhandlingsprosessen fram mot den 7. kapitalpåfyllinga og sluttresultatet av forhandlingane.

       Oversikt over tilskot til den 7. påfyllinga i fondet når det gjeld respektive tilleggsfylling og kjernepåfylling, er vedlagt proposisjonen.

       Det vert i proposisjonen vist til at Det afrikanske utviklingsfondet er ein del av Afrikabankgruppa og gjev utlån på mjuke vilkår til afrikanske land. Fram til og med den sjette påfyllinga av AfDF vart fondet fylt på med gåvemidlar om lag tredje kvart år etter føregåande tingingar mellom gjevarlanda om mellom anna storleik, byrdefordeling og utviklingspolitiske målsetjingar for fondet. Problem med drifta av banken og usemje mellom dei ikke-afrikanske medlemslanda og låntakarlanda om viktige element i utlånspolitikken førte til at forhandlingane om den 7. påfyllinga drog ut. Men striden om utlånspolitikken vart tilfredsstillande løyst, og hausten 1995 sette den nyvalde presidenten i gang omfattande reformer i banken. Både innhaldet i og gjennomføringa av reformene vert hittil vurderte som lovande, og tingingane vart på bakgrunn av denne positive utviklinga tekne opp att og seinare endeleg avslutta i juni 1996. Resultatet vart ei samla påfylling på 2,02 mrd. dollar. Noreg sin del av dette er på 613 mill. kroner fordelt over 3 år. Dette utgjer 3,54 % av påfyllinga, som òg har vore Noreg sin del i tidlegare påfyllingar.

       Før AfDF 7-forhandlingane vart endeleg avslutta, vart det i samband med førehavinga av statsbudsjettet for 1996 løyvd 190 mill. kroner over kap. 163 post 72 « Innskudd i Den afrikanske utviklingsbank og fond » til eventuell deltaking i fondspåfyllinga. Løyvinga dekkjer den første av tre årlege innbetalingar. Resten av det norske AfDF 7-bidraget vil bli innbetalt dei kommande åra, og dei respektive løyvingsframlegga vil bli fremja for Stortinget i budsjetta for 1997 og 1998.

       Det vert i proposisjonen peika på at i høve til norske bistandspolitiske målsetjingar er den auka merksemda om fattigdomsreduksjon, miljø og kvinner som det vert lagt opp til i AfDF 7, svært positiv. Frå norsk side vil det bli lagt særleg vekt på å følgje opp banken si verksemd på desse områda, og det vil òg bli vurdert støtte via samfinansiering o.l. dersom utviklinga elles er tilfredsstillande.