1. Samandrag

       Dokumentet inneheld dette forslaget:

       « Stortinget ber Regjeringen sette ned renta på studielån med 1 prosentpoeng fra 1. mars 1997, slik at renta for lån som har vært rentebærende i mindre enn 7 år blir 5 % og renta for lån som har vært rentebærende i 7 år eller mer blir 5,5 %. »

       Studielånsrenta vart sist endra med verknad frå 1. oktober 1996 og er i dag 6 % for lån som har vore renteberande i mindre enn 7 år, og 6,5 % for lån som har vore renteberande i 7 år eller meir. Den generelle markedsrenta ligg langt under dette. Forslagsstillarane meiner det er uakseptabelt at dei unge ikkje får del i rentenedgangen.