Innstilling frå utanrikskomiteen om endringar i Noregs utanriksrepresentasjon.

Dette dokument

1. Samandrag

       Med sikte på å utvikla eit administrativt apparat som er betre tilpassa måla og prioriteringane i utviklingshjelpa, legg Regjeringa i proposisjonen fram forslag til enkelte endringar ved norske representasjonar i Afrika, Asia og Latin-Amerika.

       Når det gjeld norsk representasjon i Afrika, gjer Regjeringa framlegg om å leggje ned ambassadane i Gaborone i Republikken Botswana og i Windhoek i Republikken Namibia, opprette permanente, integrerte ambassadar i Kampala i Republikken Uganda og i Luanda i Republikken Angola, styrkje ambassaden i Addis Abeba og oppgradere ambassaden i Kenya til integrert ambassade på ambassadørnivå.

       Når det gjeld norsk representasjon i Asia, blir det i proposisjonen vist til at ambassadane i Bangladesh og Sri Lanka vart oppgraderte til fullt integrerte utanriksstasjonar med faste ambassadørar i 1996, og opplyst at ambassaden i New Dehli inntil vidare vil ha ansvaret for utviklingssamarbeidet i Nepal. Regjeringa vil koma attende til spørsmålet om korleis samarbeidet med Nepal skal handterast i framtida.

       Når det gjeld norsk representasjon i Mellom-Amerika, vert det opplyst at den mellombels ambassaden i Guatemala og ambassaden i Nicaragua i 1997 blir gjorde om til permanente, integrerte ambassadar, samstundes som ambassaden i San José vert nedlagt.

       Når det gjeld kostnader i samband med endringane, vert det opplyst at det er ein føresetnad frå Regjeringa si side at endringane skal gjennomførast innanfor dei eksisterande budsjettrammene og stillingsrammene for Utanriksdepartementet og NORAD.

       Nedlegginga av ambassadane i Windhoek i Namibia og Gaborone i Botswana vil føra til at totalt åtte heimlar for utsende tenestemenn vert frigjorde og kan brukast ved andre stasjonar i samsvar med forslaga i proposisjonen. Omdisponeringane innanfor gjeldande stillingsramme vil vera nok til å dekkja dei behova for stillingar som er omtala i proposisjonen.

       Det vert opplyst at endringane i utanriksrepresentasjonen vil bli gjennomførte ved omdisponeringar innanfor budsjettrammene under kap. 101 Utanriksrepresentasjon, kap. 142 lokale representasjonar og kap. 143 Utanriksrepresentasjon i 03-området. Det vert lagt til grunn at endringane kan setjast i verk frå 1. oktober 1997.

2. Komiteens merknader og tilråding

       Komiteen har ingen merknader til dei føreslegne endringane i Noregs utanriksrepresentasjon, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I.

       Stortinget gir samtykke til at det vert gjort endringar i Noregs utanriksrepresentasjon i samsvar med forslaget i St.prp. nr. 41 (1996-1997).

II.

       Stortinget samtykkjer i at det vert oppretta og inndrege stillingar i samsvar med dei spesifiserte forslaga under kap. 101 og 142.

Oslo, i utanrikskomiten, den 16. april 1997.

Haakon Blankenborg, Anne Enger Lahnstein,
leiar og ordførar. sekretær.